Gutane fekk revansj mot Haugen/Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Feb 2012

16-årsgutane ser endeleg ut til å vere kvitt Haugenkomplekset. Etter det forsmedelege tapet på Eid før jul fekk dei endeleg revansjert seg i kveld.

Brukbar kontroll bakover i kveld

Kampen starta jamt med Gloppen ett og to mål føre gjennom heile første omgang. Framover vart det for mange bomskot og bakover sleit vi veldig med Vebjørn Espe og hans samarbeid med strekspelaren. Gong på gong lurte dei forsvaret vårt, noko som gjorde til at Haugen/Eid heldt følge utover omgangen.

Men enkelte lysglimt var der. Dag Håkon hadde mange gode sjangsar og sette inn fleire flotte mål frå ving. Åsmund spelte godt i angrep og hadde både langskot og gjennombrot. Vi gjekk til pause med eit måls leiing 12-11.


Byrjinga av andre omgang var den beste perioden i kampen. Her vart kampen i realiteten avgjort og gutane leia på det meste 20-14. Hadde dei fotsett i same stimen hadde det vorte ein solid siger. Vegard spelt høgre back i forsvar og tok fulstendig krafta frå Haugen på den sida, og då vart det vanskeleg å lage mål for Hugen.

På slutten slakna gutane av litt og Haugen nerma seg, men gutane hadde full kontroll og vann fortent 22-19.

Desse var med: Daniel i mål, Vegard 5, Åsmund 3, Osmund 4, Odd Martin 2, Kissner 2, Ørjan 2, Dag Håkon 2, Sander 2.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.