Klart for ny kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2013

Til helga er det klart for nye kampar for våre seniorlag. K4 damene skal debutere i 4.div med bortekamp mot Eid på lørdag.  På søndag er det klart for sesongdebut på heimebane både for H3 og K3. Dei møter høvesvis Norønna og Årsatd 2.

GHK damer som er klare for kamp mot Årstad 2.

På lørdag skal vårt K4 lag prøve seg i 4. div. Dei skal til naboen på andre sida av Nordfjorden for å måle krefter.  Korleis styrekeforholdet er her, er vanskeleg å spå. K4 damene er i år ei blanding av fjorårets K5 lag, nokre frå K3 og ein del frå vårt nye J16 lag. Vi håper på ei positiv åpning av sesongen og spår ein jevn kamp på Eid.

Søndag er det klart for 3.div kampar.  Vårt "nye" og unge damelag skal møte Årstad 2. Forrige helg vart det siger og tap i Bergen, og denne helga reknar vi med at damene vil syne seg fram frå si beste side i Firdahallen.  På grunn av arbeid, må vi unnvere sentrale Ingun Reikvam Hansen i denne kampen.  Kor mykje det vil innvirke på denne kampen gjennstår å sjå, men uansett er det ein heiltent gjeng trenar Geert Brinkman sender på bana kl.12 på søndag.

Også herrelaget opna med siger og tap i Bergen sist helg.  No møter unggutane våre eit lag der mesteparten av spelarane kunne vore fedrane til våre gutar, aldersmessig sett.  Så gjennstår det å sjå kva rutine og musklar i haugevis kan utgjere, når Norønna skal møte eit lass av ungdomeleg talent og pågangsmot i årets GHK lag.  Vi trur at kjappe bein og hovud vil vere nok til at poenga vert att i Firdahallen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.