Vellukka samling i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Des 2012
GHK gutar på regionslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Des 2012
Romjulscup i Firdahallen.
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Des 2012
I morgon, fredag 28.des, vert det spela romjulscup i handball i Firdahallen. På herresida skal G18, H3 og eksGHK spelarar gjere opp seg imellom, medan litt eldre og litt yngre damer skal sjå kven som er best av dei. Truleg vert det mykje god handball å sjå for dei som tek turen i hallen. Kampane startar kl 12 med kampen G18-H3, og varer ut over dagen.
Gloppen sitt hittil ubesigra 18 års lag for gutar skal opp mot tøff motstand, når dei møter litt eldre karar med hår på brystet i dagens første kamp :) |
GOD JUL
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Des 2012
GHK vil med dette få ynskje alle handballvener ei riktig god jul
Også Runar Helland Åmot til regionslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Des 2012
I dag kom beskjeden om at også GHK sin gode spelar Runar H Åmot er teken ut til regionslagssamling i Bergen i romjula. Frå før er Daniel H Reed og Ørjan Sundal tekne ut. Også Elise H Hansen var teken ut, men ho lyt diverre melde skadeavbod. Vi gratulerer Runar med uttaket.
Toppgruppa tar juleferie
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Des 2012
I dag var siste morgonøkt for toppgruppa før julefreden tar over. I heile haust har i snitt 14-15 unge lovande handballtalent trena styrke og basis to morgonøkter før skuletid kvar veke. At det gir resultater har vi sett mange døme på i den seinare tid. No tar dei ein velfortjent juleferie og lader batteria til nye økter i 2013.
"Planken" er tungt men effektivt :)
Flott gjennomført styrketest av toppgruppa i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Des 2012
Eirik Nedrehagen frå Idrettssenteret i Sogndal var i dag på plass i styrkerommet i Firdahallen og gjennomførte styrketest med toppgruppa. Målet i dag var Max5R i øvingane markløft, benkpress, knebøy og kroppsløft. I følge Eirik var det markant framgong over heile linja, og ein flott og positiv gjeng å arbeide med. Dette lovar bra for utviklinga for kvar enkelt handballspelar.
Runar imponerer med 140 kg i markløft |
Andreas Kleppe syner styrke i kroppsløft, medan Eirik føl nøye med.
|
Månadens talent i GHK for oktober og november er kåra
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Des 2012
Runar Gåsemyr og Lauritz Bjørnereim fekk prisen for månadens talent for henholdsvis oktober og november. Prisane vart delte ut i samband med heimekampane i Firdahallen i helga. Runar er ein sentral mann både på G18 og herrelaget, medan Lauritz er det same på G16. Vi gratulerer med prisane.
Lauritz, månadens talent i GHK for november
Som eit ledd i vår talentutvikling, og i tett samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, skal trenarkorpset og styreleiar kvar månad kåre månadens talent i GHK. Kriteriane vil vere ting som utvikling som spelar, treningsinnsats og frammøte, samt innsats i kamp.Åsmund på toppen i den lokale VM-managerkonkurransen
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Des 2012
Lokalopgør mod Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012
GHK har spillet mange treningskampe mod Stryn som ofte har været en vanskelig nøtt at knække. Edvin trakket over på fredagstreningen og vi mangler en af profilerne til lokalbraget.
Dagens to mestskårande for GHK, Jan Kristoffer og Bjørn Magnus med henholdsvis 7 og 6 mål. Jan Kristoffer vart også kåra til dagens GHK spelar. |
Begge lag starter bra og det står 2-2 efter 5 minutter. Stryn dækker offensivt og guttane spiller sig igennem til gode muligheder. Vi står godt i forsvar og kommer foran 6-3 på rush og ankomst. Ole Martin er særdeles god idag og brillierer med scoring og flotte assist. Stryn fighter sig tilbake og det står 7-7 efter 15 minutter. Stryn får en udvisning og Sundal er sikkerheden selv fra 7m. Åmot spiller med god attitude begge vejer og GHK trækker fra til 10-7. Jan Kristoffer kommer bedre og bedre ind på laget og finter ud forsvaret ti Stryn gang på gang. Efter 30 minutter og 33 scorede mål leder GHK 18-15 til pause.
Daniel redder denne straffa frå kampens toppskårar, Gunnar Sigurdson |
Arild er ikkje enkel å stoppe frå strek |
Alex "svever" inn eit av sine mål |
Stang ut for damelaget i 3.div. Tap mot Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012
Første omgong var for så vidt godkjent av heimelaget, og ein var ei stund oppe i seks måls leiing. Men Dale kom betre med mot slutten av omgongen og knappa inn på GHK si leiing. Elise H Hansen måtte ut med ei skade midt i første omgong, og då mista heimelaget mykje balltempo. Sjølv om Marte H Hansen skåra 8 mål og Heidi Sægrov 5 mål, makta ein ikkje å stå imot Dale sin kollektive innsats på slutten. Det som først og fremst svikta for heimelaget i andre omgong, var tempoet i angrep. Det vart for stilleståande og lett å lese for motstander. I tillegg var det mykje stang ut skyting. Her er det berre og brette opp armane, og trø til i kampane etter nyttår. Elise H Hansen vart kåra til dagens GHK spelar.
Målskårar i dagens kamp: Heidi Sægrov(5), Ingrid Gimmestad(1), Elise H Hansen(2), Marte H Hansen(8), Ingvild Slagstad(1), Torill H Gaasø(3), Katrine N Hole(3), Ragnhild Ryssdal(1).
Storseier til Gutane
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012
Eid/Haugen sitt unge mannskap vart idag eit enkelt bytte for våre gutar. Sluttresultatet vart 35-16.
Hans Sande med mange flotte mål i dag |
Kristian Henden med fleire flotte vingskåringar |
Jon Andreas Kornberg med gjennombrot og skåring |
Bra spel i periodar, trass tap mot Eid for J15
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Des 2012
GHK sitt J15 lag tok i dag imot nabo Eid til kamp i Firdahallen. Periodevis syner desse jentene at det bur mykje handball i dei, og den dagen desse periodane vert lange skal dei bil vanskelege å slå. I dagens kamp vart det tap 15-24 mot Eid, etter 7-13 til pause.
Ingen "sure miner" frå denne gjengen etter kampen, trass tap |
Jentene til Jostein V Ryssdal har tatt store steg sidan første kampen i haust. No byrjar ein verkeleg å sjå kva som bur i kvar enkelt av dei. I periodar syner dei stor speleforståelse og spelar "ball i hatt" med motstandaren, men dett litt for langt ned i andre periodar. Viljen til å truge motstandaren sitt forsvar vert stadig større, og bakover ser ein òg ein tydeleg framgong.
Silje Iren Hole Hervik er ei av mange flotte talentfulle jenter på dette GHK laget. |
I dagens kamp mot Eid, var det i første rekke Eid sitt tvillingpar Cecilie og Helga Leivdal som var den store trusselen mot våre jenter. Dei to laga over halvparten av Eid sine mål, og var vanskelege å få tak på. På heimelaget var det mange som tok ansvar framover, og heile seks teikna seg på skåringslista. Best av desse var stortalentet Susan Solheim Gjærløv med 4 mål. Men både Solgunn, Linda og Frøydis var tett bak med 3 mål kvar. Det skal verta spanande å fylgja denne gjengen framover, for ein sit heile tida med følelsen av at når dei først "knekker koden" vert dette strålande.
Jostein med "pep talk" i pausen |
Med i dagens kamp: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Lote(3), Linda Årdal(3), Susann Solheim Gjærløv(4), Oda Eide, Silje Iren Hole Hervik(1), Frøydis Seime Øygard(3), Julie Varpe(1), Jennie Falck.
Mange frå GHK til RUM samling i Årdal
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2012
Stor kamphelg i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Des 2012
Heile 4 GHK lag skal i elden på heimebane denne helga. Og alle 4 kampane er skikkelege lokalderby. På laurdag skal Jenter 15 møte Eid. På søndag går det slag i slag med Gutar 16 kamp mot Eid/Haugen, før K3 damene brakar ihop med Dale. Til slutt skal H3 herrane opp mot Stryn. Her er det berre for publikum å møte opp og spenne setebelta.
To store talent på GHK sitt J15 lag, Eli og Susann, er klar til å møte Eid på laurdag |
Første kamp ut er jentene til Jostein sin kamp mot nabo Eid på laurdag. Sist kamp til GHK var møte med Haugen, der jentene presterte årsbeste trass tap. Om dei fortset framgongen mot Eid, kan det fort tyde to poeng til heimelaget. Vi kryssar fingrane for at so skjer.
Første kamp på søndag er gutane sin kamp mot Eid/Haugen. GHK gutane topper tabellen etter mange kampar med fantastisk flott handball. Her møter dei truleg kvalifisert motstand, og må opp mot sitt beste for å vinne. Det trur vi desse gutane klarer om Torbjørn klarer å få rette tenninga inn mot kampstart.
Så skal damelaget i 3.div opp mot fylkesnabo Dale. Dale ligg to poeng føre GHK, men har fire kampar meir spela. Her håper vi damene kjenner si besøkelsestid, og sender Dale heim utan poeng. GHK har vore uheldig med skader denne hausten, og Amanda Veiteberg er ute i lengre tid med brot i foten. Likevel trur vi jentene til Kjell er "supertende" til å kjempe til siste slutt for to viktige poeng.
Siste kamp ut på søndag er lokaloppgjeret i 3. div for herrar mellom GHK og Stryn. Stryningane er så langt utan poeng etter fem spela kampar, medan karane til Bjørn har 3 sigrar og 2 tap på like mange kampar. Om GHK herrane skal vere med i toppen av divisjonen til slutt, må denne kampen vinnast. Og det trur vi dei gjer, om tenninga er der den skal vere.
GHK i toppen på EM-manager
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2012
Uavgjort mellom Vik og GHK 2
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Des 2012
K5 damene til Vik på laurdag
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Des 2012
Damelaget i 5. divisjon er einaste GHK lag i aksjon denne helga. Dei tar turen sør om Sognefjorden for å møte Vik i Blixhalli.
Både Malin og Eline er klar for kamp mot Vik |
Elise Heien Hansen til Regionslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Des 2012
Også Elise Heien Hansen er teken ut til samling for regionslag. Samlinga er i Bjarghallen 29. og 30. desember. Samlinga vert leia av regionslagstrenarane Andreas Berntsen og Jan Aase. Vi gratulerer Elise med uttaket, og ynskjer lukke til med samlinga.
Elise H Hansen er klar for regionalsamling
Daniel og Ørjan til samling for regionslag
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Des 2012
Månadens talent/Årets talent i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2012
I samarbeid med ein av våre hovudsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane, skal vi som eit ledd i vår talentutvikling kvar månad kåre månadens talent i aldersgruppa 15-19 år. Dette gjeld månadane oktober, november, desember, januar og februar. I mars skal vi kåre årets talent (gut eller jente). Årets talent treng ikkje vere nokon av månadsvinnarane.
Månadens talent (gut eller jente), vil få eit Visa gåvekort pålydande kr. 500,-. Årets talent vil få eit Visa gåvekort pålydande kr. 2500,-. Kriteriane for tildeling vil vere ting som treningsiver/frammøte, innsats på trening, utvikling som spelar og innsats i kamp. Jury vil vere trenarkorpset og leiar i GHK. Prisen vert delt ut i samband med ein heimekamp i Firdahallen, der prisvinnar deltek. Prisane for oktober og november vert delt ut i samband med kampane i Firdahallen neste helg (15. og 16. des).Tilbakeblikk GHK-FyllingenBergen G18
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2012
GUTANE TILBAKE PÅ SPORET
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Des 2012
|
Mikael tilbake i velkjent driv er ein viktig spelar for laget. |
Tre sentrale spelarar. Hans, Lauritz og Magnus Andre viste mykje fint i dag. |
Giganten i forsvar er også byrja å bli ein sikker straffeskyttar. I bakgrunnen seg vi dagens meget gode dommar Einar Eimhjellen. |
Knusande seier til herrane
Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012
Få problem for herrane i Førde i dag. |
Sander debuterte på herrelaget idag og scora 2 flotte mål. |
Banens beste spelar Runar Åmodt var i storslag idag |
Berre godord og finpuss i dagens pause. Trenaren var nøgd. |
Bom,bom,bom og uavgjort for damelaget mot Årstad 2.
Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012
Eit tydeleg "rustent og kampmanglande" heimelag måtte i ettermiddag nøye seg med uavgjort 24-24 mot Årstad 2 i damene sin 3.divisjon på heimebane i Firdahallen. Ved pause leia GHK 13-9.
Dagens spelar Benedikte Gåsemyr, heimelaget sin toppskårar Heidi Sægrov, og dagens maskott Tuva :)
Det var knyta usikkerheit korleis over ein månad utan kamp ville slå ut for heimelaget i dagens kamp. I tillegg måtte strategen og tempohaldar Elise H Hansen kaste inn handkledet før kampen på grunn av sjukdom. Også Amanda Veiteberg var uaktuell pga skade. Og det var heilt tydeleg at kamppausen ikkje var av det gode for heimelaget frå start. Dårleg tempo og mange personlege feil gjorde at Årstad 2 kunne leie i starten av kampen. Utover i første omgong kom heielaget betre med, og spesielt Heidi Sægrov framover og Benedikte bakover, gjorde at GHK kunne gå til pause med ei 4 målsleiing. Andre omgong vart ei framsyning i bomskot og enkle feil frå heimelaget si side. Sakte men sikkert kom Årstad opp i ryggen på heimelaget, og kampen låg og vippa dei siste 15 minutta. Benedikte Gåsemyr gjorde ein flott kamp i mål, og vart kåra til heimelaget sin beste spelar. Framover var det mykje som ikkje var bra i dag, men med meir kamptrening vil nok fleire melde seg skikkeleg på her. Kjekt å sjå unge Ragnhild Ryssdal med to flotte mål, og ho kjem nok til å markere seg på GHK framover. Heidi Sægrov får sjølvsagt godkjent med heile 9 skåringar. Men alt i alt fekk ein med seg eit poeng i ein kamp som kunne vippa begge vegar mot slutten, så her er det berre å sjå framover til neste heimekamp som er mot Dale om 14 dagar. Årstad sin beste spelar var Maylinn Hove, som sjølv med markering i størstedelan av kampen skåra 9 mål.
Desse var med: Marte H Hansen(4), Heidi Sægrov(9), Irene Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(2), Torill H Gaasø(2), Katrine Hole(3), Celina Nordbø, Ingun Berg, Ingrid Gimmestad(2), Linn-Kristin Øren, Martha S Eide, Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(1).
Jenter 15 med årsbeste, trass tap mot Haugen
Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2012
Spanande kamphelg i vente
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Nov 2012
Komande helg skal både dame og herrelaget i 3. divisjon spele kamp på laurdag, medan G16 laget skal i elden på søndag. Damelaget møter Årstad 2 i Firdahallen, medan herrelaget skal til Førde for å møte naboen der. Gutelaget tar imot Førde på heimebane.
Fem gutar som er klare for å kjempe mot Førde på søndag
For herrelaget sin del har sesongen så langt enda opp med 2 sigrar og 2 tap. Sist med eit knepent heimetap for studentlaget BSI. Førde sitt herrelag har kun slege Stryn på heimebane, ellers har det stort sett enda med til dels store tap for bylaget frå Sunnfjord. På heimebane vann GHK med 15 mål over Førde, og vi trur laget til Bjørn Roth vil gjere alt for å halde på trona som det beste laget i fylket. Einaste usikkerheitsmomentet er at det er over ein månad sidan siste kamp for GHK, så kampforma kan vere så som så.
Også damelaget har hatt ein lang periode utan kamp, men dette har truleg vore like greit då ein har slite med mange skadar siste tida. Til kampen på laurdag er det vel kun Amanda Veiteberg som er heilt uaktuell. Årstad 2 vert inga enkel oppgåve for damene til trenar Kjell Aske. Dei kjem frå uavgjort mot topplaget Voss, samt to store sigrar over Bjørnar 2 og Dale. Men med støtte frå eit entusiastisk heimepublikum, håper vi på ein knepen heimesiger og to nye poeng. Då vil ein framleis henge med heilt i toppen av divisjonen.
Gutelaget til Torbjørn Sælen skal møte Førde på heimebane. Begge lag har kun eit tap så langt. GHK ligg heilt i teten saman med Stryn, men Førde har spela ferre kampar og kan med siger her kome opp i ryggen på tetlaga. Truleg vert dette ein jevn kamp der heimebane kan vere avgjerande for resultatet i kampen. Begge lag kjem frå tomålssiger over Florø.
Ny SUM samling for jenter 97/98
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Nov 2012
Møbelringen Cup
Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2012
GHK si toppgruppe reiste i går til Bergen for å sjå nokre av verdens beste damelandslag i aksjon. Først såg vi Frankrike slå Danmark, før vi var vitne til ein spanande kamp der Norge til slutt slo Sverige med to mål.
Fullsett hall, Norge-Sverige, stor stemning:)
Grytidleg laurdag morgon var det avreise frå Firdahallen med 15 forventningsfulle ungdomar, som stort sett nytta turen nedover til Bergen til å forlenge nattesøvnen:) Vel framme i Haukelandshallen, var vi dei første som inntok tribuna og kunne på den måten få dei plassane vi ville. Fram mot kampstart Frankrike-Danmark, var det mange som nytta høve til å sikre seg dei norske landslagsdraktene. I den første kampen var det Danmark som sat i førarsete i starten, men Frankrike var alt i alt det beste laget og vann til slutt fortent.
Dagens spelar for Norge, Heidi Løke varmer opp
Fram mot Norge sin kamp mot Sverige, seig det på mykje publikum og hallen var stappfull (3300) då kampen starta. Norge hadde stort sett kontroll på sine svenske søstre, men kampen var jevn heilt til slutt. Stor stemning i hallen, og ei flott oppleving for GHK sine talentfulle ungdomar. På heimvegen måtte vi sjølvsagt innom burgersjappa i Åsane, før vi rulla inn mot Sandane ved midnatt.
Godt med mat etter ein lang dag.
J15 kampar avlyste
Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Nov 2012
Fyldig GHK tropp til Møbelringen Cup i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Nov 2012
Julenek 2012
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Nov 2012
GHK – Økonominemnda
Sandane Nov 12
JULENEKASKJONEN 2012
Årets Julenekaksjon vert tysdag 4. desember eller torsdag 6.desember dersom det passar betre. Neka er komne til Sandane. Det står berre att å selje dei. Dette er ei mangeårig tradisjon der dei aktive, foreldra og evt. andre stiller opp.
Julenekaksjoner er ein stor dugnad for GHK, og ei god inntekts kjelde. Vi har laga lister over dugnadane tidlegare i år, og har prøvt å plukke ut spelarar som ikkje har vore i aksjon fleire gonger før.
Aksjonen vert omtalt på førehand i Firda Tidend, slik at folk veit at dei får besøk, erfaringsmessig er det derfor mange som ventar oss.
Nokon ynskjer av ulike årsaker ikkje å kjøpe, då går det godt an å be om ei pengestøtte.
Juleneka er i år lagra på i Fiskå Mølle, blå hallen her kan gruppesjefane – med strek under namnet – hente nek.
Gruppesjefane skal og stille med bil.
Utlevering frå 17:00 til 19:00 begge dagar.
Ein frå økonominemnda vil vere på lagerplassen fram til kl 21:00, slik at de kan levere pengar og evt. nek som er til overs. (Vi gjer andre avtaler ved behov):
Det kan vere lurt å ta med plast el.l å legge neka på i bilen.
Alle oppsette har møteplikt, Høver det ikkje for deg, finn ein annen i din stad.
Pris pr nek kr 70,- To nek kan seljast for kr 100,-
Vi levere ikkje ut vekslepengar, ta med litt mynt og sedlar sjølv.
Lykke til!!
Helsing Økonominemnda : Sølvi, Else Torunn, Staffan, Rakel, Oddrun og Ann Kristin.
Julenekaksjon 2011
2012
Gloppen Handballklubb
RUTE OG SELJARAR
Pris: kr 70 per stk,2 stk kr 100,-
2011
2012
Kommentra
Hjelmeset - Jølet og opp svingane
35
Oda Eide
Ingvild Slagstad
Grustaket i Jølet - Krysset på Øyrane
35
Magnus Andre Moritsgård
Alexander Moritsgård
Krysset hjå Nedrebø - Krysset ved
Barnehagen + Kaalebakkane+ Solås
35
Runar Gåsemyr
Osmund Vereide
Vereide: Frå busskuret opp til Bakkelid -
frå barnehagern t.o.m Tystadbakken
10
Torill Henden Gåsø
Eline Åsebø
Frå Tystadbakken - Øyrakrysset
31
Irene Slagstad
Eli Kristin Arnestad
Vereide: Frå Busskuret til Aasebø-
15
Føleide -Rye
Ingrid Gimmestad
Elise Tystad
Gimle og Ytre Fjellbygda
19
Eirhild Alme
Solgunn Lothe
Indre Fjellbygda
20
Marie Kvamme
Susanne Gjærløv
Leirbrekka - Øyrane til
55
Fargehandelen (Øvre og nedre Linje)
+ Mølla
Peter Wilke
Mikael Alander
25
Elisabeth V. Hansen
Amalie Mundal
30
Sandane frå Fargehand. (inkl.opp bakkane)
20
- Gjestland - rundt Firda vgs. -Vonh.krysset
-nedre linje til Storebru
Malin K. Eikenes
Benedickte Gåsemyr
Kjørvika og Kandalen
25
Frøydis Seime Øygard
Ayla Myklebust Seime
Ryssdalen-Søreide - Storebrua
25
Ragnhild Ryssdal
Ørjan Sundal
Bukta: Mardal, Fitje til krysset mot Rygg
30
Sander Nesdal
Ingunn Berg
Ingolfkrysset - Nedre Arnestad -
30
nedre Gimmestad, nedre Rygg, Sande
Erlend Ulvestad
Hans Sande
Grov,Rauset, Sandefeltet
40
Åsmund Sælen
Vegard Sælen
Ingolfkrysset - Øvre Arnestad
20
Øvre Gimmestad - Øvre Rygg (bru til
Grov - Heggadalen)
Ole Martin Flatjord
Bendik Eikenes
Devik - Hestenesøyra
25
Olav Devik
Evald Devik
Valborgkleiva - Grasdalen
15
Andreas S. Kissner
Daniel Hjohlman Reed
Bustadane ved sjukeheimen (frå
Sion til krysset på dammen -
Begge sider
Kristian Henden
Runar Åmot
15
Kleivedammen, frå kanten av
25
Ulvesbakken - Mona- Eide(inkl.
Åsavegen frå krysset ved Sandane Kyrkje)
Martha Sofie Eide
Amanda Veiteberg
Gotavegen -Ulvesbakken
30
og Åslyvegen
Benedicte Vederhus
Sofie Djupegot
Åsen: Lyngvegen, Kreklinga
25
Porsvn.
Hanne B Bjørshol
Julie Varpe
Åsen: Vonheimsbakken, Åsavegen
20
(til krysset ved Sandane Kyrkje)
Orevegen, Evebøvegen
Elise Heien Hansen
Benedicte Lotsberg
Åsen: Furelia, Søråsen, åsahøgda
30
Silje Iren Hervik
Ingeborg Volle
Åsen: Nordåsen, Åsaberget
20
Paul Remi Kvandal
Bjørn Magnus Nystad
705
* Namn med strek under har hovudansvar for bil med sjåfør..
* Alle har møteplikt til denne dugnaden. Dersom det ikkje høver må de finne ein person i staden
er må finne ein person i staden
* Det kan vere lurt å ta med plastikk el.l til å legge juleneka på i bilane
* Vekselpengar må de syte for sjølve
NB!! Dersom det får for lite nek på oppsett rute, kom og hent fleire,
det er viktig at vi får selt dei neka vi har kjøpt inn.
MVH
For Økonominemnda i GHK
Oddrun
Else Torunn
-48 998 088
(9086 17 17)
G-16 med 2 poeng i Florø
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2012
Med Erlend i Oslo og Hans Måløy der han sto fadder, var det knytta stor spenning til om resten av gjengen kunne knekke Florø denne helga. Gunnar Atle vikarierte som lagleiar i Torbjørn sitt fråvær, og greidde å dra i land sigeren i ein tett og jamn kamp.
Rapportane fortel om uavgjort 12-12 til pause, og GHK i føring stort sett heile andre omgangen. Var på det mest oppe i 4 målsleiing. Sluttresultatet vart 26-24 til Gloppen, og to nye poeng. GRATULERA vi er framleis med i tetsjiktet.
Desse var med: Måge i mål, Jon Andreas, Sindre, Håvard Magnus, Kristian 1, Peter, Magnus Andre 7, Lauritz 9, Sander 4, Mikael 5. Magne Moritsgård stødig sjåfør.
GHK sitt damelag i 5.div med to flotte sigrar i helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Nov 2012
GHK sitt gode 5.divisjonslag har denne helga sanka 4 nye poeng. I går vann dei 28-27 over Eid i ein svært spanande kamp, medan dei i dag "feia" Aurland av bane og gav seg ikkje før det stod heile 39-14 i målprotokollen. Meir info om kampane kjem kanskje etterkvart.
Trenar Ragnhild og tausene :) (arkivbilete) |
Amputert kamphelg
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Nov 2012
Komande helg vert ei litt amputert kamphelg for GHK. Både damelaget i 3.divisjon og G18 laget har fått utsett sine kampar denne helga. Men damelaget i 5. divisjon skal spele dobbelkamp, først mot Eid borte på laurdag og deretter mot Aurland heime på søndag. Gutar 16 skal til Flørø for å møte heimelaget der på søndag.
