Trillerkamp då K5 damene slo Florø i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jan 2012

Det var stemning til tusen då sluttsignalet gjekk og K5 damene kunne sleppe jubelen laus etter å ha banka, til no ubesigra Florø med 21-18, etter at Florø leia 13-12 til pause.

Rein idrettsglede på sitt beste, etter dagens flotte siger over Florø

Etter å ha tapt bortekampen i Florø med mange mål, var det eit revansjesugent heimelag som gjekk på bana i Firdahallen i ettermiddag.  Det var tydeleg at tenningsnivået var høgt frå start av frå begge lag, og det vart mykje  kjemping og heller lite finspel dei første 7-8 minutta. Temoet var høgt og jentene stod kanonbra i forsvar, men framover "lugga" det litt.  Jenny Holvik synte fram venstreselgga si og banka inn 2-1 leiing, før Eline Åsebø hoppa inn frå kant etter 10 min og auka til 3-2.  No var jentene i siget, og Tiril S Reed sprang inn 6-3 etter 15 minutt.  I denne perioden stod også Benedikte Vederhus som ein levande vegg i mål og redda fleire gode skot frå Florødamene.  Malene Støylen auka til 7-3, før Florø tok sin første "timeout".   Malin Eikenes sette inn 10-5 på straffe, men så byrja Florø å finne ut av heimelaget. Gong på gong braut dei GHK sine angrep og køyrde kontra og sakte men sikkert vart heimelaget si leiing henta inn.  På stillinga 12-12 rett før pause var heimelaget i angrep, men Florø snappa ballen på nytt og sette inn 12-13 i siste sekund.

Ikkje lett å finne rom i Florøforsvaret.

Andre omgong starta som første, med høgt tempo, mykje kriging og lite mål.  Etter 5.30 av andre omgong sette Sofie Djupegot inn 13-13 på straffe, før same dama gjenntok dette etter 9 minutt og GHK var i føringa.  Dette var også stillinga etter halvspela andre omgong.  Laga skåra kvar sin gang dei neste 5 minutta, før Malin Eikenes snappa eit utspel frå Florø si målvakt og auka til 16-14.  Så får GHK starffe og Florø ein spelar utvist i 2 min.  GHK brenn straffa og Florø kontrar inn 16-15 i undertal.  Malene Støylen aukar til 17-15 og Florø får ein ny spelar utvist i 2 min.  Trass spel 6-4, klarer likevel Florø å redusere til 17-16, og fleire enn underteikna byrja tru at dette ikkje skal gå vegen likevel.  Men no syner jentene litt av moralen som bur i dette laget.  Dei vil rett og slett ikkje tape denne kampen.  Etter blant anna 2 flotte mål av Tiril S Reed, kan jentene sleppe jubelen laus og gå av bana samstundes som Kristine S Book set inn straffa som GHK fekk idet sluttsignalet gjekk. 

Gladjenta Tiril med viktige mål i sluttminutta.

Desse var med: Benedikte Vederhus, Kjendiskokk Bodil Fjellestad, Sofie Djuegot (2), Malin Eikenes (4), Eline Åsebø (1), Sigrid Fjellestad, Malene Støylen (5), Marie Midthjell, Beate Støfring (3), Jenny Holvik (1), Tiril S Reed 4), Sigrid S Kissner, Kristine s Book (1)

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.