GHK G16 Bringlag til Oslo for Bringkvalifisering

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Sep 2011

GHK sitt G16 Bringlag skal komande helg til Oslo for å spele kvalifiseringsrunde til den ordinære landsdekkande Bringserien for G16 lag.  I Oslo skal dei møte Oppsal og Kongsvinger.  Vinnar av denne runda er direkte kvalifisert til Bring.  Oppsal veit vi er eit godt lag.  Kongsvinger veit vi lite om.

GHK G16 Bringlag.

Bak frå venstre: Ørjan Sundal (GHK), Sigurd Sunde (Haugen), Vebjørn Espe (Haugen), Vebjørn Nord Haugland (Haugen), Birk Isane (Vik), Erlend Ulvestad (GHK), Daniel Hj Reed (GHK), Geir Giil (Trenar)   Framme frå venstre: Osmund Veriede (GHK), Evald Devik (GHK), Runar Helland Åmot (Florø), Joakim Hauge (Haugen), Mikael Alander (GHK), Vegard Sælen (GHK)

Bringlaget er samansett av spelarar frå vårt eige G16 lag, samt spelarar frå Florø, Vik og Haugen.  GHK er prestasjonsklubb, og dei andre klubbane har inngått partnerklubbsamarbeid med GHK for sesongen 2011/12.   GHK er representert med heile 7 spelarar på laget, medan 4 kjem frå Haugen og 1 kvar frå Florø og Vik.   Tanken med Bringlaget er å gje eit utvida tilbod til dei beste 15 og 16 åringane i fylket, og har sitt utspring i sonelagsarbeidet for denne gruppa. Trenaren og primus motor for dette laget er Geir Giil frå Florø.  Til helga får han med seg vår eigen G16 trenar Torbjørn som sjåfør og hjelpetrenar, så trenarbenken er i dei beste hender.   Laget reiser frå Sandane fredag ettermiddag, og skal spele begge kampane sine lørdag før dei returnerer heimatt lørdag kveld.   Kampen mot Kongsvinger går 14.30, medan kampen mot Oppsal går kl 17.00.   Vi ynskjer gutane lykke til, og lover oppdatering på heimesida etterkvart.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.