Ny flott kamp av K5 damene. Slo Vik med 4 mål.

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2013

Vårt gode damelag i 5.div hadde små problem med å sende Vikjatausene heim sør om Sognefjorden utan poeng, etter å ha vunne 21-17.  Stillinga ved pause var 13-7 til GHK.

Ragnhild med klare instruksar til blide jenter i ein timeout.

Frå start av var jentene heiltende og synte eit forsvarsspel av høg klasse.  Vik fekk ingenting gratis, og det som kom forbi forsvaret tok målvakt Benedikte Vederhus seg stort sett av.  Benedikte hadde ein ny strålande kamp i dag, og stod i periodar som ein levande vegg bakerst.  Framover har ein enno litt å gå på, men med toppskårar Malin (10 mål i dag) i spelehumør, drog ho med seg også dei andre så sigeren var aldri truga.  Vi såg fine kombinasjonar og flotte mål av både Eline Åsebø, Anne Kristin Haraldsvik, Benedikte Lotsberg, Eirhild Bruvoll Alme og Marie Zachariassen.  Og så la vi ekstra godt merke til fotrappe og viljesterke Ayla Myklebust Seime med fleire flotte skåringar.  På dette laget er det mange flotte talent som har ei framtid på handballbana, ingen tvil om det.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Åsebø(3), Malin Eikenes(10), Sofie Djupegot, Anne Kristin Haraldsvik(1), Amalie Mundal, Benedikte Lotsberg(2), Ingeborg Volle, Elise Tystad, Eirhild B Alme(1), Ragnhild Ryssdal, Ayla M Seime(3), Marie Zachariassen(1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.