GHK sitt herrelag i 3.div skal denne helga møte serieleiar Bjørnar 2 på heimebane i Firdahallen. Kampen går på søndag kl. 15.00.


Som einaste GHK lag i aksjon, får gutane våre ei tøff utfordring når dei møter hittil ubesigra Bjørnar 2. I motsett oppgjer i Bergen vart det eit 9 måls tap i fjor haust, og det vert venteleg tøft å vinne her. Men med senka skuldre og riktig innstilling kan det unge GHK laget overraske dei fleste. Klarer ein å halde toppnivået noko lenger i denne kampen, kan alt skje. Vi håper på topp underhaldning og ein spanande kamp.