Firda idrettsseminar

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Apr 2013

Det vart ei gripande avslutning av Firda idrettsseminar, då den tidlegare toppløparen på mellomdistanse i friidrett, Kristin Roset, i kveld fortalde si historie om spiseforstyrring.  Ho fortalde om ein tøff kamp for å bekjempe, som ho sjølv sa det, "monsteret" i hovudet.  Det var ei sterkt bevega forsamling som takka Kristin etter foredraget med ståande aplaus. Firda idrettsseminar er eit samarbeidsprosjekt mellom Firda vidaregåande skule og idrettslaga GHK, STIL, GFIL, Fjellhug/Vereide og BBIL.  Frå tidleg morgon har elevane på Firda vore gjennom foredrag om belastningsskader med kiropraktor Eigil Instebø, sirkeltrening i Firdahallen ved GFIL, Zumba i Firdahallen ved Kari Aasebø og Ingvild Helle Bolstad, samt eit fordrag om friluftsliv ved rektor Hallgeir Hansen.  I kveld var det så samling i kultursalen i Trivselshagen, der to spreke elevar frå toppidrett turn gav oss eit innblikk i kroppsbeherskelse på høgt nivå.  Jørund Årdal fortalde oss i lyd og bilete kva som må til for å utvikle seg og å nå langt i kastøvelser, og Jørund Walseth synte fram litt av aktiviteten i utviklingsarbeidet med unge talent i STILfotballen.  Også GHK fekk synt fram litt frå vår aktivitet, då ein film frå G18 sin kamp mot FyllingenBergen vart synt på storskjerm.  Men dagens hødepunkt var utvilsomt Kristin Roset si ærlege og opne framføring av sin lange kamp for å kome tilbake til den flotte jenta ho er i dag. Takk Kristin!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.