Dobbelkamp i vente for Eline og Malin |
GHK gutar på regional landslagssamling i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Nov 2012
Daniel Hjohlman Reed og Ørjan Sundal gjorde begge ein flott innsats under dagens regionale landslagssamling i Haukelandshallen i Bergen. Samlinga vart leia av landslagstrenar for LM94, Einar Veierød, med god assistanse av regionlagstrenar Rune Kristiansen.
Landslagstrenar Einar Veierød var godt nøgd med innsatsen til våre gutar.
I to knallharde økter vart dei beste gutane i vår region (94 og 95 mod) drilla i øvingar som forsvarsspel, hurtige overgangar, rush og etablert angrep. Kvaliteten og intensiteten på øvingane låg på eit høgt nivå, men våre gutar gjorde ein god innsats. Alt i alt ein fin dag, men trøtte bein på veg heimatt :)
Her er det GHK mot GHK
Tøffe tak på strek for Ørjan
Tap mot Stryn for G-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2012
Toppkamp i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Nov 2012
GHK jenter til SUM samling i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Nov 2012
Eli Kristin Arnestad og Frøydis Seime Øygard er tekne ut til SUM samling for jenter97-98. SUM samlinga er lagt til Lindåshallen ved Knarvik, og helga inkluderer også ein tur til Haukelandshallen på laurdagen for å sjå Møbelringen Cup. Vi gratulerer jentene med uttaket og ynskjer lukke til.
G-18 med ny siger
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Nov 2012
Daniel "The Wall" viste keeperspel vi knapt har sett maken til i Firdahallen før, då 18-åringane kunne putte ein ny skalp i beltet. I dag var det Kjøkkelvik som fekk kjenne på GHK -gutane sine musklar. Dei imponerer stort bakover og bergensgutane kom nesten ikkje til målsjangsar. (Arkivbilde) |
GHK har verkeleg noko på gang med denne gjengen. Det virka som den auka treningsinnsatsen er byrja å gjere seg gjeldane, og vi står ikkje lenger med lua i handa nå vi møter gode lag frå Bergen.
Ørjan og Daniel til regional landslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2012
Både Ørjan Sundal og Daniel Hjohlmann Reed er tekne ut i troppen til regional landslagssamling for gutar fødd i 94-95 i Haukelandshallen tysdag 13.november. Daniel er sjølvsagt teken ut som keeper, medan Ørjan er teken ut som strekspelar. Dette er ei fin "fjør i hatten" for begge to, og vi gratulerer og ynskjer dei lukke til på samlinga.
K5 damene til Florø på torsdag
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Okt 2012
GHK med stor tropp til RUM samling i Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Okt 2012
GHK stiller med den suverent største troppen til RUM samling i Fjalerhallen i Dale 10. og 11. november. Heile 13 spelarar er teken ut, og det syner at nivået i klubben er høgt.
Amanda Veiteberg er blant dei uttekne til samling |
Desse er tekne ut av NHF Region Vest: Elise H Hansen, Irene Slagstad, Amanda Veiteberg, Ørjan Sundal, Vegard Sælen, Evald Devik, Daniel Hj Reed, Runar Åmot, Osmund Vereide, Sander Nesdal, Lauritz Bjørnereim, Magnus-Andre Morritsgård og Mikael Alander. Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til.
Samlinga føregår som sagt i Fjalerhallen. Lørdag start kl. 12.00-20.00....middag 20.30. Søndag frå 09.00-13.30. Overnatting er på Dale VGS.
Herrane tapte mot BSI
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012
GHK sitt 3.divisjonslag for menn tapte heimekampen mot BSI 28-31, etter å ha lege under 15-20 til pause. Sjølv om heimelaget sin Edvin Øygard sette inn 10 mål åleine, var det ikkje nok mot eit godt BSI lag.
Dagens spelar på heimelaget, Edvin Øygard, samt Jan Kristoffer Sletteland, prøver det dei kan for å stoppe BSI. I bakgrunnen ser vi Runar Gåsemyr. (foto:Jan N Hansen)
Bortelaget kom best i gang i Firdahallen og tok leiinga tidleg. Utover i første omgong var det tydeleg at heimelaget sleit med å demme opp for BSI sine spelarar Jørn Aadne Ram, Fabian Tandberg og Håkon Dalsbø. Desse fekk gang på gang sette ballen bak ein ellers god Daniel Reed. Desse 3 spelarane sette inn 25 av bortelaget sine mål. I andre omgang kom GHK betre med, og etter 20 min var dei ajour på stillinga 21-21. Dei mange tilskodarane i hallen venta då på at GHK skulle sette inn nådestøtet i kampen, men det var bortelaget som ville mest og som kunne juble for siger 31-28. Best på heimelaget var utvilsomt Edvin Øygard, som sette inn 10 mål. Men her er fleire sentrale spelarar som ikkje melde seg på i denne kampen, og når nivået er så høgt som det er i 3.div, er det vanskeleg å vinne slike kampar.Tap for J15 borte mot Skavøypoll
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012
G16 med dagens dobbel i Årdal.
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012
GHK sitt gode 16års lag for gutar var i dag i Årdal og slo begge Årdalstangen sine lag. 25-24 og 29-27. Meir om denne kampen kjem seinare når trenaren er komen vel heim att. Frå Årdal har vi fått bilde av dagens vinnarlag :)
Årdalstangen-Gloppen 24-25 (13-13)Super kamp av Sander mot Årdalstangen 2 idag. Han var ustoppeleg og gav seg ikkje før han hadde putta 10 mål. |
Stortap for K3 damene mot Voss
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2012
Det gjekk diverre ikkje vegen for damene våre i dagens heimekamp mot Voss. Til slutt kunne jublande Vossatauser gå av bana med ein solid 30-18 siger over eit tafatt heimelag. Stillinga ved pause var 16-9 til Voss.
Dagens GHK spelar Torill H Gaasø, prøver å stoppe ei Vossetaus. Bak Irene, Ingrid og Ingvild. (foto:Jan N Hansen)
Det var knytta visse forhåpningar til at heimelaget skulle kunne slå gjestane frå Voss i denne kampen. Men bortelaget tok tak i kampen frå start. Sakte men sikkert drog dei frå heimelaget og kunne gå til pause med ei komfortabel 16-9 leiing. Der det gjekk stang inn for Voss, gjekk det stang ut for GHK. Amanda Veiteberg var toppskårar for heimelaget med 4 mål. Prisen for dagens GHK spelar gjekk til Torill H Gaasø, som saman med Helene Sundal i mål, var dei mest positive i eit heller "bleikt" heimelag. Denne kampen må ein berre gløyme snarast råd er, og heller sjå fram mot neste kamp.
Desse var med: Benedikte, Helene, Ingrid(1), Ingunn(1), Heidi(3), Elise(3), Irene(1), Torill(3), Marte SE, Katrine, Ingvild(2), Amanda(4), Ragnhild, Elisabeth.
Flott siger av J15 mot Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2012
GHK sitt jente15 lag slo i dag Stryn 2 8-4, etter fortjent 3-0 leiing ved halvtid. Sjølv i ein kamp med lite mål, synte jentene til Jostein klar framgong frå forrige kamp.
To av kampens profiler. Eli Kristin som ein levande vegg bakerst, og kampens toppskårar Susann med 3 mål. |
Bakover på bana syner jentene svært godt forsvarsarbeid, og bakerst står Eli Kristin Arnestad som ein levande vegg. Trur vi allereie no kan slå fast at her har GHK eit keepertalent av dei skjeldne. Kjekt å sjå at også fleire og fleire melder seg på utover i kampen, og sigeren i dag er heilt klart ein stor lagsiger. Første omgong vart svært målfattig, takka vere godt forsvarsarbeid og ein god keeper bakerst. Framover på bana er det fortsatt ein del ting og ta tak i, men av og til ser ein flotte kombinasjonar som resulterer i skåring. Tydeleg at Jostein arbeider godt med å få jentene til å bli betre.
Full kontroll av våre jenter heile kampen gjennom. |
Andre omgong er mykje ein repitisjon av første. Godt forsvarsspel, men enno betre utteljing framover. Fleire vågar å avslutte, og dette er kanskje den største forbetringsdetaljen for jentene. Den dagen fleire vågar å gå på mål oftare, vert det mange lag som kjem til å slite mot dette GHK laget.
Desse var med i dag: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Reed Lote(1), Linda Helen Årdal(1), Frøydis Seime Øygard(1), Susann Solheim Gjærløv(3), Oda Eide, Jennie Agnete Falck, Silje Iren Hole Hervik(1), Julie Varpe(1), Maria Kvamme.
G16 til Årdal, J15 til Måløy...på søndag
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2012
Det er venta hardare motstand i Årdal, men vi trur Torbjørn sine gutar kjem heim med minst to poeng, kanskje fleire.
J15 laget til Jostein spelar som kjent i Firdahallen i morgon mot Stryn 2, men skal også til Måløy for å møte Skavøypoll på sondag. "Poljen" har tre strake tap, og skulle vere overkomeleg motstand for jentene våre. Vi trur GHK sitt lag vil verte betre og betre for kvar kamp, og ser fram til kampane i helga.
"Superlaurdag" i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2012
Første kamp ut på laurdag er jentekampen mellom GHK og Stryn 2. Stryn 2 er komen til etter sesongstart, og vert ein kamp eg trur Jostein sine jenter har gode moglegheiter til å vinne. I første heimekampen tapte ein mot Stryn 1, men den kampen synte at her er mange jenter, som med meir kamptrening og trening i lag, kan yte dei fleste laga i serien god motstand.
Så er det klart for damekamp mot Voss. Det unge GHK laget har overraska dei fleste så langt i årets sesong. Jentene står med 4 strake sigrar, og møter her eit lag som truleg er omlag på same nivå. Voss kjem frå ein storsiger over Bjørnar 2, og har truleg mykje sjølvtillit i bagasjen med til Sandane. Korleis dette vil slå ut i kampen på laurdag gjennstår å sjå, men underteikna er budd på nye spanande minutt langs sidelinja.
Herrelaget møter så BSI. BSI har så langt 1 siger og 3 tap, men har møtt gode lag som Os og Kjøkkelvik. Vi trur at om gutane til Bjørn Roth-Andenes skal halde liv i opprykksdraumen, skal denne kampen vinnast. Utifrå kampane så langt i sesongen, og ikkje minst kampane til G18 laget, vil eg tru at GHK er favoritt. Herrelaget til GHK denne sesongen er ei flott blanding av G18 laget og nokre fantastisk gode "veteranar". Når laget får spelet til å gli som vi veit dei kan, er det truleg berre Os som er like gode i årets 3.divisjon.
Toppidrett handball med besøk frå NHF
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Okt 2012
Dei som har valfag Toppidrett handball ved Firda vgs fekk i dag besøk av Rune Kristiansen frå NHF Reg Vest, som saman med vår eigen herretrenar Bjørn Roth-Andenes, gjennomførte ei flott treningsøkt med våre handballtalent i skuletida.
Rune Kristiansen (i midten) i full sving med dagens økt. |
Meir om dagens økt kjem etterkvart.
GHK gutar på SUM samling i Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2012
5 gutar frå GHK har i helga vore på SUM96(soneutviklingsmiljø) samling i Stryn, under kyndig rettleiing av Geir Giil.
Lauritz, Magnus-Andre, Sander, Andreas og Mikael er flotte ambasadørar for GHK.
Gutane gjennomførte ei økt laurdag kveld, samt 2 økter i dag. SUMmiljøet er ein viktig arena for unge handballtalent som ynskjer å satse på handball. Herifrå går vegen vidare til regionale miljø. Uansett er det flott at GHK har heile 5 gutar med her.
Heile gjengen samla.
G-18 Imponerer
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2012
G-16 og G-18 har de senere år haft mange sure 1 og 2 målstab til Fyllingen og gutta var revancelyste før opgøret. Den vaneligvis meget positive til tider på grænsen til det overmodige trener havde tippet 25-20 før kampen. Fyllingen havde for 14 dage siden kvalificeret sig til sparserien men har 2 spillere ude med skade.
Gutta starter med ballen og kører en kjell(aske) der Vegard Sælen bliver helt fri med keeper skorer let til stillingen 1-0. Daniel plukker Fyllingen afslutningen ankomst og 2-0. De første 8 minutter var der kun et lag på banen og stillingen var 6-1. Ingen havde forventet denne åbning på kampen. Intensiteten i forsvaret går lidt ned Fyllingen skorer 2 hurtige mål og er med i kampen 6-3. De næste 10 minutter er GHK 2-3 mål foran og begge lag presterer flot håndball. 6 minutter før pause er stillingen 10-7 og første 7 er er tilbag på banen. Perioden vindes 4-0 og huskes for millimeter precise rushpasninger fra D.J-Reed og en doppelredning som tok modet fra fyllingen spillerene.
I begyndelsen af andre omgang viser Fyllingen at de har spillet mange tøffe kamper før og henter ind GHK forspringet på 5 minutter. Kampbilledet var vendt på hovedet tekniske fejl fremme og dårlig forsvarsspil førte til stillingen 15-14. Tilskuer holder pusten og trener tager time-out. Herefter tager magic Moritz og Ørjan the Stallone Sundal ansvar og viser samspil i høj klasse. Kommer forsvaret frem ballen ind til Ørjan som med 1 til tre spillere på ryggen gang på gang klarer at få ballen forbi keeper. Bliver forsvaret inde på 6 meter er keeper chanceløs mod Moritzgård og Gåsemyr. Man må ikke glemme meget vigtige scoringer i denne tette periode af Hans Sande som lobber i det korte og Os Vereide som på mirakuløsvis skorer fra 0 grader. Rocky Aamot viser attitude og tager en skoring coast to coast da han får frimærke på sig. Gutta ser sig ikke tilbake og 15-14 bliver til 30-21. Kampens bedste for GHK var Ørjan Sundal og Alex Moritzgård efterfulgt af mange meget gode prestationer. Idag var vi gode.
Tap på Leikanger
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012
G18 spelar toppkamp på laurdag
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012
GHK sitt gode 18års gutelag skal spele heimekamp mot topplaget FyllingenBergen i Firdahallen på laurdag. Sjølv om GHK kun har spela ein kamp og FyllingenBergen to kampar sålangt, er det mykje som talar for at det er to av dei beste 18års laga i serien som møtast her.
Klarer desse gutane ein ny siger, denne gong på heimebane? Her etter sigeren over Stord Elite på bortebane.
GHK opna med smått utrulege 25-20 siger over Stord Elite på bortebane. Utifrå det vi såg i den kampen har GHK dobbel dekning på alle plasser utan at det svekker laget i stor grad. Det var kanskje skildnaden på dei to lage i den kampen. FyllingenBergen opna med uavgjort mot nettopp Stord Elite, før dei knuste Sotra heile 29-12 på heimebane denne veka. GHK hadde spionar på tribuna i den kampen, og her er det verdt å merke seg at Sotra på langt nær held nivået til dei andre laga i divisjonen. Såleis skal ein ikkje legg alfor mykje i dette resultatet, men at det vert ein tøff kamp for våre gutar på laurdag er nok sikkert. Om GHK kjem opp på det nivået dei var mot Stord Elite, trur vi likavel FyllingenBergen skal få slite for poenga i "Fort Firdahallen". For dei som vil oppleve fartsfylt og fin handball, er nok Firdahallen rette staden på laurdag ettermiddag kl. 14.30.
GUDD LØKK (som Hege ville sagt)
K5 damene til Leikanger i kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012
June i vinden!
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Okt 2012
Les om vår eiga June Andenæs på nrk.no/sfj. Søndag ventar Flint/Tønsberg borte før Byåsen tek imot Larvik heime onsdag 17.10. Følg med følg med!
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8355867
Stimuleringssamling på Fosshaugane Campus
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Okt 2012
Lokaloppgjer i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Okt 2012
Lokaloppgør er alltid vanskelige kampe selvom GHK på forhånd var tippet som favoritt til opgjeret. Gutta havde stor lyst til at tage revansje efter tab forrige helg.
Arild Fjellestad Tystad set inn eit av sine fire mål.(foto:Aadne Gloppestad)
Førde er godt med i begyndelsen og det står 2-2 efter 4 minutter. Gutta ønsker at presse op farten og glider fra til 6:3. Førde tager time out og resten af omgangen kan betegnes som 20 minutters natten. Når vi kommer til klare chancer skyder vi ret på keeper og når vi har fintet os helt igennem på 6 meter vil vi spille ballen til en anden fri spiller og taber ballen. Vi spiller 7-7 resten af omgangen og det lovede festhånbold var ikke til at se.
Fra starten af 2. omgangen var det de unge kræfter som viste vejen. Moritzen holder Moritztime med en opvisning af håndbold i høj klasse. Manden skorer både udefra og i gennembrud når han ikke skorer selv er det no look pass til Bjørn Magnus som er sikker som banken. Efter 5 minut er stillingen 17-10 og trenerens blodtryk på vej unnder 200 i overtryk. Efter 10 minut er det 19-12 og det er tid for comeback treneren skifter sig selv ind og starter straks med en fejlpasning og mål bakover. Hege Roth-Andenæs kunne ikke være mere flau på de tidspunkt, men så vender det. Jan og Edvin finder storspillet frem treneren lobber fra spids vinkel og keeperen så ud til at tænke det var sådan de skød på 70 tallet.
Bjørn Magnus Nystad er i storform og skåra 7 hye mål frå strek. (foto:Aadne Gloppestad)
Vi vinder perioden 10-3 og leder 29-15 og kampen er i realiteten over. Sundal og Rocky får samspillet til at fungere på venstresiden og GHK cruiser inn til en fortjent 38-23 sejer. Anden omgang var mindeværdig og første har vi allerede glemt. Tak til de mange som kom i firdahallen. Vi glæder os til storkamp i G18 GHK mod Fyllingen Elite om 14 dage.
Ny fantastisk siger til damelaget i 3. divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2012
GHK sitt damelag i 3.divisjon sluttar ikkje å imponere. I dagens heimekamp i Firdahallen var det Gneist som kom til kort mot våre damer, då GHK snudde kampen etter pause og kunne gå jublande av bana med ein feiande flott 25-23 siger.
Glade jenter etter den fjerde strake sigeren i 3.divisjon |
Før sesongen var det mange som tippa årets utgåve av GHK sitt damelag som ein klar nedrykkskandidat etter dei mange avgongane av spelarar etter fjorårets sesong. Men etter ein litt svak start i første kampen, har damene synt at dei absolutt vert å rekne med, også i år. I dag var det klart for den andre heimekampen mot eit lag som er tippa høgt oppe på tabellen. I første omgong var det også bortelaget Gneist som styrte kampen. Anført av ei god Maren Clementsen leia dei heile første omgong og kunne gå til pause med ei klar 16-12 leiing. Heimelaget sleit med ein del dårlege valg i etablert angrep, og klarte heller ikje å stå godt imot bakover.
Dagens spelar Elise H Hansen og Benedikte Gåsemyr som hadde ein fantastisk andre omgong i målet. |
Men i andre omgong kom jentene på bana med klar innstilling på å kjempe for poenga. Eit langt betre forsvarspel gav rom for hurtige kontringar og etter 13 min var dei ajour på 19-19. Derifrå og ut vart det ein fantastisk underhaldane kamp. Benedikte Gåsemyr stengde målet bakover, og framover synte Elise H Hansen variert og godt angrepsspel. Syster Marthe H Hansen dundra ballen i vinkelen til 20-19, og frå då av var aldri Gneist føre. Amanda Veiteberg feia inn 21-19, før dagens spelar på heimelaget, Elise H Hansen la på til 22-19 og 23-20. Så fekk GHK ei 2min utvisning og straffe imot. Den redda Benedikte, og jentene kunne "jobbe" inn 25-23 siger til stor applaus frå eit talrikt heimepublikum. Trenar Kjell Aske var sjølvsagt nøgd med den fjerde sigeren på rad og to nye poeng, men strekar under at jentene har meir å gå på. Og det lovar godt for eit ungt, men stadig betre heimelag. Underteikna må berre "ta av seg hatten" for ein ny fantastisk "triller" av damene våre, og det er berre å gratulere med 2 nye poeng.
Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Helene Sundal, Marte H Hansen(6), Elise H Hansen(5), Heidi Sægrov(2), Ingrid Gimmestad, Amanda Veiteberg(3), Torill H Gaasø(3), Irene Slagstad(6), Ingvild Slagstad, Ragnhild Ryssdal, Ingunn Berg, Marthe Sofie Eide, Elise Øygard.
Heimekamp både for dame og herrelaget i 3.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2012
Damene til Kjell får den ultimate test kor laget står, når ubesigra Gneist kjem på besøk. Bergenslaget står med to strake sigrar, og er venta heilt i toppen av 3.divisjon. GHK kjem frå oppløftande sigrar i Bergen sist helg, og har med seg ein god porsjon sjølvtillit inn i denne kampen. Til denne kampen er Celina Nordbø ikkje med, og fleire slit med småskader etter sist helg. Likevel håper vi at det unge GHK laget vil gje Gneist kamp om poenga, og får synt seg fram frå si beste side ovanfor heimepublikumet. Underteikna tar gjerne ein ny "gysare".
Herrelaget får besøk av naboen frå Førdebyen. Førde har spela kun ein kamp, og den enda med "braktap" for BSI. GHK kjem frå tap i toppoppgjeret mot Os sist helg, og er nok meir enn gira på å koma attende på vinnarsporet i denne kampen. Faren her er at dei er overtende, men vi trur Bjørn klarer å motivere dei rett slik at publikum får ei feststund når Edvin & co entrar golvet på laurdag. Vi trur Førde må reise heim utan poeng!
Daniel og Ørjan til regional dagsamling.
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Okt 2012
Daniel Hjohlman Reed og Ørjan Sundal er uttekne til regional dagsamling for G95/96 i Haukelandshallen tysdag 16. oktober. Samlinga startar 09.30, og er ferdig ca kl. 15.00. Vi gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til. Heile uttaket finn du her http://www.handball.no/p1.asp?p=37364
Ny sterk bortesiger av damelaget i Bergen i dag.
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Sep 2012
Etter gårsdagens dramatiske kamp mot Fyllingen, var det venta tøffare motstand i dagens kamp mot NHHI. Men jentene imponerte med ein feiande flott kamp og siger 32-28.
I gårsdagens kamp var jentene gode i ein omgong, men i dagens kamp hadde dei bestemt seg for å trø til i to fulle omgongar. I følge trenar Kjell var dagens kamp ein solid lagsiger der mange "melde" seg på. Marte HH "prikkskyt" 9 ballar i nota, Amanda og Celina tar mykje ansvar, og arbeidsjernet Irene er høgt og lavt. Men som sagt, ein solid lagsiger. Dermed reiser damene heim med full poengpott, og ein god porsjon sjølvtillit etter helgas to kampar i Bergen. Pauseresultatet var 17-11 til GHK.
Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Linn Kristin Øren, Heidi Sægrov(4), Celina Nordbø(5), Marte H Hansen(9), Elise H Hansen(2), Torill H Gaasø(3), Irene Slagstad(5), Amanda Veiteberg(4), Ingrid Gimmestad, Ragnhild Ryssdal, Elisabeth V Hansen og Ingvild Slagstad.
Stærk G18 prestation
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012
2 måneders hård trening er over, nu skulle vi se om gutta kunne måle sig med et af de stærkeste lag i regionen Stord Elite.
Sterk kamp av G18 laget i dag. Då er det greit med jubel. |
I begyndelsen af kampen skiftes lagene til at lede. Gåsemyr er sikker som banken og hamrer den ene ball efter den andre i mål. Fra stillingen 4-4 er det Stord som leder, 10-7 på det meste. Stord er gode på rush men sliter i etableteret angreb. I timeout aftaler vi bedre returløb og mere trykk i ankomst. Dette giver pote og 5 minut senere leder GHK 10-11. I al glæde over målfesten forærer vi Stord et par gratis chancer og og de fører 12-11 til pause. I andre omgang havde gutterne bestemt sig. Høj fart, flotte kombinationer gør at ledelse bar vokser til 14-18 og 17-22. Ørjan tryller på stregen og Vegard Sælen scorer på 5 af 6 mulige. Stord klarer ikke at stoppe ham med lovlige midler og helt frit foran mål bliver han most af 2 Stord spillere.Det ser længe ud som brudd men heldigvis er det bare blodansamling og Vegard kan begynde at løbesidst i næste uge.
Ein av kampens store profiler, dagen derpå :) |
Runar (rocky) Åmot er kommet flot ind på laget og leverer. Alle melder sig på og spiller en god kamp som GHK til sidst vinder 20-25 over storfavoritterne.
Laget: Hjolmann Reed, Devik, Alander(1), Ulvestad (1), Å.Sælen (1), V. Sælen (5), Sundal (4), Gåsemyr (7), Kissner, Hauge(2), Åmot, Moritsgård(2), Flatjord(3), Vereide(1).
Damelaget i 3.divisjon slo Fyllingen 2 i dramatisk kamp
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012
K5 damene med ny heimesiger (oppdatert)
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Sep 2012
Damelaget i 5.divisjon gjorde ein ny flott heimekamp då dei knuste sognelaget Fjøra 30-20 på heimebane i Firdahallen i dag. Stillinga ved pause var 15-9 til GHK. Kampens store profil var Malin Eikenes som skåra smått utrulege 13 mål. K3 neste, Malin?
Malin Eikenes (til venstre) med 13 mål i kampen. Sofie Djupegot med 2 mål. (arkivbilde) |
GHK sitt damelag i 5.divisjon har fått ein pangstart på årets sesong. Lørdag ettermiddag kom den andre strake sigeren, då sognalaget Fjøra vart sendt heimatt til Sogndal med 10 minusmål i bagasjen. Jentene til Ragnhild gav seg ikkje før det stod 30-20 i kamprapporten. Kampen sin store profil må seiast å vere fotrappe Malin Eikenes som sette heile 13 ballar i nota bak Fjøra si målvakt. Ellers var det gledeleg at Elise Øygard var tilbake på bana att, og at Helene Sundal, etter mange års fråvær, var på plass mellom stengene igjen. Håpet er at helsa "held", slik at desse to kan vere med å bidra på eit eller anna nivå i GHK framover. Frå K3 laget var Ingunn Berg henta inn som forsterkning.
