Det er klart for ny kamphelg.

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2012

Både damelaget i 3.divisjon og herrelaget i 2.divisjon har heimekamp denne helga.  Jenter 15 skal til Nordfjordhallen på søndag.

Vegard Flatjord & co skal møte Norønna på laurdag

Først ute er damelaget som skal måle krefter med Stord sitt andrelag i Firdahallen på laurdag kl.15.  Stord 2 ligg på nest siste plass på tabellen med 5 poeng, og bør vere ei overkomeleg oppgåve for våre beste damer som ligg på 5.plass med 8 poeng.  Damene er nok også innstillt på å rette opp forrige helgs tap mot Førde, sjølv om laget er svekka når Bodil Hjelmeset er ute med skade.

Etter at damekampen er ferdig er det herrane sin tur.  Dei skal møte Norønna til kamp kl.17.  Dette er første kampen etter juleferien, så gutane er nok "gira" for å ta heim årets første siger.  GHK og Norønna ligg på dei to siste plassane på tabellen før denne kampen, men heimelaget kan rykke oppover på tabellen med siger her.  Vi trur at dette er motivasjon god nok, og at poenga vert verande att i Firdahallen.

Jente 15 laget hadde ei travel helg sist med 3 kampar.  Denne helga skal dei til Nordfjordhallen for å møte heimelaget Skavøypoll.  Det unge GHK laget har imponert så langt og ligg på ein flott 3.plass, medan Skavøypoll ligg på 5. med to poeng mindre enn våre jenter.  Får Jostein og jentene spelet til å gli som vi veit dei kan, trur vi poenga vert med heimatt til Gloppen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.