HEIM ATT MED 4 POENG

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

Begge gutelaga var i Florø i dag og gjorde reint bor. Stor stemning i GHK-bussen heim att.

To gutar med målteft: Ørjan med totalt 14 mål i dag, og Sander med 5 mål

Sjølv med stort fråfall på grunn av sjukdom og skader greidde vi å stille to gode lag i Florø.

Florø - Gloppen1 14-29 (8-12)

Gutane var i storform i dag. Sjølv med mange brende sjangsar i starten av kampen førte vi heile første omgang klart.  Osmund hadde ein praktkamp idag og skora på gjennombrot , underarm, hoppskot og var rett og slett knallgod. Til pause leia vi med 4 mål og det var ikkje eit mål for mykje.

Andre omgangen dominerte vi fullstendig. Med Ørjan i storslag både bak på bane og på linja gav Florø etterkvart opp. Vi spelte dei ut med mykje flott ankomstspel, og smarbeidet Vegard/Ørjan var spesielt giftig.  Bakerst stod Daniel glitrande, bak eit meget solid forsvar.

Vingane våre, Dag Håkon og Bendik, kom også godt frå kampen, og når Kissner fekk orden på avslutningane sine i kontra fossa vi frå dei. Årsbeste av gutane og det va flott å sjå at dei får uttelling for treninga dei har lagt ned. Når vi til slutt nemner dirigenten i midten (Åsmund) som driv det heile, og ein god Odd Martin på strek, har vi i grunnen oppsumert. STRÅLANDE

Desse var med: Daniel i mål, Osmund 8, Ørjan 7, Åsmund 4, Kissner 3, Dag Håkon 3, Vegard 2, Bendik 1, Odd Martin 1

Florø - Gloppen2 17-22 (7-10)

Så var det 96-ane sin tur. I dette laget herjar sjukdom og skader så dei var litt reduserte. Vi kan flytte inntil 3 spelarar frå det andre laget og det vart Ørjan, Åsmund og Dag Håkon som fekk seg to kampar idag.

Gutane kom veldig godt igang og leia tidleg i omgangen 4-1. Sander hadde score 3 av dei på rush etter gode pasningar frå Olav som stod glimrande i mål. Florø kom tilbake og kampen vart tett og jamn heile vegen. Gloppen gjekk til puse med ei 3 målsleiing.

Andre omgangen starta Florø sterkt og gjekk opp i leiing 15-14, men gutan let seg ikkje stresse av den grunn. Dei heldt roa og gjekk forbi og låg føre med 1 og 2 mål gjennom omgangen. I andre omgang kom Åsmund på bana og Mikael spelte høgre back. Med Mikael sitt vanvittige taktomslag og temposkifte glei han igjennom gang på gang. Sander laga flotte mål frå ving og hadde nesten dagens mål med eit vannvittig "trickskot". Desverre traff det stolpen. Lauritz utfordra skikkleg på ving og putta 3 fine mål. Med Ørjan på bana brer det seg ein ro i laget og han scorar jamt og trutt. 

Til slutt tar vi med dagens flottaste mål, servert av Åsmund til Magnus Andre. Eit "blindt" innspel til Magnus som har rykka i rett rom til rett tid. Vil gå så langt som å kall det eit lite kunstverk. SOLID KAMP AV UNGGUTANE.

Desse var med: Olav i mål, Ørjan 7, Sander 5, Mikael 4, Laurits 3, Magnus 2, Åsmund 1.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.