Handballfamilien til Bergen denne helga!

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2012

Komande helg reiser både G18, K3 og M3 til Bergen for å spele handball.  Kun damelaget i 5.divisjon har heimekamp, då dei møter Fjøra frå Sogndal i Firdahallen på laurdag.

Kjell og damene er blant dei som skal til by,n

Ei fyldig tropp reiser som sagt til Bergen denne helga.  Først ute til kamp er G18 laget som møter Stord Elite i Bjørnarhallen på laurdag. Då dette er første kampen i denne serien, veit vi lite om kor vi står i forhold til dei andre laga.  Men truleg møter gutane våre tøff motstand. G18 laget er samansett av mange som også spelar på H3 laget, samt nokre andre 95 og 96 modellar.  Vert spanande å sjå korleis dei fungerer som lag.

Laurdag ettermiddag møter så K3 damene Fyllingen 2 til kamp i Framohallen i Fyllingsdalen. Fyllingen har så langt tapt for Os 2 og slege Årstad 2 med heile 11 mål. Våre damer kjem frå ein flott siger på heimebane sist over Askøy.  Til kampane i Bergen kjem Celina og Marte over frå Oslo, og vil såleis forsterke laget i helga.  Korleis dette vil slå ut gjennstår og sjå, men vi trur på poeng for damene i Bergen.

Søndag møter dei NHHI i Lehmkuhlhallen.  Studentlaget har sålangt ikkje spela kamp så her veit vi ingenting, men tradisjonelt har dei eit brukbart lag så våre jenter får nok å bryne seg på her.  Som sagt, vi trur poengmoglegheitene er store i helgas to kampar og tida vil syne om vi trur rett :)

Søndag skal også herrane i aksjon mot ein av opprykksrivalane, Os.  Dette vert nok ei nøtt for Bjørn og gjengen hans, men vonaleg vil våre tapre menn gje kamp til døra. Os har ikkje spela kamp enno, men er venta, og tippa heilt i toppen.  GHK kjem frå ein overtydane siger heime mot Kjøkkelvik sist, og har nok ambisjonar om å ta poeng frå Os.  Vår nysignering, Jan Kristoffer Sletteland, vil venteleg få sin debut her.

Som einaste lag på heimebane denne helga, skal K5 damene ta i mot Fjøra til kamp i Firdahallen på laurdag.  Damene overtydde i første kampen og sende eit anna sognelag, Syril, heim med stortap.  Fjøra vert nok ei tøffare nøtt for Ragnhild sitt lag, men heimebane og publikum i ryggen kan gje heimesiger. Av ulike årsaker er det litt usikkert kva lag ein kan stille med her, men vi håper på eit sterkt nok lag til å sende sogningane heim utan poeng.

Lukke til med helgas kampar!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.