Trenar Bjørn Roth Andenes tar med seg elevane sine på langtur i helga. Dei skal til Gøteborg for å delta i Kortedala Cup.
|
Bjørn Roth Andenes |
Dei reiste frå Sandane kl 14 i dag, og reknar med å vere framme laaangt på kveld/natt. Troppen tel 14 mann. Dette er ein del av førebuingane til årets sesong i 2.divisjon og dei møter hard motstand frå gode svenske lag. I den innleiande gruppa møter vi ALA HF, Backa HK1 og Upplands Tuna IK. Kor lenge ein vert verande i vårt naboland avheng sjølvsagt av gutane sine prestasjonar på bana, men dei er nok ikkje heime før natt til mandag. Vi ynskjer dei lukke til!! For meir info sjå:
http://www.kortedalacup.se/