Sesongbeste av K5 damene

Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2013

GHK sitt damelag i 5. divisjon storspelte og slo sognelaget Fjøra heile 33-16 på bortebane i Sogndal i dag, etter å ha leia 12-5 til pause.

Glade jenter etter ein strålande bortekamp og sesongbeste.

Frå Sogndal får vi meldt om ein strålande gjennomført kamp av trenar Ragnhild Bakketun Vederhus sine elevar.  Trenaren fortel om ein svært opplagt og løpsviljug gjeng, som kontra motstandaren i senk med høgt tempo både på ball og bein.  Mange mål vart skåra på kontringar, men også evnen til å finte seg gjennom forsvaret var på plass i dag. Omtrent heile laget teikna seg på skåringslista, og bakover fungerte forsvarspelet til toppkarakter.  Ragnhild nøler ikkje med å karakterisere dagens kamp som årsbeste av laget sitt, og at dette var ein skikkeleg lagsiger.  Dette lovar godt for kampane som kjem, og allereie på mandag skal desse damene opp mot 3. divisjonslaget til GHK i ein treningskamp i Firdahallen. 

Desse var med i dag: Benedikte Lotsberg, Eline Åsebø, Ingeborg Volle, Sofie Djupegot, Eirhild Alme, Malin Eikenes, Benedikte Vederhus, Ann Kristin Haraldsvik, Ragnhild Ryssdal og Ayla Myklebust Seime.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.