J15, Gloppen - Eid

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Okt 2011

Måndag 24.okt. -11, tok jenter 15 imot Eid i Firdahallen. Gloppen var forsiktige i starten, og let Eid gå i leiinga. Forsvarsspelet var bra, men dei vart for liten fart i angrep. Til pause var det 9-10 til Eid. 

Amalie var sterk på streken.

 

I andre omgang starta Gloppen med godt angrepsspel. Jentene klarte å presse eidarane, og finne kvarandre og særleg Amalie på steken. Eid gjekk på fleire 2-minuttar på grunn av at dei ikkje klarte å følje med. Amalie slost seg til mål på streken. Elisabeth fekk snappa ballen frå slitne eidarar. Mot slutten var det heilt klart kven som var det beste laget. Gloppen vann 21-14 mot Eid. Dei som spelte var Solgunn, Birthe, Eirhild, Amalie (8), Ayla (2), Benedikte, Elisabeth (6), Ingvild (4), Hanna, Stine, Maren (1).

Gode råd frå Jostein.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.