Revansje for G16 mot K3

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Okt 2011

Etter to strake tap i treningskampar mot K3, vann G16 tysdagens treningskamp. Tysdag møttest K3 og G16 for tredje gang i treningskamp denne sesongen. Dei to føregåande oppgjerda har dame vunne, men tysdag fekk gutane ein liten revansj.

Med litt redusert mannskap på begge sider var det nok damene som var mest prega av det. Utan Igrid, Heidi og Marte vart dei for lette mot Ørjan & co.

Gutane tok føringa heilt frå starten og leia stort sett gjennom heile første omgang, men som ofte før skapte den gode strekspelaren til damene problemer for gutane. Eli Anne fekk servert den eine "lekkerbisken" etter den andre inn på streken og scora sikkert. Stillinga til pause var 11-7 til gutane. 

I andre omgang greidde gutane og plukke meir av innspela og vere meir kompakte rundt strekspelaren og det vart tyngre for dame å kome til gode målsjansar. Måla måtte kome bak frå bana og Maria Kleppe viste i kampen fleire flotte mål frå distanse. Det var også kjekt å sjå Amanda Veiteberg tilbake på bana etter langtidsskade, og ho fekk glimtvis vist gode prestasjoner der ho finta seg forbi gutane og sette ballen kontant i mål.

På gutelaget utmerka Ørjan Sundal seg med 8 mål og var best på gutelaget. Han skyt hardt og er sterk, og lagde stadig "brydderi" for damene. Det var også gledeleg å sjå at 96-årgangen er byrja å utmerke seg. Sander Nesdal knalla inn 3 flotte mål, og Magnus Moritsgård på streken scora 2. Hans Sande måtte spele store delar av kampen som midtspelar og løyste oppgåva fint. Når vi i tillegg må nemne Peter Wilke som verkeleg tok i bakover og scora mål framover, ser vi lyst på sesongen for Gloppen 2 sitt 16-årslag.

Sluttresultatet vart 22-14 til gutane og ein fortent siger. Til helga skal dei serieopne mot Vik og dei virka til å vere i rute.
 

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.