Ørjan Sundal til tops i VM-manager

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Des 2011

Det var Ørjan som til slutt drog det lengste strået med Kissner hakk i hæl.
Ørjan Sundal og Andreas Kissner toppa VM-manager
Så er endeleg spenninga utløyst. Det vart TEAM ROCKET (tydleg at eigaren har sett ein del på Pokèmon opp gjennom åra) som gjekk sigrande ut av den vanvittig spanande konkurransen på Sjedu Cupen. 

Tem Rocket enda på 886 poeng medan BreimsbygdeJ10 fekk 884 poeng. Hadde ein av splarane til Kissner scora eit mål meir ville han ha vunne. Begge hadde Sulland og Carla Martin frå Spania som sine største poengplukkarar. Dei to gjorde det også skarpt på landsbasis. Det var påmeldt over 8200 lag og Ørjan vart nr. 77 og Kissner nr. 81.

Det er nesten så at ein føler litt med Morits som hadde sigeren i lomma til siste runde, men med doble poeng i avslutninga heldt det ikkje heilt inn. Men no er det nye sjansar i januar då det er EM for herrar. Dei som vil vere med i toppen må byrja å bu seg på nye konkurransar NO. Ørjan kunne røpe idag at hans lag alt er klart.

Det er tydeleg at gutane har greie på handball og har taktiske evner. Sjedu Cupen vart 5. beste privatliga i Norge (summen av dei 5 beste i kvar liga) i konkurranse med 266 andre.

Då kan vi avslutningsvis opplyse om at dei norske damene vann VM, men det kjem vel litt i skuggen av den dramatiske avslutninga på Sjedu Cupen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.