Nordstranda og Breim dagens vinnara i skuleturneringa

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Jan 2012

Nordstranda skule slo Breim skule i finalen for 6.klasse, medan Breim tok revansje då dei slo Nordstranda i finalen for 7.klasse i dagens kampar under skuleturneringa i Firdahallen.

Breim og Nordstranda med fleire tøffe tak i dag

I dag var det 6. og 7. klassingane som inntok Firdahallen for å kjempe om pokalar og heder til sin skule.  Stor stemning på tribuna, og ikkje minst frå benkane, mange tette og jevne kampar med gode lag og mange flotte handballtalent gjorde dette til ein fin handballdag.

I 6.klasse var det berre påmeld 3 lag.  Desse vann kvar sin kamp så målskildnaden måtte til for å kåre Nordstranda og Breim til finalistar.Sandane skule var kun eit fattig mål frå.  Finalen vart ei tett og tøff batalje, der Nordstranda greidde å få ei luke på slutten slik at dei jublande kunne ta imot pokalen som vinnande lag

I 7.klasse var det som før nemnt også Breim og Nordstranda som møttes i finalen.  Også her var det mange harde tak, og det kokte både på bana og benken mot slutten.  Til slutt kunne Breimingane feire sigeren og ta med seg den største pokalen heim att til Breim.  Sandane 2 slo Sandane 1 i bronsefinalen.

Alt i alt to kjekke dagar i Firdahallen med mykje flott handball og stor stemning og entusiasme.  Og at det gror i handballen i Gloppen fekk vi mange døme på iløpet av desse dagane.  Mange flotte talent imponerte både med teknikk og fart, og kjem heilt sikkert til å prege handballmiljøet om nokre år.

Kjem nok fleire bileter etter kvart, vil eg tru.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.