Frå start av kampen var det GHK som tok leiinga og held seg 2-3 mål føre. Etter ein litt dårleg forsvarsperiode, tok Fjøra innpå og gjekk forbi med 2 mål. Men jentene skjerpa seg og kunne gå til pause med 6 måls leiing. Andre omgong starta med eit par kjappe Fjøramål, men så gira jentene opp eit par hakk og såg seg aldri tilbake. Godt forsvarspel og høgt tempo i angrep gjorde at GHK til slutt vann med 10 mål.
Desse var med på den flotte sigeren: Benedikte Vederhus, Helene Sundal, Eline Aasebø, Malin Eikenes(13), Sofie Djupegot(2), Anne Kristin Haraldsvik(3), Turid Vilgun Aspheim, Benedikte Lotsberg(1), Marie Zachariassen(1), Ingunn Berg(5), Elise Øygard(4), Elise Tystad(1).
Handballfamilien til Bergen denne helga!
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2012
Komande helg reiser både G18, K3 og M3 til Bergen for å spele handball. Kun damelaget i 5.divisjon har heimekamp, då dei møter Fjøra frå Sogndal i Firdahallen på laurdag.
Kjell og damene er blant dei som skal til by,n
Ei fyldig tropp reiser som sagt til Bergen denne helga. Først ute til kamp er G18 laget som møter Stord Elite i Bjørnarhallen på laurdag. Då dette er første kampen i denne serien, veit vi lite om kor vi står i forhold til dei andre laga. Men truleg møter gutane våre tøff motstand. G18 laget er samansett av mange som også spelar på H3 laget, samt nokre andre 95 og 96 modellar. Vert spanande å sjå korleis dei fungerer som lag.
Laurdag ettermiddag møter så K3 damene Fyllingen 2 til kamp i Framohallen i Fyllingsdalen. Fyllingen har så langt tapt for Os 2 og slege Årstad 2 med heile 11 mål. Våre damer kjem frå ein flott siger på heimebane sist over Askøy. Til kampane i Bergen kjem Celina og Marte over frå Oslo, og vil såleis forsterke laget i helga. Korleis dette vil slå ut gjennstår og sjå, men vi trur på poeng for damene i Bergen.
Søndag møter dei NHHI i Lehmkuhlhallen. Studentlaget har sålangt ikkje spela kamp så her veit vi ingenting, men tradisjonelt har dei eit brukbart lag så våre jenter får nok å bryne seg på her. Som sagt, vi trur poengmoglegheitene er store i helgas to kampar og tida vil syne om vi trur rett :)
Søndag skal også herrane i aksjon mot ein av opprykksrivalane, Os. Dette vert nok ei nøtt for Bjørn og gjengen hans, men vonaleg vil våre tapre menn gje kamp til døra. Os har ikkje spela kamp enno, men er venta, og tippa heilt i toppen. GHK kjem frå ein overtydane siger heime mot Kjøkkelvik sist, og har nok ambisjonar om å ta poeng frå Os. Vår nysignering, Jan Kristoffer Sletteland, vil venteleg få sin debut her.
Som einaste lag på heimebane denne helga, skal K5 damene ta i mot Fjøra til kamp i Firdahallen på laurdag. Damene overtydde i første kampen og sende eit anna sognelag, Syril, heim med stortap. Fjøra vert nok ei tøffare nøtt for Ragnhild sitt lag, men heimebane og publikum i ryggen kan gje heimesiger. Av ulike årsaker er det litt usikkert kva lag ein kan stille med her, men vi håper på eit sterkt nok lag til å sende sogningane heim utan poeng.
Lukke til med helgas kampar!
Kurs i kosthald, ernæring og restitusjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Sep 2012
Som ein del av
vil Firda vidaregåande skule, GFIL, GHK og Fjellhug/Vereide IL inviterer til kurs i kosthald, ernæring og restitusjon for unge idrettsutøvarar. Det er Sunn Jenteidrett som tilbyr dette kurset, men ein presiserer at kurset er aktuelt for alle, både gutar og jenter.
Kurset er i Kultursalen i Trivselshagen torsdag 27.september kl. 19.00
Gratis inngang.
Les meir her: http://www.matamål.no/program2012/
Flott kamp av J15 laget tross tap mot Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2012
Jenter 15 laget til GHK hadde sin første kamp i serien i kveld. Sjølv om det vart tap 5-16 mot eit godt Strynlag, var her mykje positivt å sjå av heimelaget.
Glade jenter etter kampen i kveld. Trass tap, kjem desse jentene garantert sterkare att ved neste høve |
Det var først og fremst to ting som var skildnaden på laga i kampen. Det eine var at våre jenter heilt klart var mindre vant til å bruke klister enn nabojentene frå Stryn. Det andre var Stryn si Maria Veng. Ho var eit angrep åleine, og sette heile 9 ballar i nota bak ei ellers god målvakt, Eli Kristin Arnestad. Når Jostein får drilla desse jentene både i klisterbruk og i å bli flinkare til å gå på mål, har dette laget eit svært bra potensiale. Bakover fungerer dei bra allereie no, så det skal bli moro å sjå kva dei får til ved neste høve. Stillinga til pause var forøvrig 7-1 til Stryn.
Desse var med: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Reed Lote(3), Linda Helen Årdal(1), Oda Eide, Jenni Falck, Silje Iren Hole Hervik, Frøydis Seime Øygard(1), Julie Varpe, Susann Solheim.
Jenter 15 opnar sesongen i kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2012
G16 opna sesongen med storsiger
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Sep 2012
Fornøgde gutar etter at tre av dei fekk sin debut i GHK trøya i dagens kamp. Sindre Flatjord, Jon Andreas Kornberg og Hans Kristian Seim Arnestad kan alle vere førnøgd med sin eigen innsats i dag. Mats Sollid Eide vart ikkje spelaklar i dag, men er klar til neste kamp. |
Mange slike situasjoner i dag, Erlend heng høgt over Florø sitt forsvar og dundrar ballen i mål |
Magnus-Andre Moritsgård synte strektakter av høg klasse. Her med eit av sine mål |
God start på sesongen
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2012
Gloppen møder Kjøkkelvik som er prestasjonsklubb for Mathopen og Vadmyra med ringriven Stig Jøsendal i spissen i sesongopning. Det bliver en tempofyldt og velspilled kamp med Gloppen som fortjent vinner!
Ørjan Sundal åbner ballet med en venstre/høgre finte og et skud der fik det til at løbe kaldt ned over rygger til Kjøkkelvik. I næste angreb fik vi passiv imod oss og Ørjan skød ballen nede i hjørnet uden chance for keeper. Lagene fløges i begyndelsen ikke mindst takket være god keeperspil fra kjøkkelvik. Daniel (the wall) Hj. Reed ville ikke være ringere og rushpasninger af ypperste klasse fører til GHK ledelse 10-6. JC skyder hårdere jo flere spillere han har hængende på ryggen. Kjøkkelvik fighter godt tilbake og kommer på 12-9 men så stenger Hjolmann ”the wall” kassen. Vi vinder de sidste 8 minutter 5-0 og går til pause med 17-9 ledelse.
Andre omgang starter på samme måde som første ed et par mål til hverte af lagene. Nu begynder vi at holde show i dårlige rush afslutninger og kjøkkelviks keepere reder 10 100% på 12 minutter. De er i ryggen på os med 21-18. Trener sætter ind Bjørn”man of the match” Magnus som scorer på 4 af 4. Lidt efter kommer Ørjan og Roadrunner ind på høgre side, Ørjan nulstiller kjøkkelsviks topscorer no 36 og Gåsemyr smetter igennem gang på gang. Vi øker til 25-19 og kampen er reelt lukket. Jarle Rykkje har et landslagsrush med et håndsmodtak i luften men gutta cruiser ind til sikker 32-25 siger.
"Triller" då damene vann mot Askøy
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2012
Det vart ein "gysare" av ein handballkamp i Firdahallen i ettermiddag då damelaget i 3.divisjon slo tilbake etter forrige helgs tap i Dale. Etter ein fantomkamp i andre omgong, der underteikna sprenge pulsskalaen, kunne damen og eit talrikt heimepublikum juble for 21-19 siger og 2 viktige poeng.
Dagens spelar Irene Slagstad flankert av to andre sentrale spelarar i dagens kamp, Heidi Sægrov og Ingrid Gimmestad. |
Det var knyta stor spaning til korleis damene ville takle forrige helgs forsmedelege nederlag i Dale framføre dagens kamp. I starten av dagens kamp såg det ut som fortsatt var litt prega. Sjølv om kampen var relativt jevnspela var det heile tida Askøy som låg nokre mål føre. Askøy rykte ned frå 2. divisjon i fjor og var venta å vere ei hard nøtt for våre damer. Askøy hadde i tillegg ein fantastisk god keeper som tok veldig mange GHK skot i første omgong. Fram mot pause seig Askøy litt frå og leia 11-7 når laga gjekk i garderoben. Trass lite mål framover, stod GHK godt i forsvar så her var ingenting avgjort.
Kanonkamp i forsvar av våre damer i dagens kamp. |
I andre omgong fortsette GHK med fantastisk forsvarspel og iløpet av dei første 10 min skåra bergenslaget berre to mål, samstundes som GHK starta å treffe betre med skota og var kun eit mål bak på stillinga 11-12 og 12-13. Etter 13 minutt kunne Ingrid Gimmestad dundre ballen i mål til 14-14 og stemninga i hallen auka. Fleire 2min utvisningar kunne kosta heimelaget dyrt, men no var det tydeleg at damene til Kjell hadde bestemt seg: Denne kampen skal vinnast!! Elise H Hansen sprang inn 16-15 ledelse etter 16 minutt og GHK var i leiing før første gong i kampen. Like etter "klinka" Heidi ballen i vinkelen til 17-15 leiing. Fleire nye 2min på heimelaget gjorde at Askøy spela 6 mot 4 ein periode, men heimelaget med dagens spelar Irene Slagstad i spissen ville ikkje gje seg. Irene hadde fleire mål og sette og 2 frå 7m kaldt i nettet. Sjølv om Askøy utnytta overtalet og var oppe på 17-17 og 19-19 med 5 min att, held damene hovudet kaldt og drog iland ein svært kjærkomen 21-19 siger. Som sagt, ein glitrande 2. omgong av GHK damene, og dette gir sjølvsagt ein god porsjon sjølvtillit fram mot neste helg og 2 kampar i Bergen. Heile laget stod fram etter pause, og dette vart ein skikkeleg lagsiger til slutt. Ein lokal jury kåra Irene Slagstad til "women of the match"
Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Linn Kristin Øren, heidi Sægrov(6), Ingrid Gimmestad(4), Torill H Gaasø(2), Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(2), Amanda Veiteberg(3), Elisabeth V Hansen, Ingunn Berg.
Kamphelg i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2012
Herrelaget er "steinklar" til helgas kamp
Første kamp ut i helga er damekampen i 3.divisjon mellom GHK og Askøy. Askøy kjem frå ein sterk bortesiger over Voss, medan GHK damene som kjent tapte knepent for Dale på bortebane. Her vil nok damene til Kjell gjere alt for å heve seg nokre hakk frå forrige helg, og vi reknar med at dei er innstilt på å sende bergensarane heim med minst mogeleg poeng.
Herrelaget spelar sin første kamp mot Kjøkkelvik etter damekampen på laurdag. Bjørn har hatt ei kjempegod oppkøyring med laget sitt til årets sesong, og det er knytta store voner til at laget vert å finne i teten dette året. Nokre er vekk frå fjorårets lag, men nye gode er komt til. Siste forsterkning er Jan Kristoffer Sletteland frå Bergen Handballklubb. Jan går på skule i Sogndal, og er ein spanande og god spelar. Han er ikkje speleklar til denne kampen. Det er derimot Florø sin Runar Helland Åmot. Vert spanande å sjå om han får sin debut i GHK trøya. Ellers mønstrar GHK ein stor, brei og god spelarstall.
Guter 16 får også sin sesongdebut i helga når dei møter Florø på heimebane søndag. Her er komt opp ein ny årgang med mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil syne att på handballbana i årets sesong. I lag med litt meir rutinerte karar som Erlend Ulvestad, Mikael Alander & co, trur vi evigunge Torbjørn Sælen kan mønstre eit slagkraftig lag utover i sesongen. Kva nivå dei andre lage i serien er på, er vi usikre til. Venteleg vil Årdal ha eit brukbart lag, og Førdegutane har fått eit nytt år på seg frå i fjor. Kanskje også Florø kan overraske??
Uansett, vi ynskjer laga våre lukke til med kampane.
Testsamling for toppgruppa i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2012
I dag var det klart for andre testrunde for toppgruppa vår. Idrettssenteret i Sogndal var tilstades og testa våre utøvarar i bl.a. knebøy, benkpress og markløft.
Også målmenn treng styrke i armane. Her, Daniel.
I alt 24 stk var med på dagens testrunde. Av desse var heile 19 frå toppgruppa. Solid frammøte og solid innsats. Desse testane danner no grunnlag for individuelt treningsprogram når det gjeld styrektrening. Dette, saman med eit nært samarbeid med Firda vgs og våre eigne trenarar på seniornivå, danne grunnlag for at kvar enkelt skal utvikle seg maksimalt som handballspelar.
Andreas med null problem i knebøy.
RUM samling i Førde i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2012
GHK hadde ei stor tropp på dagens RUM samling i Førdehuset. Heile 10 gutar og 3 jenter var med i dagens to treningsøkter i regi av Andreas Berntsen og Rune Kristiansen frå NHF.
Rune Kristiansen fortel gutane kva som må til for å bli god.
Dei tre flotte jentene våre på dagens samling
Surt eitmålstap i Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Sep 2012
K5 damene opna med storsiger på heimebane
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Sep 2012
GHK sitt damelag i 5.divisjon opna sesongen med å banke sognelaget Syril heile 23-16, etter å ha leia 8-4 til pause. Etter ein litt famlande første omgong av begge lag, tok heimelaget fullstendig kontroll i den andre og sigeren var aldri truga.
Glade jenter etter kampen i dag |
Årets første GHK kamp, vart ein kamp mellom eit gloppelag der spelarane er mellom 16 og 18 år og eit sognelag der dei fleste var over 30. Utover i kampen var det tydeleg at ungdomen var betre trena, og sognejentene måtte gong på gong bruke ufine midlar for å stogge meir fotrappe gloppejenter.
Frå kampstart var det tydeleg at dette var årets første seriekamp for begge lag. Men GHK var det beste laget og drog sakte men sikkert ifrå. Etter 2 mål av Amanda og 1 av Malin, skåra Ingvild på straffe til 4-1 leiing. Like etter var det Malin igjen som sleit seg gjennom forsvaret til Syril og 5-1. Det gjekk heile 17 min av første omgong før Syril skåra sitt andre mål i kampen og reduserte til 6-2. Så brende GHK ei straffe og Syril er oppe på 6-4, men jentene tar seg flott saman og går til pause med ei 8-4 leiing. Bakover står ein kjempegodt i forsvar og Benedikte Vederhus tek det meste som kjem forbi.
Eline og Malin, to sentrale spelarar på K5 laget som banka Syril |
I andre omgong vert det snart tydeleg at GHK damene er betre trena enn motstandaren. Syrildamene måtte tåle mange 2 min på benken for stygg armbruk i førsøk på å stanse våre jenter. Dette utnytta sjølvsagt GHK til fulle. No sat samspelet betre i etablert angrep, og fleire rush vart avslutta med skåring. Både Amanda og Malin skåra fleire mål i andre omgong, men no var det fleire som melde seg på også. Eline Åsebø hadde fleire flotte mål frå distanse, og Amalie Mundal kriga inn eit par frå strek-det første på underarm til 15-7, det andre etter skåring frå strek til 16-8 etter halvspela andre omgong. Siste kvarteret vart ein rein transportetappe for jentene våre. Heile laget bidrog til at ein kunne innkassere ein grei 7 målssiger til slutt, men lyt dra fram Malin Eikenes som berre vart betre og betre utover og var kampens toppskårar med 8 mål. Trur nok K3 lagets trenar som sat på tribuna merka seg dette :)
Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Aasebø(4), Malin Eikenes(8), Sofie Djupegot, Anne Kristine Haraldsvik(1), Amalie Mundal(2), Martha Sofie Eide, Ingvild Slagstad(2), Amanda Veiteberg(6) og Turid Vilgun Aspheim.
God generalprøve før seriestart.
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Sep 2012
Edvin 4 Bjørn Magnus 2Runar Aamot 1 Ørjan 1 Vegard 3 Ole Martin 3 Alexander 2 Runar Gåsemyr 6 Jens Christian 5
Gloppen spiller bra fra starten og lejer 7-2 efter 10 min men så spiller vi forfærdeligt de næste 10 minutter og Stryn kommer på 7-6. Runar Gåsemyr har truelig bedste indsats på hø bak og scorer sit 3. Mål til 8-6. Resten af omgangen kniver lagene men Ghk beholder ledelsen hele tiden og leder 13-11 til pause. Anden del af 1. Omgang var kendetegnet af utrolig mange tekniske fejl og lidt dårlige afslutninger. Stryn spiller bra 5-1 forsvar og vi får ikke til balltempo og bliver låst ned igen og igen.
I pause aftaler vi 2 ting højere balltempo og mere tryk på rush. Dette giver pote. Roadrunner skærer gennem forsvaret i fart og afslutninger sidder i nettet hver gang. Vegard Sælen scorer 3 på rappen Ole Martin har hangtime på niveau med airjordan og vi sætter Stryn til vægs 14-5. Det er dejligt at være dansk i gloppen.
Serieopning til helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Sep 2012
Førstkomande helg er det klart for seriepremiere for nokre av GHK sine lag. Både damelaget i 3.divisjon, damelaget i 5.divisjon og jenter 15 laget skal alle spele sine første kampar for sesongen.
"Nye" GHK damelag klar for 3. divisjonskamp
Først ute er damelaget i 5.divisjon som tar imot Syril på laurdag. K5 laget har mista mange spelarar frå i fjor, og nye treng tid å venne seg til laget. Likevel trur vi trenar Ragnhild Bakketun Vederhus har god kontroll på laget, og det er venta ein jevn kamp.
På søndag er det så laget til Jostein Vada Ryssdal som skal prøve seg. Jente 15 laget er samansett av nye ansikt i GHK drakt. Frå Breimsbygda,Fj/V og STIL har vi fått ein bukett flotte handballspelarar. Det vert spanande og sjå korleis desse tar eit nytt nivå i handballutviklinga. Etter det vi har sett til no, er det ingen grunn til bekymring. Dette laget kjem til å bite frå seg.
K3 damene til Kjell Aske skal til Dale for å møte heimelaget der. Dale er eit lag GHK normalt sett bør slå, men etter bortfall av omtrent heile stammen frå laget sist sesong, er det knytta stor spaning korleis dei unge vil takle ansvaret. Såleis er dette ein open kamp, der nyopprykka Dale nok vil gjere sitt beste for å sende GHK heim utan poeng. Men kjenner vi Kjell rett, vil nok han gjere dei taktiske grep som må til for å vinne.
Uansett er det godt å kome igang med ein lang handballsesong. Vi gler oss :)
Tap i Sogndal
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2012
K3 damene spelar mot Sogndal i kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2012
Kjell Aske tar med seg damelaget til Sogndal i kveld for å møte heimelaget til treningskamp. For ei veke sidan vart Sognatausene nedsabla i Firdahallen, men GHK møter nok langt tøffare motstand i kveld. I ein frå før tynn spelarstall, reiser damene til Sogndal med fleire forfall. Men no er det viktig at dei unge tar ansvar, og at Kjell,en får samspela laget fram mot seriestart.
"Slik skal vi spele, jenter"
Info G18
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Sep 2012
Gutar 18 2012/13
Trenararar:
Torbjørn Sælen torbjorn.saelen@enivest.net mobil: 48249599
Bjørn Roth Andenes hotbearscom@hotmail.com mobil: 95493841
Oppmann: Magne Devik magne.devik@nordea.no mobil: 95079603
"Nye"GHK valsa over Sogndalsdamene
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2012
I kveldens treningskamp i Firdahallen var det unge GHK K3 laget sine naboer frå Sogndal overlegne i det meste. Etter å ha leia 18-10 til pause, gav dei seg ikkje før det stod 35-22 på lystavla. Unge Amanda Veiteberg stod åleine for 10 av GHK sine mål.
Om Amanda Veiteberg held seg skadefri, er det fleire enn Sogndal sine damer som får bryne seg på denne "juvèlen" |
Det var knytt ei viss spaning til det nye, unge GHK laget før kveldens kamp. Fleire av dei rutinerte er vekk, og dei unge får meir ansvar. To nybakte mødre var likevel tilbake, og saman med Heidi bidrog både Ingrid og Ingunn til rutinen i laget.
Spelarmøte før kampen. Spelaren til høgre i biletet fekk ikkje speletid i kvald, men kan vere aktuell seinare :) |
Saman med mange unge flotte handballtalent, der fleire fekk sin debut på førstelaget, var dette meir enn godt nok til å slå Sogndal. Frå start stod jentene godt i forsvar, og framover meldte fleire og fleire seg på.
Full kontroll i angrep!! |
Når alvoret startar i 3. divisjon, får nok damene våre meir å bryne seg på, men alt i alt var kveldens kamp ei god og grei gjennomkøyring i ein hard treningsperiode for Kjell sine damer. Amanda Veiteberg med 10 og Elise H Hansen med 6, var kampens mestskårande.God dommar som vanleg, var Einar Eimhjellen.
Desse var med: Benedikte Gåsemyr, Ingvild Slagstad(3), Ragnhild Ryssdal(3), Elisabeth Hansen, Amanda Veiteberg(10), Elise H Hansen(6), Marthe Sofie Eide, Irene Slagstad(4), Torill H Gåsø(2), Ingun Berg, Heidi Sægrov(4), Ingrid Gimmestad(3).
Stor tropp frå GHK til RUM samling i Førdehuset
Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Sep 2012
Full treningsaktivitet i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Aug 2012
Sesongen er like om hjørnet, og dei ulike laga i GHK er i full treningsaktivitet i Firdahallen. Utifrå treningsinnsats, går det mot ein god sesong for handballen i Gloppen :)
Her er det G16 og K5 som er i aktivitet
Historisk bra sesongopkjøring
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Aug 2012
Fredag 24/8 kom Sotra sitt herrelaget til gloppen. Sotra slutter fjordårets 2. div på en flott 6. plads og må dermed siges at være favoritter til treningskampen. Lagene har mødtes i de to foregående sesoner i 2. div hvor begge lag har vundet heimekampene, så dermed skulle det ikke være helt umuligt at spænde ben for storebroder fra 2. div.
Lagene følges ad i begyndelsen til stilling 6-6, begge lag har gode skyttere og keepere. Efter 10 minutter får GHK sat forsvaret bedre end Sotra og rykker lidt fra. Når de store gutter Jonken-FT bygg-Lillebjørn-Eddy står på 2'er og 3'pladser er det vanskelig at finde hullet i muren. Edvin må have pause pga for lite matinntak uken før kampen og de unge krefter og Arild viser muskler. Efter de første 20 minut er stillingen 10-8. GHK sætter fart og er ved at glide fra omkring 30 minutter spilt, men der skifter Trond Førde Eriksen sig ind for Sotra og knapper ind et par vigtige mål. Landslagsspilleren fra vm 2008 har fortsat nogle esser i ærmet. Stillingen 10 minut før slutt er 25-21 og vi glæder os over flot modtak og skoring af Osmund Vereide og gode finter af Runar Aamot, som har skiftet klub fra Florø og nok kommer til at skore mange mål i gloppentrøjen. Vegard Sælen hænger ud hele midtblokken til Sotra og keeper er chanceløs. Sotra kommer lidt nærmere til slut men sejren er aldrig rigtig i fare og GHK vinder 30-28 i spændende og seværdigt opgør.
Lørdag 25/8 stod på treningsturnering i Ørsta. I løbet af natten havde road runner fået spysyke, Moritzen måtte jobbe pga Sandane dagene og Jonken var forhindret, så vi stiller med få bakspillere. Når Edvin får lårhøne i første kamp mod stærke Ålesund tynnes det ud i rækkerne. Det bliver til to tab mod Ålesund og Ørsta men igen viser de unge sig frem med initiativ og selvtillid. Især kampen mod Ørsta lå og vipper 7 min før slut ved stilling 18-14 der vi har 2 rushmulighedder for at komme på 18-16. Vi nytter ikke mulighederne og Ørsta vinder. Sidste kamp mod Bergsøy spiller vi uden press og løber fra sunnmøringerne og vinder 29-15 og afslutter god treningshelg 1 måned før sessonstart. Mundal er tilbake i GHK trøjen og viser periodevis storspil begge vejer. Det ser meget lovende ud foran årets sesong i 3. division.
GHK herrane til Møre på laurdag
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Aug 2012
Herretrenar Bjørn Roth-Andenes tar med seg laget sitt til Ørsta på laurdag for å møte lag derifrå i ei miniturnering. Men allereie fredagskvelden er det duka for årets første treningskamp i Firdahallen, då Bergenslaget Sotra kjem på vitjing for å møte herrane våre.
Edvin & co møter Sotra til treningskamp på fredag kveld (bilde frå heimekampen mot Sotra i fjorårets sesong) |
K3 damene i hardtrening
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2012
Kjell Aske er i full gang med å få damelaget i kampform. Då vi var innom dagens trening, var det god stemning og høg aktivitet i alle ledd. Gledeleg å sjå at fleire nybakte mødre allereie er tilbake i trening att.
