Flott avslutningsfest i Gimle

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Apr 2012

Som ei avslutning av ein lang sesong, var alle spelarane og støtteapparatet invitert til pizza og brus i Gimle i kveld.  Heile 65 stk var møtt fram, og det var også utdeling av velfortjente prisar i mange ulike kategoriar.

Alle kveldens flotte prisvinnarar samla

Det var stor stemning og høg partyfaktor då spelarane og støtteapparatet fekk sin velfortjente takk for innsatsen etter årets sesong.  30 store pizzaer gjekk ned på høgkant og "søjen" rundt om i lokalet tyda på at alle kosa seg.  Det er alltid knytt spaning til kven som får dei ulike prisane etter ein sesong.  I år var kategoriane mange, og det var stort sett dei ulike trenarane som stod for utdelingane og som grunngav dei ulike vala.  Dei som fekk prisane var følgande:

For damelaget i 3.divisjon:  Årets spelar er Eli-Anne Birkelund, årets toppskårar Heidi Sægrov med 100 mål, innsatsprisen gjekk til Torill Henden Gaasø.  Årets komèt vart, velfortjent, Celina Nordbø.

For herrelaget i 2.divisjon: Årets spelar er Arild Fjellestad Tystad.  Årets toppskårar, Edvin Øygard med 108 mål og Aleksander Morritsgård fekk innsatsprisen.  Årets komèt blant herrane/gutane vart Daniel Hjohlman Reed.

For damelaget i 5.divisjon: Her gjekk innsatsprisen til Eline Åsebø.

For gutelaga: Her gjekk innsatsprisen til Ørjan Sundal på G16-1, og til Laurits Bjørnereim på G16-2.

For jentelaga: På J16 gjekk innsatsprisen til Irene Slagstad, og på J15 gjekk den same prisen til Solgunn Alme.

Årets trenar i GHK vart damelaget sin eminente trenar, Øyvind Indrebø.

Styret vil med dette takke alle for ein strålande gjennomført sesong, og vi gledar oss allereie til neste sesong.

Under er litt stemningsbilder frå festen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.