GHK herrane tapte B-finalen i Kortedala Cup
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2011
GHK spela seg heilt fram til B finalen i Kortedala cup i Gøteborg i helga. I ettermiddagens finale vart det eit knepe tap 14-16 for HK Høk.
I dei innleiande rundane i går, vann GHK fyrste kampen 19-9 over Upplands Tuna IK. I dei to neste kampane gjekk det diverre ikkje like bra. Først tapte dei 10-17 for Backa HK1, før dei rauk heile 8-18 for Ale HF. Dermed 3.plass i pulja og B sluttspel i dag. I kvartfinalen i B sluttspelet vann dei 25-11 over Tune IL, før dei i semifinalen slo arrangørklubben Kortedala IF med 17-12.
Har ikkje fått rapporter frå Sverige, men truleg er trenaren godt nøgd med å få 6 kamper til å samkøyre laget fram mot seriestart.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.