Godkjent trass kvartfinaletap
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Aug 2012
GHK herrane rauk på ein liten smell i dagens kvartfinale i åpningscupen i Bergen, men kan i det store og heile vere godt nøgde med utbytte av helga.
Nye , unge GHK herrelag etter kvartfinalen i dag. Det gror godt på gutesida i GHK.
Trass i tap med nokre mål mot BHK i dagens kamp, gav helga peikepinn om eit GHK lag som ikkje vert lette å skubbe seg på i årets 3.divisjon. Den store skildnaden på laga i dag var to ting. GHK brende eit "hopetal" hundreprosentar, der BHK skåra sikkert òg så hadde ikkje nokon av målmennene våre dagen. Men dette vert retta på fram mot seriestart.
BHK er eit godt 2.div lag, og vi må også ta med at GHK slo 1.div laget Bjørnar i går.
Kvartfinale i morgon kl. 11.15 mot Bergen Handballklubb
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012
Ny siger for herrane i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012
Tap for herrane i andre kampen
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012
Sjølv om GHK herrane kom godt i gang og leia 5-2, vart fjorårets vinnar av 2.divisjon, Årstad for sterke i andre kampen i Bergen i dag. Dei vann tilslutt 16-10, etter å ha leia 9-6 til pause. |
Herrelaget er i gong med sesongen, då dei deltek på åpningscup i Bergen i helga. (Arkivbilde) |
GHK herrane med siger i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Aug 2012
Dametreninga på søndag er flytta
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Aug 2012
Trenar 1 kurs i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Aug 2012
Trening fredag og søndag i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Aug 2012
Firdahallen har vore stengd denne veka, men fredag er det klart for trening inne att. Med Kjell Aske tilbake frå ferie og Bjørn Roth i stadig stigande form, er det klart for både dame og herretrening på fredag. Damene trenar kl. 18.00, medan herrane trenar kl. 19.30. På søndag er det herretrening frå 14.00, og dametrening kl.15.30.
Irene Slagstad & co trenar i Firdahallen på fredag. |
GHK bussen "avskilta"
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Aug 2012
Då Eid sitt fotballagi 3.div for herrar, på veg til kamp på Voss tidleg søndag morgon fekk havari på bussen sin på Kleivedammen, ville dei leige GHK bussen vidare. Problemet var at då dei kom til bussen var denne "avskilta" iløpet av natta. Korleis Eid kom seg vidare veit ikkje underteikna, men skilta vart funne på ein stolen bil som hadda krasja på Lote. Forholdet er anmeldt til politiet.
Stille på heimesida
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Aug 2012
Kjell Aske ny trenar for damelaget!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Jun 2012
Kjell Aske har i dag sagt ja til trenarjobben for damelaget til GHK i 3.divisjon. Etter at Øyvind Indrebø slutta etter årets sesong, har leiinga i GHK vore på trenarjakt. Kjell Aske var førstevalet til klubben frå dag ein, men vi har òg vore i dialog med andre trenarkandidater etter sesongslutt.
Ein "overlukkeleg" leiar og den nye trenaren for damelaget :)
Etter samtalar dei siste dagane, vart det i dag endeleg klart at Kjell tar på seg jobben for komande sesong. Dette er klubben naturleg nok svært glad for. Vi veit kva Kjell står for som trenar, og reknar med at dette også vil gje eit løft for klubben i den satsinga vi er inne i.
"Ringreven" Kjell Aske er tilbake ved roret for damelaget.
Damelaget er inne i eit generasjonsskifte, der fleira av fjorårets profilar enten har slutta eller reist frå bygda. Dette vil nok syne att på bana komande seong, men med Kjell ved roret, er klubben trygg på at den sportslege utviklinga til dei unge og framadstormande jentene i klubben vil halde fram. Med litt iblanda "gamal" rutine frå nokre eldre spelarar, vert det ein spanande og utfordrane sesong for damene våre. Uansett ynskjer vi Kjell og damene lukke til i komande sesong.
Handballtreninga i gang att
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jun 2012
Etter ein kort pause, drog herretrenar Bjørn RA igang med trening i Firdahallen søndagskvelden. 10 stk var med på økta. Trur det kribla litt i skotarmen til nokon og ein kvar :)
Bjørn RA (til venstre) og gjengen i fint driv
Flott dugnad av GHK sine aktive medlemmar.
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jun 2012
REMA 1000 er på flyttefot til nye lokaler, og i den samanheng var GHK engasjert til å hjelpe til med å pakke ned den gamle butikken. Frå kl.10 i dag har unge og eldre vore i full sving. Kl.14 kom ei ny gruppe på plass.
Flinke dugnadsfolk. Odd Martin, Solgunn, Kristian og Lauritz.
Då heimesida var innom butikken rundt kl.15, var hyllene stor sett tomme. Sjefsparet Torleif og Ragnhild var i ferd med å pakke unna ulike drikkevarer, medan GHK sine dugnadsfolk sytte for at resten av butikken vart tømd. Torleif sjef var svært godt nøgd med innsatsen til dugnadsgjengen, og rekna med å vere ferdig pakka litt over kl. 16. Stor takk til alle som har delteke i dag.
Runar, Irene og Ragnor er snart ferdige
Peter gjer klar ein ferdig pakka palle.
Trenar 1 kurs
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jun 2012
Endringar i vaktlistene til Countrytreffet
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jun 2012
GHK er årets arrangør!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jun 2012
Sjølv om herrelaget til GHK måtte ta vegen ned i 3.divisjon etter årets sesong, vanka det litt heider til klubben likavel. Dei andre klubbane i 2.divisjon har kåra GHK til beste arrangør blant herrane, medan Sotra fekk den same heider for damene. Vi gratulerer til alle som har bidrege til dette innad i klubben. Les meir her: http://www.handball.no/p1.asp?p=36264
Spelarar og publikum er med på å lage flotte rammer rundt kampane i Firdahallen |
June- årets spelar i Byåsen!
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jun 2012
June blei onsdag kveld kåra til sesongens BYÅSENSPELAR, med heile 67% av stemmene. GHK gratulerer med både tittelen og med 29 års dagen i morgon!
Vi ønskjer June lukke til på kvinnelandslaget si OL samling i Portugal som startar i dag.
Les meir: http://www.byaasen.no/artikkel/156358
Toppgruppa med basistrening
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jun 2012
Toppgruppa har vore i sving med morgonøkter ei tid. Etter ein pause i april/deler av mai, er planen er å halde på fram til ferien i denne omgong. Oppmøte har gått litt ned i forhold til i mars, men gruppa er no på eit meir realistisk antal (ca.20stk).
Vakkert syn på idrettsplassen kl.07.10 i dag. Nils Ove,n & gjengen :) |
Topphandball i Leikanger
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Jun 2012
For dei som har lyst å sjå nokon av verdens beste mannlege handballspelarar i aksjon, kan ta turen til Leikanger på søndag. Det danske landslaget skal på treningsleir i Sogn frå helga av, og vil spele ein internkamp i "safthallen" på Leikanger. Les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8184741
Verdens beste?? Mikkel Hansen frå Danmark
Ny oppdatert dugnadsliste for countrytreffen
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Mai 2012
Det er lagt ut ei ny oppdatert dugnadsliste for countrytreffen i Breim. Gå inn på linken til venstre i menyen og sjekk om du har vakt.
Nytt landslagsuttak for June!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mai 2012
Gloppejenta June Andenes er teken ut på det norske handballandslagets siste samlingar før OL i London. Om ho får reise til England er vel enno usikkert, men ho kan vere høgaktuell for EM og VM seinare i år. Uansett er vi svært stolte av June og ynskjer ho lukke til med uttaket og samlingane.
June til landslagssamling
June på landslaget!
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mai 2012
June Andenæs er teken ut til beachhandballandslaget som skal ha samling i Danmark 16-20 mai.
Beachhandballjentene skal forsvare sitt VM gull som i år går av stabelen 8.-13. juli i Oman.
Vi er som vanleg stolte og ønskjer June lukke til!
Les meir på www.byaasen.no og www.handball.no
Tid for dugnad
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2012
Flytting av REMA 1000
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2012
DUGNAD GHK Rema 1000 24. juni og Countrytreffen 13.-15. juli
Ein av dei viktigaste inntektskjeldene til Gloppen handballklubb er Norsk Countrytreff på Breim. I 2011 fekk vi 32 200 kr for dugnadsinnsatsen som vart lagd ned desse dagane og året før 41 000. Tusen takk til alle som stilte opp! Vi har fått spørsmål om å stille i år også. Dei som stiller på Countrytreffen får ein
gratisbillett til ein dag dei ikkje har vakt, og i tillegg mat på vakta.
I tillegg har vi fått spørsmål frå Rema 1000 om å hjelpe dei med flytting til den nye butikken søndag 24. juni. Vi har prøvd å fordele vaktene rettferdige ut frå tidlegare innsats, og vonar du ser positivt på å stille. Hugs at det er avgjerande for drifta av GHK at vi får desse inntektene! Dersom du ikkje kan stille skal du anten bytte vakt med nokon eller finne ein annen til å stille for deg. Alle endringar må meldast til kontaktperson (sjå nedanfor).
Svarfrist er 20. mai, med stadfesting på at du stiller, evt. namn på den som stiller i din stad. Fristen gjeld begge dugnadene.
FLYTTING AV REMA 1000
Søndag 24. juni. Vi kjem tilbake med tidspunkt. Hald av dagen så lenge! Svar innan 20. mai til: Oddrun Slagstad , tlf 4899 8088, oddrun.slagstad@sfe.no
Sander Mardal Magnus Andre Moritsgård
Osmund Vereide Sander Nesdal
Paul Remi Kvandal Ørjan Sundal
Bjørn Magnus Nystad Dag Håkon Moen
Edvin Øygard Bendik Eikenes
Runar Gåsemyr Peter Wilke
Eirik Hellerud Hans Sande
Odd Martin Hauge Lauritz Bjørnereim
Tom Wilke Erlend Ulvestad
Frode Hansen Kristian Henden
Jon Slagstad
Countrytreffen 2012
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mai 2012
DUGNAD GHK Rema 1000 24. juni og Countrytreffen 13.-15. juli
Ein av dei viktigaste inntektskjeldene til Gloppen handballklubb er Norsk Countrytreff på Breim. I 2011 fekk vi 32 200 kr for dugnadsinnsatsen som vart lagd ned desse dagane og året før 41 000. Tusen takk til alle som stilte opp! Vi har fått spørsmål om å stille i år også. Dei som stiller på Countrytreffen får ein
gratisbillett til ein dag dei ikkje har vakt, og i tillegg mat på vakta.
I tillegg har vi fått spørsmål frå Rema 1000 om å hjelpe dei med flytting til den nye butikken søndag 24. juni.
Vi har prøvd å fordele vaktene rettferdige ut frå tidlegare innsats, og vonar du ser positivt på å stille. Hugs at det er avgjerande for drifta av GHK at vi får desse inntektene! Dersom du ikkje kan stille skal du anten bytte vakt med nokon eller finne ein annen til å stille for deg. Alle endringar må meldast til kontaktperson (sjå nedanfor).
Svarfrist er 20. mai, med stadfesting på at du stiller, evt. namn på den som stiller i din stad.
COUNTRYTREFFEN 2012
Svar innan 20. mai til: Else Torunn Kvamme , tlf 9086 1717, else.torunn.kvamme@sfj.no
Nattevakt laurdag /søndag kl.23.45 – 08.00
Jon Kåre Lundestad
Hildegunn Lotheim
Per Ola Lotsberg Ate Eilander
Linn Kristin Øren Staffan Hjohlman
Beate Kårstad Støfring Leiv Slagstad
Laila Kandal Edvin Øygard
Reserve: Marie Midthjell, Sigrid Fjellestad, Hildegunn Lekanger Otneim, Ingrid Holsen, Celina Nordbø, Beate Kårstad Støfring, Marte Heien Hansen,
Kiosk fredag 13. juli
kl.20.00 – 01.30 KL.23.00- 03.00
Ingvill Slagstad Amanda Slagstad
Oddrun Slagstad Christina Slagstad
Elisabeth Vollstad Marte Sunde Hjelle
Ann Kristin Vollstad Sigrid Heien Hansen
Solgunn Alme Elise Heien Hansen
Daniel Hjohlman Reed Martha Sofie Eide
Birte Eilander Kristin Eide
Amalie Mundal Grethe Liv Tisthamar
Kiosk laurdag 14. juli
kl.20.00 – 01.30 KL.23.00- 03.00
Peter Wilke Torill Henden Gåsø
Hans Sande Kristine Book
Else Torunn Kvamme Aina Heggdal Elvebakk
Malin Kristine Eikenes
Reserve: Evald Osnes Devik, Åsmund Sælen, Vegard Sælen, Sarah Nordbø.
For Gloppen Handballklubb Økonominemda v/Else Torunn Kvamme
GHK får raus gåve frå Sparebankstiftinga
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mai 2012
GHK har søkt Sparebankstiftinga om midlar knytt opp mot toppgruppeprosjektet klubben er ein del av. Dette prosjektet er i samarbeid med Firda vidaregåande skule og idrettskrinsen. I dag kunne salsleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ingvill Hestenes overrekkje 100 000 blanke kroner til GHK på vegne av Sparebakstiftinga. Desse pengane skal gå til arbeidet med å utvikle unge handballtalent som verkeleg vil bli gode i idretten sin medan dei tek utdanning ved Firda vgs.
Ingvill Hestenes i Sparebanken gjev (på ein symbolsk måte) 100 000 kroner til leiar i GHK, Øystein Sundal, samt ei "knippe" unge talentfulle handballspelarar frå toppgruppa. |
GHK og Sparebanken Sogn og Fjordane einige om ny sponsoravtale
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mai 2012
Samarbeidet mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og GHK held fram. I dag vart partane einige om ei ny treårig sponsoravtale som gjer at banken held fram som ein av GHK sine hovudsponsorar.
Leiar i GHK, Øystein Sundal og sponsoransvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ingvill Hestenes, er godt nøgde med den nye avtala. |
Trekning i lotteriet vårt
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mai 2012
Det har vore trekning i lotteriet vårt, og dei 10 første gevinstane gjekk til følgande:
Vinst 1: Ipad Kjellfrid Solheim
Vinst 2: Sykkel Else Tystad
Vinst 3: Bag Emma Alme
Vinst 4: Måleri Olav Moen
Vinst 5: Pulsklokke Kirsten Stensaker
Vinst 6: Regnsett Norodd Støffring
Vinst 7: Service Jonas Alander
Vinst 8: Hårprodukter Pikant Frisør Siri Anne Hellerud
Vinst 9: Hårprodukter Tora Frisør Siri Anne Hellerud
Vinst 10: Gåvekort hotellet Bertil Austheim
Gutane frå Vestlandet fekk det tøft i NM for regionslag
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mai 2012
Region Vest laget med Daniel Hjohlmann Reed mellom stengene, fekk det tøft i årets NM for regionslag. Etter 3 tap innleiingsvis, vart det siger mot Nord med 33-20 i kampen for å unngå sisteplassen.
Daniel H Reed og regionslaget fekk det tøft i helga |
Rose Cup i bilder
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mai 2012
Frå ein av leiarane på turen til Molde og Rose Cup har heimesida fått tilsendt nokre bilete både av sportsleg aktivitet og meir sosial aktivitet under turen. Her kjem ein del av dei:
Flotte prestasjonar i dagens kampar i RoseCup
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Apr 2012
Rosecup: Jentelaget har gått på 3 strake tap/GHK 1 gutane klar for semifinale
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Apr 2012
Etter ein flott siger i første kampen i dag, har jentelaget gått på 3 strake tap etterpå. Først eit knipe eitmålstap for Elnesvågen, før dei gjekk på to "smeller" mot Klæbu og Rival. (8-17 og 5-17). Dermed vert det B sluttspel for jentene til Ingrid og Norunn.
For gutane sin del er lag 1 klar for semifinale, sjølv om dei tapte med eit mål for Molde i siste kampen (9-10). For lag 2 sin del, vil dei med siger mot Florø i siste kampen i kveld vere klar for semifinale dei òg. Hadde vore kjekt med 2 GHK lag i finalen .-)
To nye sigrar for GHK i RoseCup
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Apr 2012
GHK 1 gutelag banka Rollon med heile 12-7 i dagens første kamp under Rose Cup i Molde. Ny sterk kamp av alle, men TS trekk fram vingspelet til Dag Håkon Moen som særdeles glimrande.
Jentelaget fekk òg ein god start på turneringa då Kolstad vart slegne med 15-8. Har ikkje meir info om denne kampen.
Tap for GHK 2 sitt gutelag
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Apr 2012
GHK med kjempestart på RoseCup
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Apr 2012
Firda vgs har beste skulejentelaget i fylket
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Apr 2012
Firda vidaregåande skule vann den utsette/avbrotne jentefinalen i Chess cup, då dei torsdag slo Dale vgs 7-6 i Førdehuset. Sigeren var fortent nok, og kunne med hell vore fleire mål større.
Glade jenter med pokalen etter kampen
Denne finalen gjekk eigentleg i Firdahallen i februar, men då strømmen gjekk midtveges i kampen på stillinga 6-5 til Firda, måtte den utsettast til eit seinare tidspunkt. Kampen gjekk på nytt i Førdehuset denne veka. Firda sitt lag er samansett av GHK spelarar frå 3.div laget, 5.div laget og jentelaget. Då kampen varer kun i 18 min, vart det litt oppjaga spel frå begge lag si side. Dale tok leiinga 1-0, men etter det var det GHK som styrte kampen. Sjølv om ein aldri greidde å dra skikkeleg ifrå Fjalerlaget, var sigeren aldri truga. Kampen var eit nytt prov på at det gror godt i handballmiljøet både ved Firda og i Gloppen generelt. Vi gratulerer!!GHK til Rosecup i Molde
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Apr 2012
Første testøkt for toppgruppa gjennomført i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Apr 2012
I dag var Idrettsenteret i Sogndal på plass med to mann for å gjennomføre første testbatteri for toppgruppa. Det vart testa både i hurtigheit, spenst og kondisjon.
Gåsemyrexpressen (Runar) testar på 20 m sprint.
Ein del fråfall på grunn av skader, gjorde at ikkje alle fekk tatt testen. Desse lyt vente til neste gong. No skal ein studere testane med tanke på å utarbeide forslag til kva kvar einskild bør trene meir på, og ikkje minst, korleis ein skal trene for å førebyggje skader i treningsarbeidet framover.
Irene testar spensten
Evald i starten av sin sprinttest
Elise tar sats!!
LOTTERIET VÅRT!!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Apr 2012
Helsing økonomigruppa i Ghk
Ellen Skipenes
97716633
Daniel Hjolhman Reed til NM for regionslag
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Apr 2012
Daniel Hjolhman Reed er, ikkje uventa, teken ut til NM for regionslag. NM går helga 04. til 06. mai, og vi ynskjer Daniel lukke til.
Daniel Hj Reed skal til NM for regionslag |
GHK på tredjeplass i regionsluttspelet for G16
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Apr 2012
GHK sitt gutelag slo Eid/Haugen 23-20, men måtte gje tapt 20-31 for Bergens beste gutelag, Kjøkkelvik, under dagens sluttspel i Strynehallen. Dermed enda våre gutar på 3 plass i sluttspelet. Vinnar vart Kjøkkelvik 1, medan Kjøkkelvik 2 tok andreplassen.
Slitne gutar etter at tredjeplassen var i boks.
I dagens første kamp sleit våre gutar lenge med naboen over fjorden. Til slutt vart det likevel ein fin 23-20 siger, etter at GHK leia 12-10 til pause. Dei beste på GHK i denne kampen var Daniel i mål og Erlend på strek som netta 8 gonger. Ørjan hadde 6 mål, Osmund 3 og Laurits 2. Dag Håkon, Evald, Åsmund og Odd Martin hadde 1 kvar.
Stort sett kontroll mot Eid/Haugen
I dagens andre kamp var det aldri den store spaninga. GHK leia 1-0, men derifrå og ut handla det meste om Kjøkkelvik i første omgong. Dei hadde 2 mann, som tilsaman dundra 19 mål bak Daniel og Olav. Pauseresultat 15-7 til K. I andre omgong kom GHK langt betre med, men sigeren til Kjøkkelvik var aldri truga. Vegard Sælen skada seg i laurdagens kamp og var sårt sakna i dag, og når også Ørjan får raudt kort etter 3x2min, misser GHK mykje skotkraft. Erlend Ulvestad vert toppsårar også i denne kampen med 6 mål frå strek, medan Hans Sande har 4 flotte skåringar i denne kampen. Ellers har Laurits, Odd Martin og Mikael 2 mål kvar, medan Ørjan, Dag Håkon, Evald og Osmund har 1 kvar.
Ørjan mottar diplomet for 3.plassen av NHF sin representant Torleif Landa
Flott avslutningsfest i Gimle
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012
Som ei avslutning av ein lang sesong, var alle spelarane og støtteapparatet invitert til pizza og brus i Gimle i kveld. Heile 65 stk var møtt fram, og det var også utdeling av velfortjente prisar i mange ulike kategoriar.
Alle kveldens flotte prisvinnarar samla
Det var stor stemning og høg partyfaktor då spelarane og støtteapparatet fekk sin velfortjente takk for innsatsen etter årets sesong. 30 store pizzaer gjekk ned på høgkant og "søjen" rundt om i lokalet tyda på at alle kosa seg. Det er alltid knytt spaning til kven som får dei ulike prisane etter ein sesong. I år var kategoriane mange, og det var stort sett dei ulike trenarane som stod for utdelingane og som grunngav dei ulike vala. Dei som fekk prisane var følgande:
For damelaget i 3.divisjon: Årets spelar er Eli-Anne Birkelund, årets toppskårar Heidi Sægrov med 100 mål, innsatsprisen gjekk til Torill Henden Gaasø. Årets komèt vart, velfortjent, Celina Nordbø.
For herrelaget i 2.divisjon: Årets spelar er Arild Fjellestad Tystad. Årets toppskårar, Edvin Øygard med 108 mål og Aleksander Morritsgård fekk innsatsprisen. Årets komèt blant herrane/gutane vart Daniel Hjohlman Reed.
For damelaget i 5.divisjon: Her gjekk innsatsprisen til Eline Åsebø.
For gutelaga: Her gjekk innsatsprisen til Ørjan Sundal på G16-1, og til Laurits Bjørnereim på G16-2.
For jentelaga: På J16 gjekk innsatsprisen til Irene Slagstad, og på J15 gjekk den same prisen til Solgunn Alme.
Årets trenar i GHK vart damelaget sin eminente trenar, Øyvind Indrebø.
Styret vil med dette takke alle for ein strålande gjennomført sesong, og vi gledar oss allereie til neste sesong.
Under er litt stemningsbilder frå festen.
Tap for gutelaget i første regionssluttspelkamp
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012
Gutelaget var i dag i Stryn for å spele første kamp i regionssluttspelet. Dagens motstandar var Kjøkkelvik 2, som er det nest beste laget i Bergenregionen. Frå Stryn får vi meldt om ein jevnspela kamp stort sett heile vegen, men der Kjøkkelvik til slutt vann 23-20. Stiilinga ved pause var 12-10 til bergensarane.
I starten av andre omgong opparbeida Kjøkkelvik seg ei 6 målsleiing, men GHK kom tilbake på stillinga 18-18. Men Kjøkkelvik greidde å dra ifrå igjen mot slutten. Ifølge rapportane var det først og fremst tempoet og viljen til å true forsvaret i etablert angrep, som var skildnaden på laga og som førte til at Kjøkkelvik vann kampen.9 stk på stimulansesamling i Sogndal
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012
Gutelaget til regionssluttspel i Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Apr 2012
I morgon og på søndag, skal gutelaget til Stryn for å delta på regionssluttspelet. I morgon møter dei Kjøkkelvik 2, medan dei søndag skal møte både Eid/Haugen og Kjøkkelvik 1.
Kampklar gjeng som møter tøff motstand i helga. |
Kontinuitet i GHK styret
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Apr 2012
Under årsmøte i GHK i kveld, vart Øystein Sundal attvald som leiar for eit nytt år. Med seg får han mesteparten av det gamle styret, samt nokre nye.
Hege Roth-Andenæs hadde sagt frå seg attval etter mange år i styret, og i hennar stad kjem Ellen Skibenes frå økonominemnda over til styret. I tillegg er Ingrid Heien, Jonas Alander, Ragnhild Bruvoll og Bjørn Kåre Eikenes med vidare, og Magne Morritsgård er ny varamedlem.
Leiar i valnemnda, Laila Niiranen Henden, hadde gjort ein god jobb i forkant av årsmøtet, og alle tillitsverv var på plass utan problem i god tid, også økonominemnda, revisorar og ny valnemnd.
Årsmeldinga er prega av at GHK er ein klubb som fungerer godt i alle ledd. Sjølv om utgiftene har auka ein del siste året, har også inntektene auka tilsvarande. Klubben kjem ut med eit lite overskot i drifta, og har ein sunn økonomi.
Ellers var det eit roleg årsmøte utan dei store sakene til handsaming. Årsmeldinga finn du under:
Inspirerande foredrag av Eigil Indstebø
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Apr 2012
Ein stad i overkant av 60 personar møtte opp då Eigil Indstebø held foredrag om behandling og førebygging av idrettsskader i lokala til SFE i kveld. Her var både aktive og trenarar frå fleire ulike lag, og alle fekk beskjed om kor viktig det er å trene allsidig.
Eigil Indstebø held eit engasjerande foredrag.
