God dag i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mar 2016

To av fire kampar denne helga er ferdigspela, og det med gode resultat.

Damene opna mot BSI, og gjorde sakene sine godt. Heidi putta dei tre fyrste og GHK kom dermed godt i gang. Utover i kampen var det mykje sløsing med sjansar, men heldigvis gjaldt dette for båe lag. Dette gav utslag i pauseresultatet 10-10.

Etter kvilen var det jamnt mellom laga. Rapportane frå Bergen seier at Amanda, Ingvild og Linn Kristin var sentrale, då dei til slutt kunne juble for siger 22-24. Dette er gode poeng å ta med seg, samstundes som den viktige sjølvtilliten nok steig nok eit hakk. Det lovar godt for kampen mot Sotra 2 i morgon.

Herrane skulle i elden etter damene. Dei slo BSI komfortabelt på heimebane, men det er aldri noko garanti for siger på bortebane.

Karane opna godt og leia 7-2 etter halvspela fyrste omgang. Til pause var stillinga 12-9 i favør GHK. Etter kvilen hadde GHK god kontroll og leia med fem mål. Då byta ein litt på laget og BSI kom opp i rygg. Sjølv om GHK drog litt frå att, var det ikkje nok til å ta begge poenga. Kampen enda 24-24.

Ryktene seier at Paul Remi skal ha mykje av ære for at det vart eitt poeng i dag. Han var suveren. Redda tre - fire straffer og stod som ein vegg.

I tillegg seiast det at BSI var veldig gode i dag, og det var ikkje gitt kvar poenga skulle hamne. Vi er glade for det poenget vi fekk og konstanterar at GHK no er klare for kvalikkamp om opprykk til 2.divisjon! Det er stort!

I morgon møter herrane Sotra 2. Sotra 2 har i dag teke sesongens fyrste poeng, då dei slo Eid 24-17, så ein skal ikkje ta sigeren på forskot på nokon måte. Det vert spennande å sjå!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.