Romjulsturnering i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Des 2015


I dag gjekk den årvisse romjulsturneringa av stabelen i Trivselshallen. I dameklassa var det fem lag påmeldt, medan gutane stilte med seks lag. Alle laga var samansett av spelarar som ikkje spelar saman til vanleg, noko som gjorde kampane interessante og artige.

Etter innleiande spel og semifinalar var det Team Marte mot Tema Heidi i finalen for damene. Kampen var jamn, men Team Marte hadde eit lite overtak gjennom heile kampen, og vann til slutt med 11-8.

I herreklassa var det G94/95 som møtte G92/93 i finalen. Dette vart ein målfattig kamp, der dei eldste, G92/93, gjekk av med sigeren, 3-6.


Ein kjekk dag i hallen med mykje handballmoro for dei frammøtte, både på tribuna og på bana. Vi gler oss til neste år!



Månadens spelar for november

Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Des 2015

Prisen for månadens spelar i november gjekk til G14 sin Håvard Lothe. Juryen si grunngjeving var fom følger:

Håvard er ein hyggeleg og blid gut som alltid er i godt humør. han er ein målfarleg lagspelar, som er treningsvilleg, dyktig og seriøs. I tillegg til å vere ei viktig brikke på årets gutar14-lag er han med på både sonelag og regionalt landslag for 14-åringar.

Vi gratulerer med ein velfortent pris, og gler oss til å følgje den vidare utviklinga til Håvard.



Kamp for båe seniorlaga i helga

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Nov 2015

Laurdag reiser damelaget til Dale for å spele kamp i Fjalerhallen. Denne kampen går kl. 16.45.

Dale ligg jamnt med GHK på tabellen så langt i sesongen. Såleis er dagens kamp ein moglegheit til å få ei ørlita luke til Dale. Damene våre har prestert over forventning denne sesongen, og sjølv om Dale vert ei tøff nøtt har vi trua på at poenga kan verte med heim til fagre Gloppen.


Søndag er det herrane sin tur, då dei får Sotra 2 på besøk i Trivselshallen kl. 15.15. Desse to laga ligg i kvar sin ende av tabellen. GHK-herrane har vore overlegne og står enno utan tap. Sotra 2 har enno ikkje kapra poeng på sine fem kampar, utan at det treng å vere grunn til å ta lett på oppgåva for herrane våre.

Vi håpar alle vil ta seg ein tur å hallen søndag for å heie. Ein fin måte å starte advent på!

Heia GHK!



Skuleturnering 2015

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Nov 2015

Som så mange år tidlegare, skipa GHK i dag til skuleturnering for 4.-7. klasse i Gloppen. Breim-, Nordstranda- og Sandane skule stilte med lag i alle klasser, og totalt var det heile 21 lag i aksjon.

Medan snøen lava ned ute, aula det av folk inne. Mange tok turen for å heie fram dei ulike laga, og skapte ei fin stemning i hallen. I tillegg er det fantastisk å sjå så mange unge spelarar kose seg med handball.

Alle laga viste fine takter og, viktigast av alt, idrettsglede. Etter innleiande gruppespel gjekk fire lag vidare til semifinalar. Vinnarane spela deretter finale og dei to andre laga spela bronsefinale.

I 4.klasse var det Sandane 3 som tok sigeren. Nordstranda 1 tok andreplassen og Nordstranda 2 kapra siste plass på pallen.

5.klasseserien vart dominert av sandanelag. Her var det Sandane 6 som stakk av med sigeren, Sandane 5 tok andreplassen, medan Sandane 4 enda på tredjeplass.

I 6.klasse var det Breim 4 som gjekk sigrande ut av finalen mot Sandane 7. Her enda Sandane 8 på tredjeplass.

Dei eldste, altså 7.klassane, fekk ein pall med representantar frå alle dei tre skulane. Her var det Sandane 10 som vann, Breim 5 tok andreplassen, medan Nordstranda 5 tok tredjeplassen.


Vi i klubben vil gjerne takke alle som bidrog til at dagens arrangement vart ein suksess. Alle spelarane som viste fin idrettsglede, alle dei som var lagleiarar, alle som jobba dugnad, alle som har planlagt, og alle som heia og skapte stemning. Tusen takk for ein flott dag i hallen!


Bileter kjem litt seinare..



Damene jaktar nye poeng

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2015

GHK-damene møter Jotun til kamp i Trivselshagen på søndag.