Indstebø gjekk gjennom kroppen frå botn til topp, då han forklarde ei lydhør forsamling om årsaker til skader, behandling av skader, og ikkje minst korleis ein trenar seg opp att etter skade. Han var og krystallklår på kor viktig det er å trene allsidig, for å styrke kroppen i alle ledd. Gledeleg nok var det mange aktive handballspelarar frå GHK som var møtt fram, samt ein del frå trenarteamet og styret. GHK vil takke GFIL for initiativet til kvelden, og Eigil for ei framifrå gjennomføring.
Overtråkk?? I kveld fekk vi svaret korleis ein i så fall trenar.
Daniel Hjohlman Reed til regional landslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Apr 2012
Årsmøte
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Apr 2012
Minner om årsmøte i GHK torsdag 12.april kl.19.00 på Gloppen Hotell. Håper
på supergodt frammøte av medlemmane :-)
June utteken til landslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2012
June Andenæs er ein av spelarane landslagssjef Thorir Hergeirsson samlar til treningssamling i Trondheim fra 16. til 22. april. Utenlandsspelarane deltek ikkje, og det gjev mogelegheiter for nye spelarar å vise seg fram. Det er utteke 19 spelarar til samlinga.
Vi heiar på deg June!
Foredrag om behandling og førebygging av idrettsskadar
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2012
idrettsskader - Føredrag om behandling og førebygging
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2012
GFIL innbyr til foredrag om behandling og førebygging av idrettsskader onsdag 11.april. Foredraget bør vere midt i blinken for mange i GHK miljøet, unge og eldre som slit med skader. Sjå meir info om tid, stad og program herIdrettsskader
SFE vert generalsponsor for Gloppen Handballklubb
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2012
Sogn og Fjordane Energi og Gloppen Handballklubb er einige i å utvide samarbeidet. Sponsoransvarleg ved SFE, Kai Petter Sårheim, seier i ein kommentar til heimesida at satsinga GHK no gjer med toppgruppe og utvikling av eigne talent er eit spanande prosjekt som dei ynskjer å vere med på. Samstundes er det og viktig for SFE at GHK er best i fylket når ein ser samla på breidda av dame/herre/ungdomshandball. Alle detaljer i avtala er enno ikkje heilt klare, men det som er heilt klart er at SFE med dette får status som generalsponsor for GHK.
Sponsoransvarleg og nestleiar i GHK, Ingrid Heien og sponsoransvarleg i SFE, Kai Petter Sårheim er svært nøgde med avtala, og begge ser fram til eit nært samarbeid dei neste 3 åra.
Festkveld med braksiger til GHK damene i sesongavslutninga
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Mar 2012
Det var til tider festhandball då GHK damene avslutta sesongen med å knuse Jotun 2 heile 40-22 i kveldens kamp i Firdahallen. Ved pause leia GHK 21-12. Celina Nordbø avslutta si karriere i GHK for denne gong, ved å vere kampens store profil og banka heile 10 baller i nota bak Jotun sin keeper.
Dagens glade gjeng, inkludert rekruteringsgruppa, ei skada veterantaus samt "knoll og tott" i trenarteamet. |
Med nesten alle jentene kampklare (berre Torill mangla, og Hege er ute med langtidsskade), vart det ein skikkeleg festkveld for dei mange frammøtte tilskodarane. Etter ein litt famlande åpning av kampen, drog GHK sakte men sikkert frå frustrerte Sognajenter. Anført av fotrappe og fintesterke Celina Nordbø samt venstreslegga til Marthe H Hansen, var det aldri tvil om at denne kampen ville ende med heimesiger. I tillegg var Eli-Anne tilbake på strek og "lynet frå Nordåsen" Elise i kontringshumør. Legg ein så til ei Amanda Veiteberg i stadig stigande form, fleire andre ungjenter på bana, samt dei altid trygge bakspelarane Heidi og Bodil, ja då har ein fantastisk flott gjeng å byggje vidare på. Celina Nordbø reiser vekk på skule til hausten, og spela i kveld sin siste kamp for GHK, for ei stund iallefall. Og for ei avslutning. Den jenta har det både i bein og armar, og vart kampens toppskårar med 10 mål.
Dagens profil |
Kjekt å sjå at også Marthe set dei tunge skota sine gong på gong. Prikkskyting!! Linn Kristin var god i mål, og hadde mange flotte redningar i kveldens kamp. Unge Amanda Veiteberg kjem inn eit stykke ut i kampen, og syner eit stort potensiale ved å hamre fleire ballar i mål. Irene er også i ferd med å bli skikkeleg varm i GHKtrøya, og spelar betre og betre, kamp for kamp. Fleire andre unge jenter fekk også sin heimedebut i kveld. Marte S Hjelle og Ingvild Slagstad syner at det gror godt på jentesida i klubben. Marte fekk diverre ei skade rett etter at ho kom på bana og måtte ut, men både ho og Ingvild får nokm fleire kampar på dette nivået.
Ikkje lett for Jotundamene å kome gjennom forsvaret til GHK. |
Desse var med i kveldens kamp: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(2), Malene Støylen, Amanda Veiteberg(4), Elise H Hansen(5), Celina Nordbø(10), Marte S Hjelle, Maria Kleppe(2), Eli-Anne Birkelund(5), Marte H Hansen(8), Irene Slagstad(1), Bodil Hjelmeset(3), Ingvild Slagstad.
Damelaget med tap mot Stord
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012
Det ville seg ikkje for damelaget i dagens kamp mot Stord 2 på bortebane. Det vart diverre tap 24-20, etter at heimelaget leia 15-13 til pause.
Kaptein Hege med 6 mål i dagens kamp. |
Farvel til 2. div
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012
Det blev til næsten i sidste kamp i
andre division for GHK for denne gang. Andre division er nu en
...historie blot men gutta har haft 2 flotte år på 3. højeste niveau
og vist at vi kan få det til på landet. Med glæde husker vi
heimesejre over sotra, stord og norrøna og strålende spil heime mod
Årstad selvom det blev tab. De ærgelige er 1 målstab mod NHHI og
Sotra der vi leder 1 min før slut, men sådan er det den erfarne
lurer den mindre erfarne. Det gode er at vi har mange som har fået
mye mere erfaring.
Dagens toppskårer, Edvin, (arkivbilde frå kampen mot Sotra)
Vi har for vane at tabe første halvdel
af 1. omgang og det fik vi til igen. 2-9 efter 18 minutter vi tager
timeout og Edvin kommer tilbake på bana lidt senere skifter Paulen
sig ind. Vi begynder at spille håndball og kommer op til 10-17 til
pause.
I andre omgang fortsætter vi der vi
slap i slutte af første. Sander er sikker som banken fra streken og
skorer 5 af 5 Edvin misser lite fra 9m og ingenting fra 7m til slut
står han med 10 nættinger.Vi er lige ved at gøre kampen rigtig
spændende men det vil sig ikke helt. Arild holder forsvaret sammen
og Paulen tager den ene efter den anden pragtredning. JC skyder som
vaneligt lidt for lite men har 5 scoringer 1 i blokken og en i
stangen. Jonken har en meget bra kamp begge veje han er noteret for 3 nettinger men bliver fløtet af helt uforståeligt 2 ggr efter overslagsfinte så egentlig var det 5 scoringer. Northug sparer til held i kærlighed og skød så ofte på
stængerne at jeg holdte på og grine. Det blev ved næsten og 30-33
stod på tavla til sidst. De unge er på vej til at fylde skoene til
de ældre. Der bliver truelig stor udskiftning efter sesonen og jeg
takker for at kunne have jobbet med disse talentfulde spillere.
Sesongavslutning med braksiger for G-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012
Tre solide karar |
Tungt forsvar å trenge gjennom |
Flott sesongavslutning for J-15
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Mar 2012
Jentene leverer ei flott sesongavslutning mot Høyanger i Firdahallen.
Første omgang er jamnspelt,og Gloppen leier 8-7 ved pause.I andre omgang tek jentene skikkeleg i med flott forsvarsspel,og ikkje minst flott kontringsspel.Vi dreg jamt ifrå,og avslutter kampen med behagelige 23-13.
Det er flott med så mange spelarar på skoringslista.Det er jamt fin innsats frå heile laget.Solgunn står som vanleg godt i mål,og Ayla Myklebust Seime speler ein kjempekamp i forsvar.
Måla vart skora av:Amalie,Ragnhild og Elin -4 ,Eisabeth og Stine -3 ,Benedikte og Birthe -2 og Ayla -1
JVR
Siste kamphelga denne sesongen
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2012
Då er det klart for siste kamphelga i sesongen 2011-12. På laurdag er Firdahallen arena for både gutelaget, jente15 laget og herrelaget. Damelaget i 3.divisjon skal på bytur og møte Stord 2 på laurdag og BSI på søndag.
Desse jentene avsluttar sesongen mot Høyang i Firdahallen på laurdag |
GHK sitt eldste gutelag skal møte Årdalstangen på heimebane. Gutelaget vårt er den suverene vinnar av denne avdelinga, og er allereie klare for regionssluttspel. Vi trur Torbjørn og Gunnar sine elevar brukar denne kampen til å finpusse forma inn mot sluttspelet. Med alle mann skadefrie, bør dette vere ein grei heimesiger i sesongens siste kamp i denne serien.
Jenter 15 laget skal òg ut i sin siste kamp for sesongen når dei møter Høyang på heimebane laurdag. Dei har så langt ikkje tatt poeng i sluttspelserien, og vil nok bruke denne kampen til å spele på seg "godfølelsen" av å vinne igjen. Dette laget har mange flotte handballtyper, og vil heilt sikkert syne igjen på handballbana i mange sesonger framover. Utifrå det vi har sett av dette laget i mange kampar i år, vil GHK få eit godt J16 lag til hausten.
Herrelaget har framleis moglegheit til å overleve i 2.divisjon. Klarer dei å slå Bergen Vest i FH på laurdag, går dei forbi laget frå Bergen og opp på "sikker" plass på tabellen. Dette bør vere motivasjon nok for laget, som på sitt beste, kan spele jamnt med dei fleste laga i divisjonen. I år har dei hatt veldig mykje "stang ut" og tapt ein del jamne kampar. Om dei likevel skulle rykke ned, er det på ingen måte nokon katastrofe. Eit år i 3.divisjon, med mange unge som bankar på døra til a-laget, kan vere sunt med tanke på utviklinga av dei unge talenta. Men, no er det først kampen om å overleve som gjeld!! Større under har skjedd, gutar......så gje alt på laurdag, så får vi sjå kva det held til.
Damene skal som sagt på Bergenstur. Dei skal møte to lag som ligg på nederste del av tabellen, så 4 poeng bør vere innafor rekkevidde. Litt synd at dei denne helga må klare seg utan 3 av dei faste jentene på laget. Både Eli-Anne, Torill og Bodil vert ikkje med til Bergen av ulike grunnar. Dette svekkar nok laget ein del, og det vert spanande å sjå om ein likevel klarer "brasane". I mangel av strekspelarar, har Øyvind plukka med seg Marte S Hjelle frå J16 og Sigrid Kissner frå K5 laget. Vi håper og trur at desse to debutantane skal klare overgangen frå spel i 5.divisjon og på jentelaget. Men spanande og tøft vert det.
NHF Region Vest ser på toppgruppesatsinga vår.
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2012
Kjemperespons på toppgruppetreningane før skuletid
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2012
GHK si satsingsgruppe, som er eit utvida spissa treningstilbod med bl.a. styrketreningsøkt før skuletid to dagar i veka, er ein formidabel suksess så langt. I løpet av dei 5 første morgontreningane har oppmøtet lege mellom 25 og 28 stk kvar gong. Dette er 94,95 og 96 modellar av begge kjønn som ynskjer å utvikle seg ekstra innan idretten sin.
Imponerande syn kvar mandag og fredagsmorgon mellom 0700 og 0800.
Daniel til regionlagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2012
Vår talentfulle målmann Daniel Hj Reed er teken ut til påskesamling for regionslag torsdag 5. og fredag 6.april. Samlinga er i Framohallen.
Vi gratulerer Daniel med uttaket. |
Herrane vart eit nummer for små mot Viking
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012
Superspanande då GHK slo Sogndal
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012
Det var dramatikk til siste slutt då GHK damene slo nabo Sogndal i ettermiddagens kamp i Firdahallen. Då sluttsignalet gjekk kunne jentene juble for 30-29 siger, etter å ha leia 16-15 til pause.
Sjølv om herren til høgre ser litt mellomfornøgd ut, har jentene grunn til å juble etter kampen |
Sogndal vart ei vanskeleg nøtt for GHK damer i medvind. Sogningane gjekk respektlaust i angrep og leia store delar av første omgong. Mot slutten klarte jentene til Øyvind å kome ajour og leia med eit mål til pause.
Marte fyrer av venstrekanona si med kraft!! |
I andre omgong var GHK oppe i 4 målsleiing på 22-18, men Sogndal kom attende. Mot slutten var det ulideleg spanande, men jentene held hovudet klart og drog sigeren i land.
Øyvind må minne jentene om alvoret like før slutt! |
Igjen må vi berømme laginnsatsen til desse jentene. Sjølv om det går imot litt i perioder, og Sogndal ligg fleire mål føre, klarer dei å moblisere tilbake. Heile 9 damer teikna seg i målprotokollen i dagens kamp, og det var kanskje den store forskjellen på laga til slutt. Maria Kleppe og Celina Nordbø var gode, Heidi styrer det meste frå sin posisjon, Bodil Fotrapp kjem inn og lager 4 mål og ......Hege avgjer kampen med si skåring like før slutt. På ein dag då forsvarspelet ikkje er heilt patent, klarer jentene likevel å dra sigeren i land. Sterkt!
Dagens lag: Linn K, Benedikte, Heidi(6), Malene, Elise H(2), Celina(5), Hege(4), Maria(4), Eli-Anne(2), Irene(1), Amanda, Marte(2), Bodil(4), Torill.
Høyr intervju med trenarane etter kampen :-) : http://radio.oppdateringsfabrikken.no/media/Oppsumering_av_Gloppen_-_Sogndal.wmv
Også GHK sitt andrelag for gutar slo Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012
God kamp av Mikael i dag |
GHK sitt gutelag slo Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Mar 2012
Kissner i fint driv |
Direkte overføring av kampen GHK-Sogndal
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2012
"Superlaurdag" i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2012
For dei handballfrelste vert det ein god dag i Firdahallen i morgon. Begge GHK sine gutelag skal møte Stryn, medan damelaget i 3.divisjon skal møte Sogndal sine beste kvinnelege handballspelarar. Til slutt skal så herrelaget i 2.divisjon møte Bergenslaget Viking til kamp om "livsviktige" poeng i kampen for å overleve i divisjonen. Jente15 laget skal til Askvoll for å møte heimelaget der til kamp på søndag.
Edvin&Co skal prøve å ta poeng frå Viking. (Her lurer Edvin Norønna sin keeper på straffe i ein tidlegare kamp) |
Først ut på sportsdekke i Firdahallen i morgon er gutelaget som møter Stryn. GHK sine 16åringar er allereie klare for regionsfinalane, og vil nok bruke denne kampen som eit ledd i oppkøyringa mot desse kampane. Vanlegvis ein sikker heimesiger, men i handball kan som kjent alt hende så gutane må vere "på" når kampen startar. Litt seinare skal så 15års laget også møte Stryn. Dette laget har vore sterkt plaga med skadar i den seinare tid, men ligg likevel bra plassert på tabellen. Om dei klarer å få flyten i angrepsspelet sitt, tru vi at Stryn må reise heim att over Utvikfjellet utan poeng i morgon.
Så er det klart for damekamp mellom GHK og Sogndal. Vert spanande å sjå om damene våre fortset den gode trenden frå kampane i Bergen sist helg. Klarer dei det, trur vi Sogndal skal slite med å ta poeng. Det som kjenneteiknar årets utgåve av GHK, er høgt tempo og mange variasjonar i angrepsspelet. Ein er heller ikkje avhengig av enkeltspelarar, då dette laget har ei fin breidde i spelarstallen. Om damene tar opp tråden frå Åsanekampen, må Sogndal verkeleg slite for å ta poeng.
Sist ut i morgon er herrekampen mellom GHK og Viking. Viking ligg på tredje plass på tabellen, og har framleis mogelegheit om å kjempe om opprykk. GHK ligg på nedrykksplass, og har såleis alt å vinne i denne kampen. Difor reknar vi med at Bjørn RA sine menn vil vere topp motiverte til å syne heimepublikumet vilje til å overleve i 2.divisjon. Jens Cr Andenes har slite med ei skade ei tid, men både han og resten av troppen er klare for "krig".
Einaste laget som ikkje spelar heime denne helga, er jente15 laget. Dei skal møte Askvoll/Holmedal i Askvoll på søndag. Jentene til Jostein står så langt utan poeng i kampen om sluttspelplass, men her er tabellen svært jamn så mykje kan enno skje her. På GHK sitt lag er her mange spanande talent, som med litt meir både samtrening og ikkje minst styrketrening har ei lys handballframtid.
Sølvmedalje til June Andenes
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Mar 2012
Stimuleringssamling på Fosshaugane Campus
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2012
Stimuleringssamlinga 14. april 2012. Fosshaugane Campus
Detaljprogram praktiske økter frå kl. 11.30
Økt 1 og 2 kl. 11.30-13.15
Stasjon 1 Eirik Nedrehagen
Basistrening for hofte og bekkenkontroll på sklibrett og slynger med fokus på betring av føresetnader for utvikling av langrennsteknikk.
Stasjon 2 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo
Korleis hoppe høgare og springe fortare ved hjelp av styrketrening?
- Passar bra for handball, fotball og volleyball.
Stasjon 3 Rune Loven
For dei som ynskjer å verta testa på 40 m sprint. I Tillegg får ein splittider på 5-10-20 og
30 meter.
Stasjon 4 Atle Sæterbakken
For dei som ynskjer å testa spensten sin. 2 ulike hopptestar. Ved å samanlikne desse får ein eit godt bilete på kva ein bør prioritere av trening for å hoppe høgare.
Økt 3 og 4 kl.14.00 – 16.15
Stasjon 1 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo
Spesifikk maksimal styrketrening med formål å betra utnyttingsgrad på langrenn.
Stasjon 2 Eirik Nedrehagen
Hurtigheit og koordinasjonstrening i ballidrettar.
Stasjon 3 Atle Sæterbakken
Prestasjonstest på stakeergometer (vo2 peak og utnyttingsgrad?)
Stasjon 4 Rune Loven
Repetert sprint test for ballidrettar, test og treningsprinsipp.
stimusamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2012
Stimuleringssamlinga 14. april 2012. Fosshaugane Campus
Detaljprogram praktiske økter frå kl. 11.30
Økt 1 og 2 kl. 11.30-13.15
Stasjon 1 Eirik Nedrehagen
Basistrening for hofte og bekkenkontroll på sklibrett og slynger med fokus på betring av føresetnader for utvikling av langrennsteknikk.
Stasjon 2 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo
Korleis hoppe høgare og springe fortare ved hjelp av styrketrening?
- Passar bra for handball, fotball og volleyball.
Stasjon 3 Rune Loven
For dei som ynskjer å verta testa på 40 m sprint. I Tillegg får ein splittider på 5-10-20 og
30 meter.
Stasjon 4 Atle Sæterbakken
For dei som ynskjer å testa spensten sin. 2 ulike hopptestar. Ved å samanlikne desse får ein eit godt bilete på kva ein bør prioritere av trening for å hoppe høgare.
Økt 3 og 4 kl.14.00 – 16.15
Stasjon 1 Vidar Andersen og Dag Andrè Mo
Spesifikk maksimal styrketrening med formål å betra utnyttingsgrad på langrenn.
Stasjon 2 Eirik Nedrehagen
Hurtigheit og koordinasjonstrening i ballidrettar.
Stasjon 3 Atle Sæterbakken
Prestasjonstest på stakeergometer (vo2 peak og utnyttingsgrad?)
Stasjon 4 Rune Loven
Repetert sprint test for ballidrettar, test og treningsprinsipp.
Årsmøte
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2012
ÅRSMØTE I GLOPPEN HANDBALLKLUBB
Torsdag 12.april 2012 kl.19.00 på Gloppen Hotell
Sakliste:
-
Godkjenning av innkalling og sakliste
-
Val av møteleiar, sekretær og 2 til å skrive under møteboka
-
Årsmelding 2011
-
Rekneskap 2011
-
Budsjett
-
Medlemskontingent 2012
-
Val
-
Leiar
-
Nestleiar
-
Sekretær
-
Kasserar
-
Styremedlemar og vara
-
Økonominemnd
-
Revisorar
-
Valnemnd
-
Ymse
Saker til årsmøte må vere komne til styret inna 29.mars.
Styret
RUM samling i Firdahallen i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Mar 2012
I dag var dei fleste av dei beste 95 og 96 modellane i fylket samla til Regionalt Utviklings Miljø i Firdahallen. Under leiing av Rune Kristiansen og Andraes Berntsen, hadde gutane og jentene vekselsvis økter frå kl 11.00 til 17.00.
Her er gutane i gang med første økta.
Frå GHK var 10 gutar og 1 jente med på dagens økter.
Her er jentene klare for første økt. Einaste GHK jente i gjengen, Irene, midt på bilde.
Gutane får instruksar av Rune Kristiansen
Ny fantastisk kamp av damelaget på bortebane
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012
Etter den flotte kampen i går med siger over Gneist, var det venta ein langt tøffare kamp i dag mot eit av topplaga, Åsane. Men var kampen i går god frå GHK si side, var kampen i dag eit fyrverkeri av ei handballopppvisning av handballdamene våre. Til slutt kunne jentene gå av bana med ein fortjent 35-30 siger.
Desse jentene tok 4 poeng på bortebane i helga. |
Etter ein fartsfylt og jevn opning av kampen, der begge lag synte fint spel, klarte GHK å få ei lita leiing. Men Åsane kjem attende og utliknar og går forbi med eit mål. Dette er siste gong bydelslaget frå Åsane er i leiinga. Til stormande jubel frå ein entusiastisk bortesupportergjeng som stadig måtte gni seg i auga for å tru det dei såg, fekk GHK opparbeida seg ei 4 målsleiing til pause. Eli-Anne er eit råskinn på strek og har ei fantastisk evne til å få tak i ballen før ho nesten uten unntak set den bak målvakta. Dette, saman med ein superspeleglad gjeng med venstreslegga til Marthe som eit farleg våpen, gjorde at vi byrja få trua på at dette skulle gå vegen.
I andre omgong rekna vi med at Åsane ville gå ut i hundre, men dei skjøna knapt kva som hende dei første 5 minutta av andre omgong. Det var våre jenter som "høvla" over vertane og banka 6 baller i nota utan at Åsane skåra. GHK var oppe i ei 10 målsleiing. Utover i omgongen fortsette jentene å imponere. Ei stund var vi 12 mål føre, etter glitrande målvaktsspel av Linn Kristin, tunge skot av Marthe, strekspel i toppklasse av Eli-Anne - dagens toppskårar med 9 mål, ving og straffeskåringar av Hege, fleire vingskåringar av Maria og Irene, fleire flotte mål av spelemotorane Heidi og Celina, kanon forsvarspel av forsvarsjef Torill, samt flott spel både framover og bakover av Elise, Amanda og Malene. Då er det berre rett og rimeleg at Benedicte kjem inn i mål mot slutten og gjer fleire flotte redningar ho òg. 5 minutt før slutt er vi framleis 10 mål føre og har stålkontroll. At dei siste 5 minutta vert litt ukonsentrerte frå GHK si side, legg ingen dempar på dagens prestasjon. Rett og slett ein knallgod gjennomført kamp av damene. Og når 4 poeng vert med i bagasjen heimatt, var det ein svært glad og nøgd gjeng som sette seg i bussen med kurs mot Gloppen.
Dagens målskårarar var: Eli-Anne(9), Marte(7), Hege(7), Celina(5), Heidi(4), Maria(2), Irene(1)
Tap for damene i 5.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012
Jenter 15 tapte mot Eid på bortebane
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012
Kjempekamp av damelaget i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Mar 2012
GHK sitt damelag i 3.divisjon slo i dag Gneist 25-21, etter å ha leia 15-7 til pause. Jentene til Øyvind Indrebø hadde ein formidabel førsteomgong, og køyrde over frustrerte Gneistjenter med glitrande spel. Bakerst stod Linn Kristin som ein levande vegg, og leverte rett og slett ein praktkamp.
Dagens kvinne, Linn Kristin (arkivbilete) |
Kampen starta med 2 kjappe Gneistskåringar, før showet tok til. Med glimrande ankomstspel og lynraske kontringar var brått stillinga 9-2 til GHK. Derifrå og ut kampen såg jentene seg aldri tilbake. Alle bidrog til at måla rann inn jevnt og trutt. Heidi styrte spelet med glimrande blikk for innspel til strekspelar Eli-Anne. Hege var sikker frå 7meter. Celina dreiv Gneistspelarane til vannvidd med sine finter, og det var ein fryd å sitje på tribuna ilag med ein ivrig supportergjeng leia av Peder Hauge. 8 måls leiing til pause. I andre omgong fortset jentene med å imonere. Ein periode er vi oppe i 10 måls leiing. Marthe treff med langskota sine gong på gong, og bakerst står dagens GHK spelar som ein kopi av Cecilie Leganger. Mot slutten av kampen slakker jentene litt av på tempoet for å spare seg til morgondagens kamp mot Åsane, og Gneist knapper litt innpå. Men sigeren er aldri truga, og jentene "surfar" inn for halv maskin. Seier 25-21. Celina Nordbø, Hege R Andenes og Marthe H Hansen skåra alle 5 mål i dagens kamp, og vart GHK sine mestskårande.
Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov, Celina Nordbø(5), Marthe H Hansen(5), Hege R Andenes(5), Irene Slagstad(1), Maria Kleppe(1), Malene Støylen(1), Amanda Veiteberg(1),Eli-Anne Birkelund(3), Toril H Gaasø, Heidi Sægrov(3).
