GHK og Firda vgs samarbeider om ny trenar

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jun 2013

GHK og Firda vgs samarbeider om tilsetjing av trenarkapasitet frå Nederland.  Geert Brinkman har topp trenarutdanning frå Nederland og Tyskland, og har vore handballtrenar på ulike nivå i Nederland i 20 år.  Mange av dei på toppnivå.  For GHK sin del skal han primært trene damelaget i 3.divisjon, samt ha eit overordna ansvar for toppgruppesatsinga i klubben.  På Firda skal han ha ansvar for treningane til dei som har toppidrett handball som valfag.

Geert under sitt første møte med damelaget.

Geert har allereie vore i Gloppen ein tur, der han hadde trening både med GHK damelag og med toppgruppa, samt at han hadde ei økt med toppidrett handballgjengen på Firda. Tilbakemeldingane frå dei aktive har vore utelukkande positive, og det er med forventning vi ser fram mot neste sesong.  I desse dagar kjem Geert oppover att saman med familien sin for å bli betre kjend med bygda og spelarane.  Han vert her ei veke, og skal ha ein del treningar i denne perioden.  Samstundes skal han legge planer for spelarane fram til han er på plass i august. 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.