Suverene GHK jenter banka Førde

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Okt 2011

GHK sine 16 års jenter varta opp med feiande flott handball då dei banka Førde 2 med heile 33-15 i Firdahallen i kveld.  Framfor eit, til torsdags kveld å vere, tallrikt publikum henta dei til tider fram delikatesser frå øverste hylle. Anført av "the twins" Heien Hansen var det aldri tvil om sigeren.

Glade og flotte jenter etter sigeren

GHk opna kampen i eit forrykande tempo og valsa over Førde frå start.  Godt forsvarsspel kombinert med kjappe bein og finter i angrep gjorde at ein sakte men sikkert opparbeidde seg ei sikker 18-8 leiing til halvtid. I andre omgong fortsette jentene finspelet og vann til slutt 33-15. Flotte innspel til strekane Marte og Marthe.  Gode skot frå distanse av Amanda, Ingvild, Elisabeth og Irene.  Flott vingspel av Ayla, Cristine og Anne Kristin. Godt målvaktspel av Sarah.  Legg ein då til to fotrappe tvillingar frå Nordåsen, ja då får ein eit komplett lag som er vanskeleg å slå.  Rett og slett ein flott kveld på nytt golv i Firdahallen.  God dommar som vanleg, Einar Eimhjellen.

Desse var med: Sarah Nordbø, Ayla Seime (2), Elisabeth Hansen (1), Irene Slagstad (2), Ingvild Slagstad (2), Martha Sofie Eide (2), Amanda Veiteberg (2), Sigrid H Hansen (11), Elise H Hansen (7), Marte S Hjelle (4), Christine Slagstad og Anne Kristin Haraldsvik.

Vanskeleg for Førde å kome forbi GHK jentene

Sara Nordbø med mange flotte redningar

 

Kaptein Elise med straffemål

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.