Toppgruppeøkt tiiiiidleg fredag morgon
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2012
I dag hadde toppgruppa si andre morgonøkt, denne gong i lag med GFIL. Òg fantastisk nok, heile 31 stk møtte opp. Først ei oppvarmingsrunde ute i ausande regnvær, deretter ei knalløkt inne under kyndig leiing av Nils Ove Roset. Av desse 31, var 25 stk handballspelarar frå GHK. Nokre hadde fråfall pga skade.
Flott syn!!!! Klokka er framleis såvidt over 07.00
No ventar ny økt på mandag, der dei som skal på RUM samling seinare på dag har fri. Her er nokre bileter frå dagens økt:
Instruktøren......Dagens sprekaste???
Her er nokre av gutane i gang med styrkeøvelse.
Amanda og Irene med den same øvelsen.
Tap for Gloppen 2 på Eid
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2012
Haugen/Eid vart for sterk i går kveld, og fekk revansje etter tapet i Firdahallen. |
Tap for jentelaget i Førde
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012
GHK sitt jentelag tapte i kveld 26-22 for Førde på bortebane. Stillinga ved pause var 16-10 til Førde.
Ragnhild, Amanda og Ingvild legg slagplan i pausen
Frå start av synte Førdejentene meir vilje og hadde større fart i føtene enn våre jenter. Etter ei stund sette vi innpå Amanda og Sigrid, og kampen jevna seg ut. På førehand var det avtalt at Amanda skulle spele lite for å spare ho til Bergenstur med damelaget. Elise sat på benken heile kampen av same årsak. Førde seig frå fram mot pause og leia med 6 mål halvveges. I andre omgong starta spelte GHK kjempebra i forsvar og sette inn fleire mål etter fint angrepsspel. Etter 10 min var stillinga 18-18. No følgde laga kvarandre til 21-21. Men Førde drog ifrå og vann 26-22.
Desse var med i dag: Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Amanda Veiteberg(6), Sigrid H Hansen(7), Marte S Hjelle(3), Irene Slagstad(2), Martha Sofie Eide, Anne Kristin Haraldsvik, Ingvild Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(3)
Viktige bortekampar for damelaget til helga.
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012
GHK sitt damelag i 3.divisjon skal på bytur til helga for å spele dobbelkamp der, medan damelaget i 5.divisjon skal avslutte sesongen på heimebane mot Sogndal sitt andrelag. Jente 15 laget skal til Eid for å møte heimelaget i kampen om sluttspelplass.
Det er lov å håpe på liknande jubel når damelaget dreg til Bergen til helga. (Her etter sigeren over Fyllingen 2 i februar) |
Når damene reiser til Bergen denne helga, er det i håp om å ta poeng mot lag nr 2 og 3 på tabellen. Laurdag møter damene Gneist, medan dei søndag skal opp mot Åsane. I denne divisjonen kan det meste skje framleis, så her er moglegheitene for poeng absolutt tilstades. Om jentene hentar fram finspelet slik vi veit dei kan, trur vi på poengfangst med heimatt på søndag. Bodil Hjelmeset er diverre ikkje med til Bergen og vert nok sakna, men resten av gjengen er gode nok for poeng.
Damelaget i 5.divisjon er einaste GHK lag med heimekamp denne helga, når dei møter Sogndal 2 på laurdag. Dette er siste kampen denne sesongen. Ein sesong som har vore oppløftande for det unge laget. Om dei klarer å vere stabile i 2x30 minutt, kan poeng vere innan rekkevidde. Diverre har laget ein del forfall til denne kampen, men dei som er med er heilt sikkert innstilt på å kjempe for siger.
Jente 15 laget skal til Eid. Laga i denne serien er no inne i kampen om sluttspelplass i Stryn. GHK og Eid har opna med kvart sitt tap her, men den som vinn denne kampen kan ha gode moglegheiter til å nå sluttspelet. Reknar med at Jostein sine jenter vil gjere alt for å nå denne "gulrota". GHK skal òg møte Askvoll/Holmedal og Høyang før alt er klart, så dette vert spanande.
Lykke til med helgas kampar.
Torsdag 8.mars - To 16års kampar i kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2012
I kveld skal J16 laget til Førde for å møte heimelaget der, medan gutane sitt andrelag skal over fjorden til Eid i møte med samarbeidslaget Haugen/Eid.
Marthe Sofie, Ingvild, Marte &co møter Førde i kveld (arkivbilde frå kampen mot Jotun)
GHK sitt J16 lag skal til Førde for å spela sin siste kamp for sesongen. Dei møter her eit av topplaga i serien. Førde har så langt kun tapt i bortekampane mot dei suverene Strynejentene, samt Dale. Jentene våre får ei tøff oppgåve, men ryktene seier at dei langtidsskada sentrale spelarane er på veg tilbake på laget. Kanskje kan GHK overraske i kveldens kamp og ta med seg 2 poeng i bussen tilbake til Sandane.
Det gode 15års gutelaget skal til Eid for å møte heimelaget her. Gutane vann heimekampen mot Haugen/Eid, og reiser nok over fjorden med tankar om å gjennta dette på bortebane òg. Haugen/Eid er eit godt lag, men gutane til Torbjørn har synt før at dei kan slå alle lag på ein god dag.
Vi ynskjer begge laga lukke til i kveld.
Firdahallen - mandag 5.mars - kl.07.01
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mar 2012
27 morgonfriske ungdomar i Toppgruppe Handball er i full gang med oppvarminga under kyndig leiing av trenar Bjørn Roth Andenes
Nysatsinga Toppgruppe Handball hadde si fyrste morgonøkt i dag tidleg. Kl.07.00 var 27 stk jenter og gutar klar til trening. Trass tida på døgnet, var det stort sett berre smil og glede og sjå. Det virka som ungdomane gleda seg til økta. Bjørn hadde laga til stasjonar rundt om i hallen, der grupper av ulik størrelse roterte mellom stasjonane. Her trur eg dei fleste muskelgrupper vart vekte til live. Men alle såg ut til å gjennomføre treninga utan problem, så dette er forhåpentlegvis starten på ein ny treningskultur i GHK. Etter uttøying, fekk alle med seg frukost på veg i dusjen. Ny morgonøkt på fredag, då i lag med/i regi av GFIL. Under nokre bilder frå dagens økt:
Engasjert trenar
Alex, Runar og Ole M driv styrkeøvelsar
Antal armheving på 1 min......her Amanda ;)
Viktig med god uttøying etter trening
Herrelaget med to tap i Bergen denne helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2012
Nytt tap for damelaget i 5.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2012
Damelaget i 5.divisjon tapte møt Fjøra
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2012
J-16 spela uavgjort 14-14 mot Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2012
Lovande start der jentene tok føringa i kampen og leda kampen 3-1 etter 6 minutt.
Flotte handballjenter klare til kamp |
Dagens toppskårar Irene, fyrer av sitt frykta stegskudd mot Dalemålet |
Gloppen 2 med solid siger mot Førde
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2012
Det vart klar favorittsiger for 16-åringane mot Førde i Firdahallen i dag, då Gloppen 2 møtte Førde. Dei vann til slutt 30-21.
Sander Nesdal med 3 flotte mål i dagens kamp, alle med "venstrekanona"
Gloppen 2 er litt reduserte for tida med Hans og Kristian ute med langtidsskade og Erlend på Bylagsturnering. Vi måtte defor låne nokre 95-gutar for å kunne stille lag. Det var likevel 96-gutane som måtte dra lasset og det gjorde dei til gangs.Handballen i gang att etter vinterferien
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2012
Til helga er det klart for nye kampar med GHK lag på eine banehalvdelen. Herrelaget i 2.divisjon skal til Bergen for dobbelkamp, medan damelaget i 5.divisjon skal til Sogndal for å møte Fjøra på laurdag og til Vik for å møte heimelaget der på søndag. Jente16 laget skal møte Dale i Fjalerhallen, medan 15års gutane skal møte Førde på heimebane i Firdahallen.
Damene i 5.divisjon skal spele 2 kampar denne helga |
Herrelaget i 2.divisjon ligg utsatt til på tabellen, og reiser til Bergen for å møte lag som ligg føre dei på tabellen. På laurdag skal dei møte Årstad som er eit av dei beste laga i divisjonen. På heimebane tapte GHK med 7 mål for Årstad, men Årstad har nett spela uavgjort mot botnlaget Norønna så poeng er innan rekkevidde. På søndag skal karane våre møte Sotra. Eit lag vi slo med 2 mål heime, så bør absolutt Edvin & co kunne hente livsviktige poeng om laget får til det spelet vi veit dei kan.
Damelaget i 5.divisjon har hatt ein flott sesong så langt, og skal denne helga møte to lag der poengmoglegheitene bør vere store. På lørdag møter dei sentrumslaget Fjøra frå Sogndal. Uavgjort på heimebane mot dette laget bør gje jentene til Ragnhild håp om å kunne "krige" til seg nye poeng frå denne kampen. Det same er tilfelle i søndagens kamp mot Vik. Vikjatausene vart knebla på heimebane, og her håper vi på to nye poeng til "smilets lag" i GHK.
Jentelaget skal til Dale for å prøve og revansjere heimetapet mot Fjalerjentene. Håpet er at kamppausen no har gjort laget godt og at jentene verkeleg kan få syne kva som bur i dei på tampen av sesongen. Det bør ikkje vere tvil om at med alle spelarane skadefrie, er dette laget eit av fykets beste jentelag. Vi trur no jentene er innstilt på å legge mange "trøblete" kampar bak seg og reiser heim frå Dale med to poeng i bagasjen.
GHK sitt gode 2. lag i guteserien skal møte Førde på heimebane. Førde har eit ungt lag med mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil hevde seg betre neste år om dei fortset framgongen på bana. I denne kampen reknar vi med at Sander Nesdal & co vert eit nummer for store for Førdianarane, og to nye poeng vert att i Firdahallen på laurdag.
Begge GHK sine gutelag skulle også møtt Vik på bortebane denne helga. Desse kampane ville vere avgjerande for toppstriden i serien. Men å få avvikla kampar mot Vik syner seg å vere svært vanskeleg. Om vi ville kunne vi tatt alle poenga utan kamp, men trenarteamet og gutane sjølve ynskjer å spela kampane. Så får tida syne om laga kjem fram til ein speledato som høver for Vik.
Kamp mot Vik utsett
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2012
RUM samling i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Feb 2012
Regionalt utviklingsmiljø i sone 1-3 skal ha samling i Firdahallen mandag 12.mars. Som vanleg har NHF Region Vest plukka ut mange GHK spelarar til samlinga.
Irene og Elise er tatt ut til RUM samling i Firdahallen
Samlinga startar kl. 10.45 med registrering, og vert avslutta kl. 17.00. Frå GHK er desse tatt ut:
Elise Heien Hansen, Irene Slagstad, Daniel Hj Reed, Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Osmund Vereide, Evald Devik, Mikael Alander, Sander Nesdal, Magnus Andre Morritsgård, Hans Sande og Lauritz Bjørnereim.
Vi ynskjer lukke til på samlinga.
Heile uttaket finn du her: http://www.handball.no/p1.asp?p=35067
Toppgruppe i handball
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2012
GHK har ein visjon om å vere best på talentutvikling i Sogn og Fjordane. Klubben er i dag med i eit samarbeidsprosjekt, TOPP - idrettsutvikling, som er drive av Sogn og Fjordane Idrettskrins og Sparebanken S & Fj. Dette prosjektet har som mål å tilby eit godt sportselg tilbod til ungdom i alderen 16-19 år som mellom anna skal gjere at ungdom i denne alderen ikkje må reise ut av fylket for dette i den tida dei går på vidaregåande skule.
Amanda Veiteberg er med i Toppgruppa |
Gutelaget slo SUMlaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Feb 2012
GHK sitt gutelag slo i dag SUM96gutar 30-24 i ein treningskamp i Firdahallen, etter å ha leia 17-8 til pause. Kampen var eit ledd i SUMsamlinga som har vore i Firdahallen denne helga, under leiing av damelaget sin trenar Øyvind Indrebø. Gutelaget vann kampen mykje på grunn av sin overlegne fysikk og var sjølvsagt også eit meir samspela lag.
Deltakarane på helgas SUM samling
Etter denne kampen måtte SUMgutane ut i ein internkamp, så det var dyktig slite handballspelarar som reiste heim att ut på ettermiddagen i dag. I tillegg hadde dei også ei treningsøkt tidleg på føremiddagen i beina.
Slik vil eg ha det... Øyvind i kjent stil :)
Øyvind Indrebø er nøgd med det han såg iløpet av desse to dagane, og at det gror godt i handballmiljøa rundt om i fylket er heilt sikkert. Han rettar òg ei stor takk til Magne Morritsgård og Jonas Alander som har lagt forholda til rette for samlinga i regi av GHK.
SUM samlinga i gang!
Postet av Gloppen Handballklubb den 25. Feb 2012
Helgas SUM samling for dei beste 96modell gutane i fylket er i gang i Firdahallen. Under fast og dyktig leiing av Øyvind Indrebø, er 18 gutar frå heile fylket i full sving med trening. I kveld skal gutane kose seg med pizza på Mona Lisa, før nye økter ventar i morgon. Kl. 13.00 i morgon skal SUMlaget møte GHK sitt 16årslag til kamp.
Øyvind Indrebø forklarer gutane kva dei skal gjere! |
SUM samling for 96 gutane i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Feb 2012
Førstkomande laurdag og søndag er Firdahallen arena for dei beste 96 gutemodellane i fylket. I Geir Giil sitt sjukefråvær, er det vår eigen dametrenar Øyvind Indrebø som skal leie samlinga. GHK er representert med fleire spelarar på samlinga, sjølv om to av dei uttekne er med GFIL på treningsleir i utlandet akkurat no. Vi kjem tilbake med meir frå samlinga i løpet av helga.
Strektalentet Magnus-Andrè Morritsgård vert å finne på samling i Firdahallen til helga |
Erlend Ulvestad klar for bylagsturnering!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Feb 2012
Vår eminente gutespelar Erlend Ulvestad er tatt ut i troppen til bylagsturnering i Stjørdalshallen første helga i mars. Ikkje overraskande, sidane Erlend også har vore på landslagssamling nyleg. Dette er ei ny "fjør i hatten" ,spesielt for Erlend, men også for GHK som klubbutviklar. Vi er svært stolte på Erlend sine vegne, og ynskjer lukke til i Stjørdalen.
Erlend er klar for bylaget. Vi skal få fleire framover.... |
Firda vidaregåande skule "skvisa" ut i kampen om valfag Toppidrett Handball
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Feb 2012
I mellomtida har det òg vore forslag om å dele den siste "potten" mellom Firda og Hafstad. Førde Kommune ville då gå inn og dekke Firda sin "del" for Hafstad slik at Hafstad skulle få like stor del som Sogndal og Stryn. Likevel vert handballen, ein av dei store idrettane i fylket, strokne frå lista. Forstå det den som kan.
Kva som har føregått i dei siste dagane og nettene skal vere usagt på dette forumet, men at dette er eit politisk spel som kan få følgjer både for Firda og handballen i fylket synest klårt. Uansett må vi no ta dette til etterretning og sjå framover. GHK er ein del av TOPP idrettsutvikling, og hadde klart eit opplegg nært knytta opp mot valfag Toppidrett Handball som vi forventa skulle kome ved Firda. Gjennom prosjektet Topp idrettsutvikling vil vi opprette ei toppgruppe/satsingsgruppe i GHK som vil få tilbod om å trene meir og riktig i forhold til å utvikle seg innanfor handballen. Dette er eit prosjekt vi har stor tillit til vil kunne bidra til at ungdom som tar vidaregåande ved Firda vil kunne trene spesifikt på handball og utvikle ferdigheiter som gjer at dei vil kunne bli ein betre handballspelar og nå eit høgare nivå. På førstkomande torsdag vil GHK orientere alle 94,95 og 96 modellane i klubben om tilbodet. Dei som då i etterkant vel å gå vidare med dette tilbodet, vil danne toppgruppe handball med dei krav som dette medfører den enkelte.
To potensielle toppgruppedeltakarar |
Rein "GHK" finale i fylkesmeisterskapen i handball for vgs
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Feb 2012
I dag vart fylkesmeisterskapen i handball for dei vidaregåande skulane i fylket skipa til i Firdahallen. Blant gutane var dei ingen tvil......rein Firdafinale, der mesteparten av spelarane høyrer heime i GHK drakta. Blant jentene var også Firda i finalen med eit lag der alle til dagleg spelar på K3 laget til GHK. Her møtte dei Dale vgs. I ein jevn finale, gjekk straumen i Firdahallen etter vel 7 min på stillinga 6-5 til Firda. Straumen kom ikkje att før Fjalerjentene var på veg heim att, så denne kampen må takast att.
Her er begge gutelaga til Firda vgs etter kampen. Vinnarlaget til høgre.
Internoppgjer enda med siger til Gloppen1
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Feb 2012
Tett forsvar av dei "raude" GHK 16åringane. |
Magnus Andrè spela ein stor andre omgong i dag. Her har han rive seg laus frå Vegard og Ørjan før han set ballen i mål. |
GHK damene banka Fyllingen2 i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Feb 2012
Med gårsdagens uavgjorte kamp mot Kjøkkelvik2 friskt i minne, var det knytta stor spaning til dagens kamp mot Fyllingen2. Og spanande vart det. Men denne gangen ville jentene vinne, og kunne til slutt juble for 2 nye poeng og siger 30-27.
Jentene kune sleppe jubelen laus etter å ha slått Fyllingen 2. |
Om kampen i går var ein triller, vart ikkje dagens kamp noko mindre spanande. Begge lag synte mykje fin handball og følgde kvarandre i målstatistikken utover i første omgong. GHk klarte i ein periode å kome 3 mål føre, men Fyllingen kom tilbake og kunne gå til pause med 15-14 leiing. GHk sleit med å få tak på Fyllingen si Elise Fedje som banka inn mål etter mål. Samstundes var det kjekt å sjå Bodil Hjelmeseth og Heidi Sægrov som til tider herja med Fyllingenforsvaret. Heidi var sikker som banken frå 7meter og vart til slutt kampens toppskårar med 11 mål. Bodil stoppa på 9 mål, men var glitrande til å ta tak når det butta litt imot.
Kampens giganter, Heidi og Bodil |
I andre omgong fortsette kampen i same spor som før kvilen. Laga veksla på å ligge føre med eit og to mål, men begge lag var flinke til å kome tilbake sjølv om ein låg under. Så fekk Eli-Anne Birkelund litt uforståeleg direkte raudt kort etter ei litt uheldig takling, og ein spurde seg om dette ville påvirke heimelaget. Og det gjorde det, men i positiv forstand. Dei andre jentene tok tak, også i undertal og klarte på mesterleg vis å opparbeide seg ei 5 målsleiing. Sjølv om denne krympa noko, klarte jentene å halde hovudet klart og kunne til slutt juble for to velfortjente poeng. Som før sagt var Heidi og Bodil dei to store profilane på heimelaget i dagens kamp, men òg Eli-Anne fekk synt seg fram frå streken før ho måtte ut. Heile laget skal ha ros for at dei held på humøret og aldri gav opp. Denne kampen ville dei vinne.
Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(11), Malene Støylen, Bodil Hjelmeseth(9), Elise H Hansen(2), Celina Nordbø(1), Eli-Anne Birkelund(4), Maria Kleppe, Irene Slagstad, Marte H Hansen(2), Torill H Gaasø(1)
HEIM ATT MED 4 POENG
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012
Begge gutelaga var i Florø i dag og gjorde reint bor. Stor stemning i GHK-bussen heim att.
To gutar med målteft: Ørjan med totalt 14 mål i dag, og Sander med 5 mål
Sjølv med stort fråfall på grunn av sjukdom og skader greidde vi å stille to gode lag i Florø.Trillerkamp mellom GHK og Kjøkkelvik
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012
Kveldens kamp i Firdahallen mellom GHK og Kjøkkelvik2 i damene sin 3.divisjon, vart ein kamp med full nerve frå start til slutt. I dramatiske sluttminutt vart det til slutt poengdeling og 28-28 i målprotokollen. Stillinga til pause var 14-13 til heimelaget.
Tett og jevnt, heile vegen |
GHK kjem best i gang i kampen og er oppe i 10-6 etter halvspela første omgong, etter flotte mål av bl a Celina, Eli-Anne og Bodil og ei susande skåring frå kant av Maria Kleppetaus. Kjøkkelvik kjem tilbake og på stillinga 11-10 tar Øyvind "timeout" for å minne jentene på at det er kamp. Laga går i garderoben ved halvtid med ei snau leiing til heimelaget 14-13.
Tett og tøft gjennom heile kampen |
Etter pause klarer Kjøkkelvik å snu kampen til sin fordel og er oppe i ei 17-14 leiing tidleg. I denne perioden har GHK "stang ut". Men jentene kjem tilbake og utliknar til 17-17 etter 12 min. Så drar Linn fram ei flott redning og Heidi kontrar til 18-17, før same dame set inn 19-17 på straffe etter 15 min. Celina skårer også på straffe til 20-18, og Malene til 21-19 etter 18 min. Eli-Anne frå strek til 22-20, men Kjøkkelvik gir aldri opp og når det er 5 min att av kampen er stillinga 24-24. Heidi set straffe til 25-24. Kjøkkelvik til 25-25-4 min igjen. Så aukar Heidi til 26-25 på straffe, før Malene legg på til 27-25 og alle trur at no er sigeren i boks. Men Kjøkkelvik kjem nok ein gong tilbake og utliknar. Stillinga er 27-27 med 1,30 att av kampen og underteikna har alarmerande høg puls. Begge lag skårar ein gong til og kampen endar uavgjort. Dette var ein kamp heimelaget burde vunne, men Kjøkkelvik hadde mange flotte spelartypar og gav våre jenter kamp til døra og difor var kanskje uavgjort ei rettferdig resulat trass alt.
Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(8), Malene Støylen(3), Bodil Fjellestad(3), Celina Nordbø(5), Maria Kleppe(1), Eil-Anne Birkelund(5), Marte h Hansen(3), Irene Slagstad og Torill H Gaasø.
Godt med stødige folk i sekretæriatet under slike kampar. Liv og Ole Jonny med full kontroll :-) |
GHK2 damene tapte mot Bjørn i 5.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012
Sognelaget Bjørn vann 24-13 over våre damer i dagens 5.divisjonskamp i Firdahallen, etter å ha leia 10-7 til pause. Kampen var på mange måtar jevnare enn resultatet skulle tyde på, men der GHK skaut stolpe ut sette Bjørnjentene ballen i mål.
To flotte handballspelarar frå dagens kamp:Beate Støfring med 3 mål, og Sigrid Fjellestad med 1 mål |
Bjørn kom også best i gang i dagens kamp og gjekk tidleg opp i 4-0, før Marie dundra ballen i mål til 1-4 og 2-4 etter 10 min. Etter 15 min var stillinga 2-6. Hildegunn reduserte til 3-6, før Sofie reduserer 2 ganger til 5-7. No er GHK i siget og kjem heilt opp i ryggen på Bjørn til 7-8 etter flott skåring av Sigrid Fjellestad. Bjørn drar ifrå att til pauseresultat 7-10.
Konsentrert forsvarsspel |
I andre omgong aukar Bjørn til 8-14, før Ragnhild tar "timeout". Beate Støfring reduserar til 9-14, før ho litt etter prikkskyt i vinkelen til 9-16. Etter dette virkar det som om jentene slepp seg litt ned i tempo og Bjørn drar ifrå til ei 10 målsleiing, før Eline reduserar til 11-21 og Beate til 12-22. På slutten får Bjørn nokre enkle mål på kontring og sluttresultatet vert 13-24.
GHK mangla viktige spelarar i denne kampen i Jenny Holvik og Tiril S Reed og det merkast. Men jentene kjem nok sterkare attende i neste kamp, for det bur mykje handball i denne gjengen.
Desse var med: Benedikte Vederhus, Bodil Fjellestad, Eline Aasebø(2), Hildegunn L Otneim(1), Sigrid S Kissner, Sigrid Fjellestad(1), Marie N Midthjell(2), Kristine S Book(2), Malin Eikenes, Sofie Djupegot(2), Beate Støfring(3)
GHK sitt 15års jentelag tapte mot Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012
GHK sitt 15års jentelag tapte med 10 mål mot Stryn på heimebane i Firdahallen i dag. På førehand var det venta ein tøff kamp mot eit godt Strynelag. Stryn er ein av favorittane til å vinne denne serien, og hadde kontroll frå start til slutt og vann 23-13.
Sentrale jenter i dagens kamp. Elin, Elisabeth og Ragnhild med 3 mål kvar + fantomkeeper Solgunn |
Det var først og fremst i første omgong at Stryn la grunnlaget for sigeren. Dei leia då også med 10 mål til pause (14-4). Stryn gjekk rett opp i 3-0 leiing, før Amalie reduserte på straffe. Ragnhild følgde på med redusering til 2-4. Så starta Solgunn med fleire flott redningar, bl a ei straffe. Solgunn skulle også seinare i kampen syne at her har Gloppen eit stort keepertalent i emning. Det var likevel Stryn som drog ifrå utover i omgongen og leia 12-3 etter 20 min. Ayla finta seg fint gjennom frå kant og reduserte til 4-12, før Stryn fastsette pauseresultatet til 4-14. Det var Stryn sin nr 14 Lone Vik som var den store spelaren før pause og skåra heile 6 mål. Ho fortsette i andre omgong og vart kampen sin toppskårar med 10 mål totalt.
