Toppgruppe i handball

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2012

GHK har ein visjon om å vere best på talentutvikling i Sogn og Fjordane. Klubben er i dag med i eit samarbeidsprosjekt, TOPP - idrettsutvikling, som er drive av Sogn og Fjordane Idrettskrins og Sparebanken S & Fj.  Dette prosjektet har som mål å tilby eit godt sportselg tilbod til ungdom i alderen 16-19 år som mellom anna skal gjere at ungdom i denne alderen ikkje må reise ut av fylket for dette i den tida dei går på vidaregåande skule.

Amanda Veiteberg er med i Toppgruppa

GHK tar no, i nært samarbeid med Firda vidaregåande skule og idrettssenteret i Sogndal, dette eit steg vidare og tilbyr Toppgruppe/satsingsgruppe i handball.  Dette er først og fremst eit tilbod til dei som ynskjer å trene meir og riktig og for å tileigne seg ein god treniningskultur.  GHK skal framleis vere ein breiddeklubb med tilbod til alle som vil spele handball på sitt nivå.  Toppgruppa er eit tilbod til alle 94, 95 og 96 modellane i klubben. Vi har i dag smått utrulege 26 stk som har meldt seg på gruppa, og som ynskjer å ta handballen eit steg vidare i utviklinga si.  Denne gruppa vil starte opp med 2 tidlegøkter i veke med basis/styrektrening allereie 5.mars.  Frå hausten av vert så dette eit opplegg i samarbeid med skulen, som gjer at handballspelarane på toppgruppa kan trene/utvikle seg nokre timar for veka i skuletida.  Skulen og GHK arbeidar i desse dagar for å sy saman eit attraktivt og godt tilbod i desse timane.  Vidare skal utøvarane i gruppa testast jamnleg, via idrettssenteret i Sogndal. 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.