Mykje fin handball på første dag av skuleturneringa

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2012

Det var mange tette og jevne kampar under første dag av årets skuleturnering.  Mykje flott idrettsglede og eit yrande liv av flotte skuleborn frå alle skulane i kommunen.

I dag var det 4. og 5. klasse sin dag, og frå tidleg morgon til langt på ettermiddagen gjekk kampane tett på to baner.  I 4. klasse var det til slutt Nordstranda skule som drog av med sigeren etter å ha slege Sandane skule lag 1 knepent med 10-8.

Nordstranda skule sitt vinnarlag i 4.klasse

Nordstranda skule sitt vinnarlag i 4.klasse

I bronsefinalen var Breim meir suverene då dei banka Sandane skule lag 2 med heile 16-4.

I 5.klasse var det ein tett og jamn finale med mange mål.  Sandane skule sitt lag 2 drog til slutt i land ein fortjent 16 - 12 siger over Breim.

Sandane skule sitt vinnarlag i 5.klasse

Sandane skule sitt vinnarlag i 5.klasse.

I bronsefinalen her var det ein enno tettare duell mellom 2 lag frå Sandane skule.  Sandane sitt lag 3 vann til slutt 11-10 over Sandane sitt lag 4.

I morgon er det 6. og 7.klasse sin tur, og vi reknar med minst like mykje spenning då.  Vel møtt!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.