G18 spelar toppkamp på laurdag

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Okt 2012

GHK sitt gode 18års gutelag skal spele heimekamp mot topplaget FyllingenBergen i Firdahallen på laurdag.  Sjølv om GHK kun har spela ein kamp og FyllingenBergen to kampar sålangt, er det mykje som talar for at det er to av dei beste 18års laga i serien som møtast her.

Klarer desse gutane ein ny siger, denne gong på heimebane?  Her etter sigeren over Stord Elite på bortebane.

GHK opna med smått utrulege 25-20 siger over Stord Elite på bortebane. Utifrå det vi såg i den kampen har GHK dobbel dekning på alle plasser utan at det svekker laget i stor grad.  Det var kanskje skildnaden på dei to lage i den kampen.  FyllingenBergen opna med uavgjort mot nettopp Stord Elite, før dei knuste Sotra heile 29-12 på heimebane denne veka.  GHK hadde spionar på tribuna i den kampen, og her er det verdt å merke seg at Sotra på langt nær held nivået til dei andre laga i divisjonen.  Såleis skal ein ikkje legg alfor mykje i dette resultatet, men at det vert ein tøff kamp for våre gutar på laurdag er nok sikkert.  Om GHK kjem opp på det nivået dei var mot Stord Elite, trur vi likavel FyllingenBergen skal få slite for poenga i "Fort Firdahallen".  For dei som vil oppleve fartsfylt og fin handball, er nok Firdahallen rette staden på laurdag ettermiddag kl. 14.30.

GUDD LØKK (som Hege ville sagt)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.