Ny fantastisk siger til damelaget i 3. divisjon

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2012

GHK sitt damelag i 3.divisjon sluttar ikkje å imponere.  I dagens heimekamp i Firdahallen var det Gneist som kom til kort mot våre damer, då GHK snudde kampen etter pause og kunne gå jublande av bana med ein feiande flott 25-23 siger.

Glade jenter etter den fjerde strake sigeren i 3.divisjon

Før sesongen var det mange som tippa årets utgåve av GHK sitt damelag som ein klar nedrykkskandidat etter dei mange avgongane av spelarar etter fjorårets sesong.  Men etter ein litt svak start i første kampen, har damene synt at dei absolutt vert å rekne med, også i år.  I dag var det klart for den andre heimekampen mot eit lag som er tippa høgt oppe på tabellen.  I første omgong var det også bortelaget Gneist som styrte kampen. Anført av ei god Maren Clementsen leia dei heile første omgong og kunne gå til pause med ei klar 16-12 leiing.  Heimelaget sleit med ein del dårlege valg i etablert angrep, og klarte heller ikje å stå godt imot bakover.

Dagens spelar Elise H Hansen og Benedikte Gåsemyr som hadde ein fantastisk andre omgong i målet.

Men i andre omgong kom jentene på bana med klar innstilling på å kjempe for poenga.  Eit langt betre forsvarspel gav rom for hurtige kontringar og etter 13 min var dei ajour på 19-19.  Derifrå og ut vart det ein fantastisk underhaldane kamp.  Benedikte Gåsemyr stengde målet bakover, og framover synte Elise H Hansen variert og godt angrepsspel.  Syster Marthe H Hansen dundra ballen i vinkelen til 20-19, og frå då av var aldri Gneist føre.  Amanda Veiteberg feia inn 21-19, før dagens spelar på heimelaget, Elise H Hansen la på til 22-19 og 23-20.  Så fekk GHK ei 2min utvisning og straffe imot.  Den redda Benedikte, og jentene kunne "jobbe" inn 25-23 siger til stor applaus frå eit talrikt heimepublikum.  Trenar Kjell Aske var sjølvsagt nøgd med den fjerde sigeren på rad og to nye poeng, men strekar under at jentene har meir å gå på.  Og det lovar godt for eit ungt, men stadig betre heimelag.  Underteikna må berre "ta av seg hatten" for ein ny fantastisk "triller" av damene våre, og det er berre å gratulere med 2 nye poeng.

Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Helene Sundal, Marte H Hansen(6), Elise H Hansen(5), Heidi Sægrov(2), Ingrid Gimmestad, Amanda Veiteberg(3), Torill H Gaasø(3), Irene Slagstad(6), Ingvild Slagstad, Ragnhild Ryssdal, Ingunn Berg, Marthe Sofie Eide, Elise Øygard.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.