Ikkje lett å kome gjennom forsvaret til Stryn |
Andre omgong vart ei positiv oppleving for jentene våre. I denne omgongen held dei uavgjort mot det gode Strynelaget. Først og fremst var jentene våre mykje flinkare framover på bane med mange fine kombinasjonar som resulterte i flotte mål. Og bakerst stod Solgunn som ein levande vegg til tider. I tillegg til før omtala Lone Vik, var nok Solgunn kampens store profil.
Ein av kampens store profilar, Solgunn Alme |
Elisabeth og Elin skåra GHK sine første mål i andre omgong til stilling 6-15, før Stine Raad banka inn 7-15 og Ayla til 8-16. Ragnhild Ryssdal synte godt spel med eit flott gjennombrot til 10-19.
Alt i alt ein oppløftande kamp av dei unge jentene på GHK. Når dei får litt meir samtrening og erfaring, kjem desse jentene til å prege handballen framover. I dagens kamp mangla også strategen Ingvild Slagstad som er sjuk.
Desse var med: Solgunn Alme, Amalie E Mundal (1), Ayla M Seime (2), Elin Møll (3), Birte Eilander, Ragnhild Ryssdal (3), Eirhild B Alme, Benedikte G Lotsberg, Elisabeth V Hansen (3), Marita Veiesund, Stine Raad (1).
Gutekamp spelast i morgon
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012
Jentehelg i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2012
Til helga er det dei unge jentene og dei litt eldre damene som skal i elden på heimebana i Firdahallen. Jente 15 laget tar imot Stryn, medan damelaget i 5.divisjon skal måle krefter med Bjørn. Damelaget i 3.divisjon skal ha dobbelkamp. Først mot Kjøkkelvik 2 på laurdag, før Fyllingen 2 ventar på andre banehalvdel på søndagen. Gutelaga skal til Florø før å møte heimelaget der.
Både Malin og Sofie vil nok gjere sitt for at K5 damene vinn på laurdag |
Først ute på sportsgolvet i Firdahallen på laurdag er jente 15 laget. Dei skal møte naboen frå Stryn i den nyoppretta serien som skal lede fram mot sluttspelplass. Det vert garantert ein knallhard kamp for Jostein sine jenter, men dei har synt fin framgong gjennom sesongen og vil heilt sikkert gje Stryn kamp til siste slutt. Vert ikkje overraska om dei tek poeng.
Neste lag ut er dei blide K5 damene. Dei skal møte eit av topplaga når sognelaget Bjørn kjem på besøk. Men GHK ligg ikkje mange poenga bak, og kan med siger her krype heilt opp i ryggen på motstandaren. Dette trur vi er motivasjon nok til at damene spelar opp mot sitt beste, og då er dei gode. Klarer dei i tillegg å vere stabilt god i lange perioder av kampen, trur vi på poeng.
Til slutt på laurdagen møtes GHK og Kjøkkelvik 2 til kamp i damenes 3.divisjon. GHK må klare seg utan lynvingen Hege R Andenes, som reiser til varmere strøk for ein periode. Likevel trur vi Øyvinds "gaseller" spring motstandaren i senk med hurtig angrepsspel og "lynande" kontringar. Denne kampen skal vinnast. På søndagen er det Fyllingen 2 som er motstandar. Dette er nok eit betre lag enn Kjøkkelvik, men poengmessig nokså likt GHK (fleire poeng, men også fleire kampar). Her vil ein nok flyte på ein god opplevelse frå laurdagens kamp, og spikre 4 poeng opp på veggen i heimegarderoba.
Gutelaga reiser til Florø med begge sine lag på laurdag for å møte heimelaget der. Florø har eit brukbart lag, så poenga må kjempast for. Begge laga våre slo Florø på heimebane, men i kystbyen får ein det nok litt tøffare. Spesielt andrelaget slit med sjukdom og skader, men òg førstelaget har skader. Likevel tru vi gutane kjem heim med full poengpott.
Lykke til
Gutane fekk revansj mot Haugen/Eid
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Feb 2012
16-årsgutane ser endeleg ut til å vere kvitt Haugenkomplekset. Etter det forsmedelege tapet på Eid før jul fekk dei endeleg revansjert seg i kveld.
Brukbar kontroll bakover i kveld |
Daniel Hjohlman Reed til regional landslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Feb 2012
Daniel H Reed er på ny tatt ut til regional landslagssamling for gutar fødd 94-95. Samlinga er i Haukelandshallen tysdag 14.februar. Vi gratulerer med uttaket.
Daniel til nok ei reg landslagssamling |
Gutelaget på revansjetokt i morgon kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Feb 2012
Motivasjonen til gutelaget før morgondagens kamp mot Haugen/Eid i Firdahallen er truleg betre enn nokon gong. Bortetapet mot naboane på nordsida av Nordfjorden svir nok enno, og spesielt at ein opplevde noko nær måltørke i andre omgong der ute. Men, alle handballkampar lever sitt liv, så gutane til Torbjørn og Gunnar må hente fram sitt beste for å vinne.
Tirsdagens internkamp mellom gutelaga prøver vi å flytte til neste mandag, då den er oppsett i andre si treningstid.
Ny spennande kamp av J-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2012
På grunn av skader og sjukdom stilte Jotun berre med eit lag i Firdahallen i dag. Det var ein jamn kamp stort sett heile vegen, med spenning heilt til slutt.
Kampens store profil,Irene Slagstad (nr14) overvaker eit Jotunangrep |
GHK-J-16 er fortsatt prega av skader. I dag var ikkje Elise og Christine med og Ingvild var veldig forkjøla og spela lite. Sigrid har pga skade ikkje spela sidan vi var i Jotun i haust. Det var ein jamn kamp heile vegen, men vi låg for det meste under med 1-3 mål i periodar. Irene var den store målskåraren. Sarah og Helene stod veldig godt i mål, spesielt i 2.omgang var det dei som redda oss.
Helene Djupegot stod godt i mål. |
Vi slit fortsatt med å få ballen inn til linjespelarane våre. Det var ikkje ei einaste straffe i kampen. Vi har fortsatt for mange personlege feil. Heldigvis for oss hadde Jotun mange bomskudd. Jentene skal ha ros for god innsats og fin avslutning på kampen. Sterkt å klare å ta poeng i ein kamp der vi stort sett heile tida låg under. Etter første omgang leda Jotun 14-13 og etter full tid var resultatet 20-20.
Stort sett kontroll i forsvar..... |
Desse spela:Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Irene Slagstad (10), Maret Sunde Hjelle (2), Martha Sofie Eide, Anne Kristin Haraldsvik, Inger Margrethe Sørland,Elisabeth V. Hansen (4), Elin Møll (2), Amalie Mundal (1), Aila Seime (1) og Ingvild Slagstad
K5 damene vann på ein dårleg dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2012
GHK sitt 5.divisjonslag for damer var på langtur til Aurland i dag for å møte heimelaget til kamp. Ein del sjukdom og skader gjorde at kun 9 spelarar kunne vere med. Uansett, damene gjorde jobben sin og vann 33-25, etter å ha leia 13-12 til pause.
Klar siger for damene mot Aurland. (her frå heimekampen mot same lag) |
Jenter 16 med dobbelkamp heime til helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2012
Det går mot ny helg og nye kampar for nokre av våre lag. GHK K5 tar den lange turen til Aurland for å møte botnlaget i 5.divisjon, medan vårt jente 16 lag tar imot både Jotun 1 og 2 til kamp i Firdahallen på laurdag.
Marte Sunde Hjelle & Co tar imot Jotun til kampar på laurdag
Dei gode og blide jentene på 5.divisjonslaget vårt tar altså turen til Aurland for å møte eit heimelag som står utan poeng så langt i serien. Vi trur ikkje Ragnhild lar jentene ta lett på denne kampen, så vi håper Malin & Co tar med seg alle poenga tilbake til Sandane.
Jente 16 laget tar imot begge Jotun sine lag til heimekamp i Firdahallen. I dei motsatte kampane i Årdalshallen i haust, var det GHK som feia parketten med Årdalsjentene og vann begge kampane etter glimrande spel i begge kampar. I dag ligg Jotun på plassen føre våre jenter, medan dei nest beste frå Årdal ligg sist på tabellen. GHK fekk ein opptur forrige helg med ein sterk bortesiger mot Sogndal, og det ville ikkje overraske oss om dei fortset denne oppturen med å slå begge Jotun sine lag på laurdag.
Ørjan og Sindre i toppen på EM-manager
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Jan 2012
Erlend Ulvestad i bruttotropp til bylagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Jan 2012
Nordstranda og Breim dagens vinnara i skuleturneringa
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2012
Nordstranda skule slo Breim skule i finalen for 6.klasse, medan Breim tok revansje då dei slo Nordstranda i finalen for 7.klasse i dagens kampar under skuleturneringa i Firdahallen.
I dag var det 6. og 7. klassingane som inntok Firdahallen for å kjempe om pokalar og heder til sin skule. Stor stemning på tribuna, og ikkje minst frå benkane, mange tette og jevne kampar med gode lag og mange flotte handballtalent gjorde dette til ein fin handballdag.
I 6.klasse var det berre påmeld 3 lag. Desse vann kvar sin kamp så målskildnaden måtte til for å kåre Nordstranda og Breim til finalistar.Sandane skule var kun eit fattig mål frå. Finalen vart ei tett og tøff batalje, der Nordstranda greidde å få ei luke på slutten slik at dei jublande kunne ta imot pokalen som vinnande lag
I 7.klasse var det som før nemnt også Breim og Nordstranda som møttes i finalen. Også her var det mange harde tak, og det kokte både på bana og benken mot slutten. Til slutt kunne Breimingane feire sigeren og ta med seg den største pokalen heim att til Breim. Sandane 2 slo Sandane 1 i bronsefinalen.
Alt i alt to kjekke dagar i Firdahallen med mykje flott handball og stor stemning og entusiasme. Og at det gror i handballen i Gloppen fekk vi mange døme på iløpet av desse dagane. Mange flotte talent imponerte både med teknikk og fart, og kjem heilt sikkert til å prege handballmiljøet om nokre år.
Kjem nok fleire bileter etter kvart, vil eg tru.
Viktigt oppgør i Firdahallen.
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2012
GHK herre skulle møde NHHI, som har ligget i toppen af 2. div de seneste år. Gutta har brug for en sejer for at komme sig væk fra nedryksplads.
Alt var klart, publikum på plads, NHHI var kommet, dommeren fløjter og GHK går helt i stå. Ball tempo i angreb var for lavt, vi går ikke på mål men spiller på tværs af forsvaret. I forsvaret mangler tænding og NHHI afslutter fra 6-7 m afstand relativt upresset hver gang. Efter 15 minutter er stillingen 11-2 og man kan med rette spørge om 2. div er 2-3 niveau for højt for os.Efter et par omrokeringer kommer angrebsspillet i gang og NHHI slakker lidt på tempoet. Ved stillingen 16-6 har Paulen fået nok og beder om at Daniel får prøve sig.
Unggutten tager frisk fat og starter med en 100% redning på rush noget som får publikum til at vågne efter 20 minutter med kedelig spil. Laget løfter sig og går til pause med 9-18 imod sig. Andre omgang bød på til tider flot spil, Runar udfordrer bra på høgre back og scorer på 3 af 4. Edvin og Vegard havde nogle flotte kombinationer, som bevidner at vi kan spille Handball. Arild scorer på straffe og bremser NHHI i forsvaret, Jens Christian banker ind et par mål helt på tampen. Efter en elendig start kommer vi bedre og bedre i gang men det er nedtur at prestere så dårligt foran et talstærkt fremmødt hjemmepublikum. Daniel står frem som kampens bedste for GHK og har gjort meget store fremskridt i løbet af denne sæson.
Mykje fin handball på første dag av skuleturneringa
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2012
Det var mange tette og jevne kampar under første dag av årets skuleturnering. Mykje flott idrettsglede og eit yrande liv av flotte skuleborn frå alle skulane i kommunen.
I dag var det 4. og 5. klasse sin dag, og frå tidleg morgon til langt på ettermiddagen gjekk kampane tett på to baner. I 4. klasse var det til slutt Nordstranda skule som drog av med sigeren etter å ha slege Sandane skule lag 1 knepent med 10-8.
Nordstranda skule sitt vinnarlag i 4.klasse
I bronsefinalen var Breim meir suverene då dei banka Sandane skule lag 2 med heile 16-4.
I 5.klasse var det ein tett og jamn finale med mange mål. Sandane skule sitt lag 2 drog til slutt i land ein fortjent 16 - 12 siger over Breim.
Sandane skule sitt vinnarlag i 5.klasse.
I bronsefinalen her var det ein enno tettare duell mellom 2 lag frå Sandane skule. Sandane sitt lag 3 vann til slutt 11-10 over Sandane sitt lag 4.
I morgon er det 6. og 7.klasse sin tur, og vi reknar med minst like mykje spenning då. Vel møtt!
Endeleg seier igjen til J-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2012
Laurdag 28.januar var J-16 til Sogndal for å ta revansj for eit-målstapet på heimebane.Vi var veldig spente om målet vårt held. Vi har komt inn i ein tralt med å tape jevne kampar med eitt mål.
Glade jenter etter siger mot Sogndal |
Viktig heimekamp for GHK herrane til helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2012
I tillegg til skuleturneringa som varer både laurdag og søndag, skal også herrelaget i 2.divisjon spele ein viktig heimekamp mot NHHI på laurdag medan jente 16 laget tar turen til Sogndal for å møte heimelaget der. Også det på laurdag.
Klarer Edvin å lure målmannen til NHHI også? Her frå kampen mot Norønna sist helg. |
Herrelaget skal ut i ein svært viktig kamp på laurdag. Pr i dag ligg GHK på nedrykksplass, men med like mange poeng som 2 av laga som ligg føre på betre målskildnad. GHK slo dei aldrane Norønnakarane forrige helg, men møter nok tøffare motstand her. NHHI tapte med 4 mål heime for topplaget Åsane sist, men skal her ut på langtur for å møte eit heimelag i Firdahallen som vil kjempe med nebb og klør for poenga. Vi trur på heimesiger for Bjørn sine menn.
Jente 16 laget skal til Sogndal for å møte heimelaget i Sogndal Idrettshall. Laga har like mange poeng sålangt, og ligg på sjette og sjuande plass på tabellen. GHK tapte heimekampen mot Sogndal med 25-26, og er nok svært svolten på å revansjere seg her. Som vi tidlegare har skrive linje opp og linje i mente om, så har årets sesong vorte noko heilt anna enn det ein hadde ambisjonar om før sesongstart. Skadar og atter skadar har råka dette laget svært hardt, men jentene har halde på humøret gjennom sesongen og spelar på sitt beste feiande flott handball. Vi håper på to poeng i bussen heim att.
Klart for skuleturnering i handball i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2012
Til helga er det klart for mykje handballmoro i Firdahallen, når alle barneskulane i Gloppen møtast til årets skuleturnering i regi av Gloppen Handballklubb.
Dette er ei årviss turnering som skulle gått av stabelen i haust, men på grunn av ombygginga i Firdahallen måtte vi utsette til no. At dette er ei godt innarbeidd turnering, syner talet på lag som er påmelde. Heile 23 lag frå skulane på Sandane, Hyen, Nordstranda og Breim, representerar ein stad mellom 175-190 handballspelarar på plass i hallen. Laurdagen er det 4. og 5. klassane sin tur, medan 6. og 7. klasse gjer opp seg imellom på søndagen. 4. og 5. klasse spelar på halv bane med tilpassa minihandballreglar, medan 6. og 7. klasse spelar på heil bane med tilpassa vanlege handballreglar. GHK har eit stort apparat i sving for at turneringa skal gå så knirkefritt som mogeleg, og frå ansvarleg hald får vi stadfesta at det meste no er klart. Som ei avslutning av turneringa på laurdagen, får alle aktive og leiarar høve til å sjå 2.div kampen i handball mellom GHK og NHHI gratis.
For dei som ynskjer meir informasjon om kamptider og puljeoppsett, kan ein finne dette i menyen til venstre på heimesida under "skuleturnering 2012"
Då vil eg til slutt få ynskje alle hjarteleg velkomne til handballfest i Firdahallen.
Klubbesøk frå NHF Region Vest
Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2012
GHK hadde i kveld besøk av klubbutviklar Erlend Vågane frå Regionen. Ei lydhørt og engasjert forsamling brukte to og ein halv time på diskusjon omkring utfordringar og planer framover for GHK.
Mellom 10 og 15 personar vart losa trygt gjennom både diskusjonar og gruppearbeid til beste for handballen i Gloppen av Vågane. Ein resursperson som kom med fleire nyttige innspel for vidare arbeid i klubben.
Nytt oppsett for jente 15 serien
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Jan 2012
Sidan GHK jentene tok ein sterk tredjeplass i serien, har dei havna i A pulja saman med Stryn, Askvoll/Holmedal, Høyang og Eid. Her spelar laga enkel serie og nr 1 og nr 2 går til Fylkesfinalen. Dette er ei knalltøff pulje, der Stryn nok er favoritt på førehand, men GHK sitt jente 15 lag har synt fin framgong gjennom sesongen og vil heilt sikkert vere med å kjempe om ein av dei to finaleplassane.
Første kamp er mot Stryn i Firdahallen laurdag 11.02.
Solid seier!
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jan 2012
Gloppen skulle møte tabellnabo Norrøna etter ein månads kamppause. Vi står med tre sigrar frå tre tidlegar oppgjer og vi var favorittar til å vinne.
Starten på kampen vert i rotete affære og begge lag slit med å få ballen i nettmaskene. Vi gjer det vanskeleg for oss sjølve med raske avslutningar og dårlege innspel. Heldigvis er Paul Remi på hugget mellom stengene og etter 12 minutt leiar vi 6-3. Utover omgongen får vi spelet til å fungere betre og betre og når forsvaret står som ein mur får vi mange lette mål på kontra. Ørjan og Alexander viser seg å vere særdeles raske og effektive. Til pauser viser tavla ei fortent 14-6 leiing.
Vi prøvde å nullstille oss i pausen og vill spele 2.omg som om det stod 0-0 på tavla. Dette lukkast vi ikkje heilt med. Vi tapar dei fyrste 7 minutta 6-1 og plutseleg var Norrøna med i kampen på stillinga 15-12. Vi brenn mange opplagde sjansar i denne perioden og vi kan sjå i ansikta på spelarane at dei lurer på om GHK-spøkjelset er tilbake... Trenaren tek ei dobbel utskiftning og inn kjem Vegard Flatjord på høgre back og Arild Fj på streken. Hola i forsvaret vert tetta og vi kunne begynne å rushe igjen. Gutta viser god geist og vinn dei neste 10 minutta 10-3 og det står 25-15. Vi kunne truleg leia endå meir om vi hadde vore i stand til å spele ballen fram til Gåsemyrekspressen. Som kjent greier ikkje Runar å bli sint-og uttalte etter kampen at: -idag burde eg iallefall ha klikka, for eg fekk jo aldri ballen!
Jens Christian stod fram som den store servitør og fôra Ørjan med ballar som scorar på 4 av 4. Etter fjerde servering og scoring uttalte Jens Christian: "No får du altså ikkje fleire :) ". Like lite hjalp det for Ørjan og Alexander deler plassen som man of the match!
Alle kjem på scoringslista idag-dette er ein kjempe lagseier. I tankane forberedar vi oss allereie frammot neste helg. Det var difor innkalla til ekstratrening for dame og herrespelarar laurdag kveld. På programmet stod Øyvind Indrebø sin forsvarsmetodikk: opp å dans, opp å dans... i forsvaret! Ei framifrå økt!
Vi gler oss til neste helg der vi skal gjere alt for å revansjere ettmålstapet for NHHI på bortebane i haust. For å klare dette har vi bruk for ein stappfull Firdahall. Ring te mosta, hent besta på Gloppebua, få med kameratane på Pelsen, kom nedatt frå Kleivane-det er for kaldt kl 17 og hjelp drengerne til 2 nye poeng.
HVAD KÆMPER VI FOR? SEJER!!!
Jenter 15 avslutta sesongen med sterk bortesiger.
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jan 2012
GHK sitt jente 15 lag var i dag i Nordfjordhallen og avslutta sesongen med å slå heimelaget Skavøypoll 18-16, etter å ha leia 10-6 til pause.
Jostein og jentene avslutt med siger borte, og har hatt ein flott sesong. (Arkivbilde) |
Jentene til Jostein har hatt ein flott sesong og enda til slutt på ein flott tredjeplass på tabellen. I dagens kamp hadde ei stort sett kontroll. Ifølge rapportane frå Måløy, styrer jentene våre kampen frå start. Ein er gode i forsvar, men slit litt meir i etablert angrep. 10 minutt før slutt leiar GHK med 8 mål, men dette krympar inn mot slutten. Trenaren måtte ta ein timeout for å fortelje jentene at kampen ikkje var slutt. Dei hadde likevel så stor leiing at sigeren aldri var truga.
Måla i dagens kamp kom ved: Stine (1), Elisabeth (4), Amalie (4), Ragnhild (5), Elin (2) og Benedikte (2).
GHK damene knuste Stord 2 på heimebane
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Jan 2012
GHK sitt 3.divisjonslag for damer hadde små problem med å slå Stord sine nest beste med kalassifra 34-19, etter å ha leia 21-11 til pause. Celina Nordbø vart kampens toppskårar med 7 mål, tett følgt av Eli-Anne med 6 mål.
Celina og Eli-Anne med 7 og 6 mål i dagens kamp |
GHK damene starta kampen med høgt tempo og presist spel over heile bane og gjekk tidleg opp i ei 5 målsleiing 7-2 etter flotte mål av Celina og Eli-Anne frå strek og Marte frå distanse. Etter 8 min la Marte på til 8-3, før Hege sette inn 9-3 på straffe etter 10 min. GHK seig ifrå utover i omgongen, og Heidi la på til 13-6 på ny straffe etter 20 min. Malene med 2 kjappe mål på kontring, det siste til 19-9 for heimelaget og 10 måls leiing etter 26 min. Laga skårer to mål kvar i slutten, og Maria fastset sluttresultatet til 21-11 for heimelaget.
Betongforsvar.....Marte, Eli-Anne, Hege, Torill og Celina |
Dei første 10 min av andre omgong føl laga kvarandre i målprotokollen og tavla syner 25-14. Elise H skårar eit par kjappe frå kant i denne perioden, og syner at det gror godt i handballen i Gloppen. Linn Kristin har i denne perioden fleire flotte redningar.
Linn Kristin med mange flotte redningar i dag |
Utover i kampen drar GHK ifrå gjestane frå Stord, og dagens debutant for heimelaget, Irene, får æra av å fastsetje sluttresulatet til 34-19 etter eit "timeoutplanlagt" innhopp frå kanten. Alt i alt ein godt gjennomført kamp av damene til Øyvind, og det er kjekt å sjå at alle melder seg på i ein slik kamp.
Dagens debutant Irene med skåring heilt på tampen |
Desse var med:Linn Kristin Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov (4), Malene Støylen (4), Elise H Hansen (2), Celina Nordbø (7), Hege R Andenes (1), Maria Kleppe (4), Eli-Anne Birkelund (6), Marte H Hansen (4), Irene Slagstad (1), Torill H Gaasø.
Reglar
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jan 2012
REGLAR MINIHANDBALL, 4. OG 5. KLASSE
- Det er fire spelarar på bana i gongen. Målvakt er med i angrep.
- Vi er ikkje så strenge på steg og dobbeltstuss så lenge spelaren ikkje har uvanleg stor fordel av det.
- Spelarane må inn på motstandar sin banehalvdel for å score. Skudd frå eigen banehalvdel som går i mål vert annulert. Regelen er at ein kan score uansett om målvakt er tilbake i målet sitt. Dersom dei to laga som speler vert einige om at målvakt skal ha ein sjanse til å kome seg tilbake er dette ok for arrangør. Laga må avtale dette med dommar.
- Målvakt skal kaste ballen ut frå målgården (til medspelarane sine) når han/ho har redda eller ballen har gått bak mål.
- Alle skal spele tilnærma like mykje.
- Vi dømmer overtramp.
- Det skal vere blanda lag. Dersom dette ikkje let seg gjere må ein kontakte arrangørane for å få i stand ei avtale. Det kan verte gitt dispensasjon for skular med lavt elevtal å stille med reine jente/ (gutelag.) Det viktigaste er å klare å stille lag og at flest mogeleg får delta. At ein har berre jenter som har lyst til å spele skal ikkje hindre nokon i å stille opp.
- Dersom stygt eller voldsomt spel ber vi lagleiar byte vedkomande spelar ut. Vi deler ikkje ut gult kort, raudt kort eller 2 minutt.
REGLAR 6. OG 7. KLASSE
- Vi nyttar vanlege handballreglar.
- Det skal vere to av kvart kjønn på bana til ei kvar tid.
- Alle skal spele tilnærma like mykje.
- Det kan vere lurt å ha minst 2 innbytarar på kvart lag i 6. og 7. klasse.
- Dersom t.d mange skadar eller uforutsette forfall/sjukdom og ein ikkje har nok spelarar til å stille fullt lag, skal ein prøve å avtale at motstandarlaget også stiller med færre på bana. Dersom motstandarlaget ikkje går med på dette, får laget hente inn spelar frå lavare klasse. Dette vil føre til at spelaren som blir henta inn likevel får spele på to lag. Ein kan ikkje hente inn spelarar dersom ein har innbytarar på benken. Alt dette skal avklarast med ansvarlege under turneringa.
- Dersom laget bryt nokon av reglane kan det få ein konsekvens for laget, t.d at laget blir fråtatt poeng.
EIN SPELAR KAN BERRE SPELE PÅ EITT LAG.
