GHK J16 tapte for Førde 1

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Nov 2011

GHK sine jenter 16 tapte 18-29 for Førde 1 i kveld. Til pause var det 8-12, men med 17 baklengsmål i 2.omg er det umuleg å vinne handballkampar. J16 sakna dei faste spelarane Amanda Veiteberg, Helene Djupegot og Elise og Sigrid Heien Hansen som alle er ute med skadar. 

Blide jenter, men dette bilde er frå sist jentene møtte Førde. Då vann dei stort.

Jentene og trenarane hadde tru på at jentene skulle klare å vinne kampen sjølv om mange var ute med skader. Vi hadde lånt 4 av j15 spelarane og dei klarte seg godt. Dei skora 9  (halvparten av måla våre idag). Med 18 mål skulle det eigentleg vere nok til ein siger, det var positvt med mange flotte mål. 
I forsvar klarte vi oss godt i første omgang, sjølv om jentene periodevis manglar disiplin i å kome seg tilbake i forsvar. Vi ligg under med berre 4 mål til pause og har alle mulighetar til å snu kampen.
Men Førde var flinke til å trøkke på og gå på lukene og var tolmodige i angrep. Her har vi litt å lære, vi vert for utolmodige og avsluttar på altfor dårlege sjansar. Med meir tru på seg sjølv og vilje til å utfordre i lukene som som mange gongar var store som låvedører, så hadde Gloppen jentene kunne plusse på mange mål på resultat-tavla. 
I 2 omgang skora Førde 1 utallige mål på rusj, vi klarer ikkje å kome oss tilbake i forsvar. Det var deprimerande for keeper som gang på gang måtte stå åleine med Førde-jentene som kom på rusj. 
 
Sara Nordbø fekk lite hjelp aller bakerst.
Det var mykje positivt idag, men forsvarsarbeid må vere tema på treningane framover. 

Målskorarar i dag var: Ingvild (5), Irene (2), Amalie (1), Kristine (1), Marte (2), Elisabeth (3), Marta Sofie (4). 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.