Kun ein GHK kamp komande helg

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Jan 2013

Komande helg er det damelaget i 5.divisjon som skal forsvare GHK si ære.  Dei møter sentrumslaget Fjøra frå Sogndal i Sogndal Idrettshall på laurdag.

Malin Eikenes var sentral i heimekampen mot Fjøra.

K5 damene har hatt ein god sesong til no, og ligg på ein fin tredjeplass på tabellen. Kun to poeng frå andreplassen, og tre poeng bak leiande Florø.  I heimekampen mot nettopp Fjøra i september, fekk vi ei framsyning i effektiv kontringshandball då Malin Eikenes var ustoppeleg framover og skåra åleine heile 13 mål.  GHK vann til slutt 30-20 i den kampen.  No er det bortebane som gjeld, og ein får venteleg ein peikepinn på kor godt ein har halde treninga vedlike sidan siste kamp som var tidleg i desember. I utgongspunktet ein kamp som bør vinnast, men det skal ikkje mykje "rusk" til i maskineriet før dette likegodt kan ende med tap.  Så her gjeld det for Ragnhild sine elevar å trø til frå start av.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.