K5 damene opna med storsiger på heimebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Sep 2012

GHK sitt damelag i 5.divisjon opna sesongen med å banke sognelaget Syril heile 23-16, etter å ha leia 8-4 til pause. Etter ein litt famlande første omgong av begge lag, tok heimelaget fullstendig kontroll i den andre og sigeren var aldri truga.

Glade jenter etter kampen i dag

Årets første GHK kamp, vart ein kamp mellom eit gloppelag der spelarane er mellom 16 og 18 år og eit sognelag der dei fleste var over 30.  Utover i kampen var det tydeleg at ungdomen var betre trena, og sognejentene måtte gong på gong bruke ufine midlar for å stogge meir fotrappe gloppejenter.

Frå kampstart var det tydeleg at dette var årets første seriekamp for begge lag.  Men GHK var det beste laget og drog sakte men sikkert ifrå. Etter 2 mål av Amanda og 1 av Malin, skåra Ingvild på straffe til 4-1 leiing.  Like etter var det Malin igjen som sleit seg gjennom forsvaret til Syril og 5-1.  Det gjekk heile 17 min av første omgong før Syril skåra sitt andre mål i kampen og reduserte til 6-2. Så brende GHK ei straffe og Syril er oppe på 6-4, men jentene tar seg flott saman og går til pause med ei 8-4 leiing.  Bakover står ein kjempegodt i forsvar og Benedikte Vederhus tek det meste som kjem forbi.

Eline og Malin, to sentrale spelarar på K5 laget som banka Syril

I andre omgong vert det snart tydeleg at GHK damene er betre trena enn motstandaren.  Syrildamene måtte tåle mange 2 min på benken for stygg armbruk i førsøk på å stanse våre jenter.  Dette utnytta sjølvsagt GHK til fulle. No sat samspelet betre i etablert angrep, og fleire rush vart avslutta med skåring.  Både Amanda og Malin skåra fleire mål i andre omgong, men no var det fleire som melde seg på også.  Eline Åsebø hadde fleire flotte mål frå distanse, og Amalie Mundal kriga inn eit par frå strek-det første på underarm til 15-7, det andre etter skåring frå strek til 16-8 etter halvspela andre omgong.  Siste kvarteret vart ein rein transportetappe for jentene våre.  Heile laget bidrog til at ein kunne innkassere ein grei 7 målssiger til slutt, men lyt dra fram Malin Eikenes som berre vart betre og betre utover og var kampens toppskårar med 8 mål.  Trur nok K3 lagets trenar som sat på tribuna merka seg dette :)

Desse var med: Benedikte Vederhus, Eline Aasebø(4), Malin Eikenes(8), Sofie Djupegot, Anne Kristine Haraldsvik(1), Amalie Mundal(2), Martha Sofie Eide, Ingvild Slagstad(2), Amanda Veiteberg(6) og Turid Vilgun Aspheim.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.