T.d kan ein 6.klassing få dispensasjon til å spele på 7.klasse sitt lag. Dersom denne spelaren spelar i 7. klasse, kan han/ho ikkje spele i 6. klasse òg. Dette gjeld spesielt
Kampoppsett lørdag
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jan 2012
GHK | Skuleturnering 2012 | |||||
Kampoppsett laurdag 28.01 | ||||||
Bane 1 | ||||||
Klokka | Kampnr: | Klasse | Pulje | Heimelag | Bortelag | Resultat |
09:30 | 1 | 5 | 1 | Breim 1 | Sandane 2 | |
09:50 | 3 | 5 | 2 | Breim 2 | Sandane 1 | |
10:10 | 5 | 5 | 1 | Sandane 4 | Hyen | |
10:30 | 7 | 5 | 2 | Sandane 3 | Nordstranda | |
11:00 | 9 | 5 | 1 | Hyen | Breim 1 | |
11:20 | 11 | 5 | 2 | Sandane 1 | Sandane 3 | |
11:40 | 13 | 5 | 1 | Sandane 2 | Sandane 4 | |
12:00 | 15 | 5 | 2 | Nordstranda | Breim 2 | |
12:30 | 17 | 5 | 1 | Breim 1 | Sandane 4 | |
12:50 | 19 | 5 | 2 | Sandane 1 | Nordstranda | |
13:10 | 21 | 5 | 1 | Hyen | Sandane 2 | |
13:30 | 23 | 5 | Semifinale | Nr 2 pulje 1 | Nr 1 pulje 2 | |
14:00 | 25 | 4 | Semifinale | Nr 2 pulje 1 | Nr 1 pulje 2 | |
14:30 | 27 | 5 | Bronsefinale | Tapar kamp 23 | Tapar kamp 24 | |
15:00 | 29 | 5 | Finale | Vinnar kamp 23 | Vinnar kamp 24 | |
Bane 2 | ||||||
Klokka | Klasse | Pulje | Heimelag | Bortelag | Resultat | |
09:30 | 2 | 4 | 1 | Breim | Sandane 2 | |
09:50 | 4 | 4 | 2 | Sandane 1 | Nordstranda 2 | |
10:10 | 6 | 4 | 1 | Nordstranda 1 | Sandane 2 | |
10:30 | 8 | 4 | 2 | Nordstranda 3 | Sandane 3 | |
11:00 | 10 | 4 | 1 | Breim | Nordstranda 1 | |
11:20 | 12 | 4 | 2 | Nordstranda 2 | Nordstranda 3 | |
11:40 | 14 | 4 | 2 | Sandane 1 | Sandane 3 | |
12:00 | ||||||
12:30 | 16 | 4 | 2 | Nordstranda 3 | Sandane 1 | |
12:50 | 18 | 5 | 2 | Breim 2 | Sandane 3 | |
13:10 | 20 | 4 | 2 | Nordstranda 2 | Sandane 3 | |
13:30 | 22 | 5 | Semifinale | Nr 1 pulje 2 | Nr 2 pulje 1 | |
14:00 | 24 | 4 | Semifinale | Nr 1 pulje 2 | Nr 2 pulje 1 | |
14:30 | 26 | 4 | Bronsefinale | Tapar kamp 25 | Tapar kamp 26 | |
15:00 | 28 | 4 | Finale | Vinnar kamp 25 | Vinnar kamp 25 | |
Alle kampar varer i 1x15minutt. Laga må vere klare ved bana 5 min før kampstart. | ||||||
Bronsefinale og finalar varer i 2x10 minutt |
Det er klart for ny kamphelg.
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2012
Både damelaget i 3.divisjon og herrelaget i 2.divisjon har heimekamp denne helga. Jenter 15 skal til Nordfjordhallen på søndag.
Vegard Flatjord & co skal møte Norønna på laurdag |
Først ute er damelaget som skal måle krefter med Stord sitt andrelag i Firdahallen på laurdag kl.15. Stord 2 ligg på nest siste plass på tabellen med 5 poeng, og bør vere ei overkomeleg oppgåve for våre beste damer som ligg på 5.plass med 8 poeng. Damene er nok også innstillt på å rette opp forrige helgs tap mot Førde, sjølv om laget er svekka når Bodil Hjelmeset er ute med skade.
Etter at damekampen er ferdig er det herrane sin tur. Dei skal møte Norønna til kamp kl.17. Dette er første kampen etter juleferien, så gutane er nok "gira" for å ta heim årets første siger. GHK og Norønna ligg på dei to siste plassane på tabellen før denne kampen, men heimelaget kan rykke oppover på tabellen med siger her. Vi trur at dette er motivasjon god nok, og at poenga vert verande att i Firdahallen.
Jente 15 laget hadde ei travel helg sist med 3 kampar. Denne helga skal dei til Nordfjordhallen for å møte heimelaget Skavøypoll. Det unge GHK laget har imponert så langt og ligg på ein flott 3.plass, medan Skavøypoll ligg på 5. med to poeng mindre enn våre jenter. Får Jostein og jentene spelet til å gli som vi veit dei kan, trur vi poenga vert med heimatt til Gloppen.
Erlend Ulvestad til regional landslagssamling!
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2012
Erlend Ulvestad er på nytt utteken til regional landslagssamling i handball. Erlend er i desse dagar på landslagssamling i handball for 96 mod (var tatt ut som reserve, men er kalla inn) i Skien. Når han kjem heim ventar altså ny samling i Haukelandshallen onsdag 25.januar. Vi gratulerer med uttaket.
Landslaget neste??? |
Tap i kampen GHK J-16 - Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012
Dale er eit lag vi aldri har spela mot. Dei ligg som nummer 2 på tabellen, so det vert nok ein tøff motstandar.
I første omgang spela vi jevn . Men jentene hadde mange stang ut. Til pause leda Dale 14-13. I andre omgang fekk Elise frimerke på seg. Periodevis hadde vi store problem med å ve bakspelar som til saman skåra 9 mål. Tidvis spela vi godt bakover, men sleit framover når Elise hadde frimerke. Desse spela:Sarah Nordbø, Helene Djupegot, Elise Heien Hansen (4), Marte Sunde Hjelle (5), Martha Sofie Eide (3), Irene Slagstad (5), Christine Slagstad, Inger Margrete Sørland, Anne Kristin Haraldsvik, Ingvild Slagstad (3), Elin Møll (2), Marita Veiesund.
Elise knaller ballen i mål |
Heimekampar vår 2012
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012
Oppgåvefordeling i samband med heimekampar i GHK vinter / vår 2012. | |||||
Her kjem ei ny liste over oppgåver framover. Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte, | |||||
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ). | |||||
DATO/KL | LAG | ANSVARLEG FRÅ STYRET | SEKRETARIAT | KIOSK / BILL. | DIV |
Set i gang dei i kiosken mm. | TIDTAKAR-SEKRETÆR, | ||||
Ringer dei i sekretariatet. | tar og med ei kanne kaffi kvar!!! | ||||
Laurdag 14.01.12 | Kjell Heggdal | Kjell Heggdal | Ingrid Gåsemyr | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.15:00 | K3 Gloppen - Førde | Per Andenes | |||
Søndag 15.01.12 | Bjørn Kåre Eikenes | Audun Mundal | Oddrun Slagstad | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.10:50 | J15 Gloppen - Askvoll / Holm | Roger Nordbø | Kristin Eide | ||
kl.12:00 | G16 Gloppen - Førde | ||||
kl.13:35 | J15 Gloppen - Askvoll / Holm | ||||
kl.14:40 | J16 Gloppen - Dale | Karianne Slagstad | Anne Rita Andersen | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.16:40 | J12 Breimsbygda - Skavøypoll | Jon Inge Sørland | Marit Stette Alme | ||
Laurdag 21.01.12 | Lars Ulvestad | Anne Britt Henden | Merete Sælen | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.15:00 | K3 Gloppen - Stord 2 | Torbjørn Sælen | Lars Ulvestad | ||
kl.17:00 | M2 Gloppen - Norønna | ||||
Laurdag 28.01.12 | Solveig Moritsgård | Kristen Kleppe | Else Torunn Kvamme | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.09:00 | J10 Sandane 2 - Breimsbygda | Magne Devik | Bente Sunndal | ||
kl.11:50 | G16 Gloppen - Stryn | ||||
kl.12:55 | G12 Breimsbygda - Sandane | ||||
kl.14:00 | G16 Gloppen 2 - Stryn | ||||
kl.17:00 | M2 Gloppen - NHHI | Anne Neteland | Odd Flatjord | Rita Lilletvedt | Kaker/bollar/pizza el. likn |
Kjell Heggdal | Anne Neteland | ||||
Laurdag 11.02.12 | Ellen Skipenes | Liv Djupegot | Synna Aspheim | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.15:10 | K5 Gloppen 2 - Bjørn | Ole Jonny Djupegot | Ellen Skipenes | ||
kl.17:00 | K3 Gloppen - Kjøkkelvik | ||||
Søndag 12.02.12 | Anne Neteland | Solgunn Myklebust | Anniken Rygg | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.13:00 | K3 Gloppen - Fyllingen 2 | Magne Moritsgård | Anne Neteland | ||
Det er ein fordel at ansvarleg frå styret sendere ein SMS til sekretær / tidtakar før kampar. | |||||
Sekretariatet møter 45 min. før kamp, for å henge opp segla. Dersom tidspunkt ikkje passar, ber vi dykk byte innbyrdes og sende melding til underteikna. | |||||
Lukke til med oppgåva, og takk for at de er med og støttar GHK. | |||||
Her kjem ei ny liste over oppgåver framover. Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte, | |||||
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ). | |||||
DATO/KL | LAG | ANSVARLEG FRÅ STYRET | SEKRETARIAT | KIOSK / BILL. | DIV |
Set i gang dei i kiosken mm. | TIDTAKAR-SEKRETÆR, | ||||
Ringer dei i sekretariatet. | tar og med ei kanne kaffi kvar!!! | ||||
Laurdag 10.03.12 | Ellen Skipenes | Inge Eikenes | Laila Marie Kandal | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.16:45 | K5 Gloppen 2 - Sogndal 2 | Jon Ove Book | Ellen Skipenes | ||
Laurdag 17.03.12 | Lars Ulvestad | Knut Roger Nesdal | Rakel Wilke | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.09:00 | J12 Sandane - Breimsbygda | Tom Wilke | Lars Ulvestad | ||
kl.13:25 | G16 Gloppen - Gloppen 2 | ||||
kl.15:00 | K3 Gloppen - Sogndal | Solveig Moritsgård | Ernfred Øygard | Janne Allander | Kaker/bollar/pizza el. likn |
kl.17:00 | M2 Gloppen - Viking | Allan Mardal | Ann Kristin Vollstad | ||
Laurdag 24.03.12 | Kjell Heggdal | Audun Mundal | Reidun Elvebakk | Kaker/bollar/pitza el. likn | |
kl.15:00 | M2 Gloppen - Bergen Vest | Odd Flatjord | Sølvi Sælen | ||
kl.17:30 | G16 Gloppen - Årdalstangen | ||||
Onsdag 28.03.12 | Anne Neteland | Roger Nordbø | Anne Neteland | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
kl.20:00 | K3 Gloppen - Jotun 2 | Per Andenes | Solfrid Bjørkum | ||
Reserve | Bjørn Kåre Eikenes | Sjur Atle Gimmestad | Bjørg Karin Flatjord | Kaker/bollar/pizza el. likn | |
Ikkje tidfesta | Rune Hjelle | Janne Osnes Devik | |||
Reserve | Svein Rune Djupegot | Kaker/bollar/pizza el. likn | |||
Ikkje tidfesta | |||||
Det er ein fordel at ansvarleg frå styret sendere ein SMS til sekretær / tidtakar før kampar. | |||||
Sekretariatet møter 45 min. før kamp, for å henge opp segla. Dersom tidspunkt ikkje passar, ber vi dykk byte innbyrdes og sende melding til underteikna. | |||||
Lykke til med oppgåva, og takk for at de er med og støttar GHK. |
Siger og tap for jente15 laget mot Askvoll/Holmedal
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012
Etter gårsdagens flotte siger i Høyanger, var jentene i dag tilbake i Firdahallen for å møte eit av topplaga i serien, Askvoll/Holmedal, og litt seinare på dag for å møte 2. laget til same klubb.
Solid forsvarsmur, her ved Ingvild, Elin, Elisabeth og Ragnhild. |
Første kamp mot det sterkaste A/H laget var ein jevn batalje heile første omgong. Laga følgde kvarandre mål for mål og fleire GHK jenter teikna seg på skåringslista, bl a Elisabeth V Hansen som hadde fleire fine mål. Til pause leia GHK med 12-11.
Konsentrasjon !! |
Andre omgong var også jevn til 10 min var spela. Dei neste 10 min vart kampen avgjort. A/H hadde ein notorisk måltjuv på laget. Sandra Strand slo omtrent GHK åleine. Ha var vanskeleg å stoppe og enda opp med heile 15 skåringar i kampen. Her vart rett og slett GHK straffa for personlege feil og vart kontra i senk. Sluttresultatet vart 18 -25 i favør bortelaget. Desse var med for GHK i denne kampen: Elisabeth (5), Solgunn, Amalie, Ayla (2), Sunneva (1), Ingvild (3), Eirhild, Benedikte (1), Elin (3), Hanna, Marita (1), Ragnhild (2)
Litt seinare på dag var det så klart for kamp mot 2. laget til A/H. Kampen her var også jevn i første omgong. Vi noterte fleire fine mål frå strek av Amalie, samt fine gjennombrot og skåring av Ayla. Pauseresultat 9-9.
Ingen grunn til å gøyme ansiktet, Amalie. Du vart toppskårer med 7 mål. |
I andre omgong fekk jentene synt litt av det som bur i dei. Frå avkast og til det var gått 7 min, skåra Amalie, Stine og Elisabeth fleire flotte mål og stillinga var 14-9 til heimelaget. Vidare utover i omgongen noterte vi ein flott susar av Ayla til 15-10, og eit knallskot av Benedikte til 18-13. Etter 20 min får GHK straffe som Elisabeth set kontant i mål til 20-17, før Amalie set inn 21-17. Så kjem Sunneva fint gjennom på kant og skårer til 22-17, før Birte Eilander fastset sluttresultat til 23-17. Ei flott avslutning på ei travel helg for desse jentene som fekk med seg full pott i 2 av 3 kampar. I denne siste kampen mangla dei også Ingvild og Elin som vart overflytta til J16 laget og deira kamp.
Desse var med:Solgunn, Amalie (7), Ayla (3), Birte (1), Sunneva (3), Elisabeth (2), Maren, Eirhild (1), Benedikte (1), Hanna, Ragnhild (2), Stine (2).
STORSIGER TIL GUTANE OVER FØRDE 28-7
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012
Gutelaget hadde full kontroll i kampen møt Førde på søndag og vann med 21 mål, etter tidvis godt spel.
Full kontroll. Her er det Vegard som skårer |
Berre småjusteringar når gutane har timout |
Ingen grunn til bekymring, Torbjørn :-) |
Stang ut for GHK, stang inn for Førde!
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2012
Topplaget Førde i damene sin 3.divisjon var på besøk i Firdahallen i ettermiddag og slo heimelaget GHK med 29-24, etter at stillinga ved pause var 14-13 til Førde.
Hege, Marte og Eli-Anne måtte sjå at Førde vart for sterke i dagens kamp. |
Det var knytta stor spenning til dagens lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon. Heimelaget synte klar formstigning fram mot juleferien, medan Førde har imponert så langt i sesongen med kun 1 avgjeve poeng. Heimelaget opna kampen i høgt tempo og var tidleg oppe i 4-1 leiing etter feiande flott angrepsspel. Førde kom tilbake i kampen etterkvart, og gjekk forbi våre jenter med 4-5 mål. Øyvind tok så timeout, og etter det klarte jentene og kome tilbake og ligg kun eit mål bak til pause.
Førde sine damer hadde best kontroll på ballen |
Dei første 15 minutta av andre omgong avgjer Førde kampen. Der GHK skyt stolpe ut, skyt Førde stolpe inn og opparbeider seg ei 10 målsleiing. Førde gjer rett og slett mindre feil og er svært effektive i angrep. GHK gjev Førdespelarane rom å springe i og klarer heller ikkje å tette luker på strek. Men jentene våre skal ha for at dei aldri gav opp, og fleire mål av dagens toppskårar Hege R Andenes, gjorde at avstanden til Førde krympa inn noko fram mot sluttsignalet.
Hege gjorde jobben sin med 7 flotte mål |
Førde er eit godt lag med fleire "import" spelarar som gjer at dei pr i dag er eit betre lag enn GHK. I dagens kamp var målvakta Petya Pinceva ein levande vegg, samstundes som Simona Balkan dundra inn 7 mål.
På heimelaget var veteranen (unnskyld,Hege) Hege R Andenes dagens toppskårar, også ho med 7 mål. Maria Kleppe var òg strålande framover med 5 mål. Heidi Sægrov, Eli-Anne Birkelund og Marte H Hansen lage 3 mål kvar, medan Bodil Hjelmeseth, Elise H Hansen og Celina Nordbø laga kvart sitt mål. Bodil Hjelmeseth skada seg i førset omgong og måtte sjå den andre frå sidelinja. Dette svekka nok heimelaget noko
GHK J15 med flott bortesiger mot Høyanger
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2012
GHK sitt jente 15 lag var i Høyanger i dag og slo heimelaget 18 -17, etter at stillinga ved pause var 8-8.
Ayla med 2 skåringar i dagens kamp. (Arkivbilde) |
Trenar Jostein fortel på telefon frå Høyanger at jentene våre spela ein god kamp i forsvar, men at ein har meir å gå på framover. Første omgong var jevnspela, noko pauseresultatet fortel med 8-8. I andre omgong drog GHK jentene frå heimelaget og var oppe i 5 målsleiing 10 min før slutt. Skader på nokre spelarar gjorde at heimelaget kom innpå på slutten, men sigeren var aldri truga og jentene kunne sette seg i bilane heimover med 2 velfortjente poeng i bagasjen etter å ha vunne 18-17.
Målskårarar i dagens kamp var: Amalie (1), Marita (1), Ayla (2), Ragnhild (4), Elin (4), Ingvild (6).
Ventetida er slutt!! På lørdag er det klart for storkamp i Firdahallen.
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2012
Komande lørdag er det duka for storkamp og lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon, når topplaget Førde kjem på besøk og skal måle krefter med dei "topptrimma" damene til Øyvind Indrebø. Her er det berre å benke seg på tribuna i Firdahallen og glede seg til ein, forhåpentlegvis, sjåverdig og spanande kamp.
Klarer Øyvind å få damene til å kople inn turboen på lørdag? |
Men det er fleire GHK lag som skal i elden denne helga. Dei som får det mest travelt er jente 15 laget. Dei skal spele heile 3 kampar denne helga. På laurdag skal dei til Høyanger for å møte heimelaget der. Eit heimelag som ligg 2 poeng føre på tabellen. Med full tenning bør ein kunne klare poeng her, men det er ein vanskeleg kamp. På søndag skal jentene møte Askvoll/Holmedal 1 og 2. Førstelaget til A/H er eit av topplaga, men heimebane og "full trøkk" i hallen bør vere eit godt utgangspunkt for heimepoeng. Heimepoeng bør det også bli i kampen mot dei nestbeste frå kystbygda litt seinare på dag. Ingvild Slagstad & Co får som sagt ei travel helg, men på sitt beste kan desse jentene ta poeng frå alle lag så det vert spanande å sjå kva dei får til.
Jente 16 laget skal møte eit av topplaga i sin serie, då Fjalerlaget Dale kjem på besøk på søndag. Jentene våre har som kjent vore sterkt plaga av skader i lang tid, og resultata har diverre vore prega av det. Sjølv om fleire fortsatt slit med å bli heilt friske, er stemninga i laget god og innstillinga søndag er nok å gje Dale kamp til døra, så får tida syne om det er godt nok til 2 kjærkomne poeng.
Gutelaget til GHK tar imot Førde til kamp på søndag. Dette er eit lag gutane våre bør og skal slå, om dei har ambisjonar om å vinne serien. Òg det veit vi at desse gutane vil. Her vil nok Torbjørn og Gunnar forklare sine elevar kva som må til for å legge 2 nye poeng i heimesekken.
Ei flott handballhelg bør det iallefall bli for dei som likar denne sporten.
6 gutar og 2 jenter på RUM samling i Årdal i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Jan 2012
6 gutar og 2 jenter frå GHK sine 16 års lag var i dag i Årdal på RUM samling i regi av NHF Region Vest.
Andreas Berntsen frå NHF instruerer jentene i ei av dagens økter |
Under kyndig rettleiing av Andreas Berntsen frå NHF for jentene og Jotun sin dametrenar Almir Ljajic for gutane, hadde våre håpefulle to økter kvar iløpet av dagen. Mykje og mangt vart terpa på under øktene, og GHK sine spelarar låg ikkje noko tilbake for resten av fylket sine unge lovande.
Full fart i Årdalshallen. Her frå ei av jentene sine økter. |
Vegard har nett banka ballen i mål, medan Ørjan og Osmund sjekkar vinkelen :-) Desse var med frå GHK: Elise H Hansen og Cristine Slagstad. Daniel H Reed, Ørjan Sundal, Lauritz Bjørnereim, Evald Devik, Vegard Sælen og Osmund Vereide |
Gutane tukta damen
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2012
Dugnadsliste ved heimekampar
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2012
Trillerkamp då K5 damene slo Florø i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jan 2012
Det var stemning til tusen då sluttsignalet gjekk og K5 damene kunne sleppe jubelen laus etter å ha banka, til no ubesigra Florø med 21-18, etter at Florø leia 13-12 til pause.
Rein idrettsglede på sitt beste, etter dagens flotte siger over Florø |
Etter å ha tapt bortekampen i Florø med mange mål, var det eit revansjesugent heimelag som gjekk på bana i Firdahallen i ettermiddag. Det var tydeleg at tenningsnivået var høgt frå start av frå begge lag, og det vart mykje kjemping og heller lite finspel dei første 7-8 minutta. Temoet var høgt og jentene stod kanonbra i forsvar, men framover "lugga" det litt. Jenny Holvik synte fram venstreselgga si og banka inn 2-1 leiing, før Eline Åsebø hoppa inn frå kant etter 10 min og auka til 3-2. No var jentene i siget, og Tiril S Reed sprang inn 6-3 etter 15 minutt. I denne perioden stod også Benedikte Vederhus som ein levande vegg i mål og redda fleire gode skot frå Florødamene. Malene Støylen auka til 7-3, før Florø tok sin første "timeout". Malin Eikenes sette inn 10-5 på straffe, men så byrja Florø å finne ut av heimelaget. Gong på gong braut dei GHK sine angrep og køyrde kontra og sakte men sikkert vart heimelaget si leiing henta inn. På stillinga 12-12 rett før pause var heimelaget i angrep, men Florø snappa ballen på nytt og sette inn 12-13 i siste sekund.
Ikkje lett å finne rom i Florøforsvaret. |
Andre omgong starta som første, med høgt tempo, mykje kriging og lite mål. Etter 5.30 av andre omgong sette Sofie Djupegot inn 13-13 på straffe, før same dama gjenntok dette etter 9 minutt og GHK var i føringa. Dette var også stillinga etter halvspela andre omgong. Laga skåra kvar sin gang dei neste 5 minutta, før Malin Eikenes snappa eit utspel frå Florø si målvakt og auka til 16-14. Så får GHK starffe og Florø ein spelar utvist i 2 min. GHK brenn straffa og Florø kontrar inn 16-15 i undertal. Malene Støylen aukar til 17-15 og Florø får ein ny spelar utvist i 2 min. Trass spel 6-4, klarer likevel Florø å redusere til 17-16, og fleire enn underteikna byrja tru at dette ikkje skal gå vegen likevel. Men no syner jentene litt av moralen som bur i dette laget. Dei vil rett og slett ikkje tape denne kampen. Etter blant anna 2 flotte mål av Tiril S Reed, kan jentene sleppe jubelen laus og gå av bana samstundes som Kristine S Book set inn straffa som GHK fekk idet sluttsignalet gjekk.
Gladjenta Tiril med viktige mål i sluttminutta. |
Knepent tap mot Sogndal J-16.
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Jan 2012
Jevn kamp til 4-4. Så vart vi for svake bakover. Etter første omgang leda Sogndal 15-11. GHK kom sterkt tilbake i 2.omgang, men dessverre vart det eit 1-måls tap.
Tett og spanande mellom GHK og Sogndal |
Elise Heien Hansen med gjennombrot og skåring |
Fantastisk kjekt å sjå Amanda tilbake på handballbana |
K5 damene og J16 laget i gang igjen til helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Jan 2012
Juleferien er over og kampane til dei ulike laga våre er i kjømda. Først ut er jenter 16, som møter Sogndal på heimebane i Firdahallen på laurdag.
Trass i at både Ingvild og Elise har vore sjuke i det siste, er venteleg begge desse på bana mot Sogndal. |
Jente16 laget sleit med mange langtidsskader utover i haustsesongen, og fekk ikkje synt potensiale som bur i dette laget bortsett frå i starten av sesongen. Framleis slit ein med skadar på sentrale spelarar, men håpet er at juleferien har vore nytta godt til trening og at overskotet er tilbake. Sogndal har også slite og ligg heilt i botn av tabellen. Her trur vi at Ingrid og Norunn får skikkeleg fart på jentene igjen, slik at poenga vert att i Firdahallen på laurdag.
På søndag skal damene til Ragnhild prøve krefter mot eit, til no, ubeseira Florølag i 5.divisjon. Florø har spela kun 4 kampar til no, men har feia alle lag av bana så langt. Inkludert heimekampen mot GHK, der Florø vann med heile 29-14. Vil tru at det unge GHK laget er svært lysten på ein aldri så liten revansje for dette tapet, og vil nok kjempe med "nebb og klør" for å sende kystbylaget heim utan poeng.