Det tidlegare topplaget Jotun har enno ikkje kapra poeng i serien i år, og har nok difor veldig lysst til å stele med seg poeng heim frå Gloppen, og dermed vise at dei framleis har litt å fare med.
Damene våre har så langt i sesongen vist godt spel og dermed sikra seg ein plass på den øvre delen av tabellen. Vi håpar, og trur, difor at poenga vert att i Trivselshallen denne helga.

Kom gjerne for å hjelpe damen våre på vegen mot nok ein siger!

Heia GHK!


Skuleturnering i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2015

Laurdag 21.11 er det klart for den årlege skuleturneringa i Trivselshallen. Lag frå alle skulane i Gloppen har meldt inn lag, og det ligg ann til å verte ein kjekk dag fylt med mykje handballglede.


Skuleturneringa er eit fint høve til å rekruttere nye spelarar til handballen i Gloppen, og vi håpar sjølvsagt at laga i kommunen får nokre fleire spelarar etter turneringa i helga. Her handlar det ikkje berre om å vinne, men om å ha det kjekt saman.


Vi er klare med kampar og kiosk frå kl. 10.00 og utover dagen. Møt gjerne opp for å oppleve ekte idrettsglede.




Bergenshelg for seniorlaga

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Nov 2015

Denne helga er båe seniorlaga våre i Bergen for å spele dobbelkampar.


Herrane møter Kjøkkelvik 2 kl. 13.05 på laurdag og Gneist kl. 15.25 på søndag. GHK tronar på tabelltoppen før kampane i helga, og vi håpar, og trur, at dei framleis gjer det når kampen mot Gneist blåsast av på søndag.


Damen møter Årstad 2 kl. 15.45 på laurdag og Fyllingen 2 kl. 13.00 på søndag. Damene har prestert over forventning så langt i sesongen, så det vert spennande å følgje med på utviklinga vidare.


Vi vil oppfordre alle som er i Bergen i helga om å ta turen på kamp for å heie fram spelarane våre!


Heia GHK!



Siger i treningskamp!

Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Okt 2015

GHK sitt 17-20 årslag, tok i går kveld turen til Ørsta for å møte heimelaget der, i ein gamal og nedsliten Ørstahall. Kampstart kl.21!

Roleg åpning på kampen, der laga var like på 3-3. Deretter gjekk det meste "skeis" for våre gutar både framover og bakover. Ørsta leia på det meste med 7 mål, og var føre med 16-11 til pause.

Etter ein god pauseprat kom GHK sakte med sikkert inn att i kampen. Forsvaret tok tak slik vi veit dei kan, og i staden for stang ut (som i første omgong) sat ballane no der dei skulle framover. På stillinga 20-20 etter 10 min av andre omgong, fekk unge "Koopmanns" sin elddåp mellom stengene. Og som den reinaste sjølvfølgje redda han det første skotet, og stod ein meir enn godkjend kamp resten av omgongen. Ørsta utlikna til 25-25 med 15 sek att av omgongen, men GHK gjekk rett i angrep og avgjorde til 26-25 siger.

Klart at dei 3 sentrale spelarane på herrelaget, Sindre, Preben og Ørjan, drog mykje av lasset, men her stod ingen av dei unge og meir urutinerte spelarane med hua i handa. Magnus Ødven fekk si første skåring, og samtlege utespelarar teikna seg på skåringslista. Kjekt òg å sjå Daniel si rolege og fine handtering av spelarane sjølv om det "butta" imot i periodar.

Her er det tydeleg at forståelsen mellom spelar/trenar er god. Fin og kjekk tur, sjølv om vi ikkje var tilbake på Sandane før etter midnatt :)


(Skrive av Øystein Sundal - sjåfør på turen)


Seks av åtte poeng i favør GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Sep 2015

Etter sesongens fyrste bergenshelg kan vi konstatere at GHK sit att med seks, av åtte moglege, poeng.

Laurdag åpna damene med eit sjumålstap mot Åsane, eit tap dei ville revansjere då dei møtte NHHI til kamp i Lehmkulhallen på søndag. Laga følgde kvarandre ei stund i den fyrste omgangen, før GHK takka for følget og reiste litt i frå. Mot slutten av kampen tok NHHI litt innpå att, men sigeren var aldri truga. Sluttresultatet vart 20-24 til Gloppen, og dermed to nye poeng i potten.

Herrane starta med ein fin siger over Os på laurdag. Ein kamp som enda 22-29 i favør karane frå Gloppen. Ein flott start og ei fin oppfølging av den gode seriestarten.
Søndag var det Bjørnar 2 som stod på motsett banehalvdel, same lag GHK slo stort i serieåpninga., og karane ville ikkje vere noko dårlegare denne dagen. Då dommaren bles av kampen viste tavla ein 21-28-siger til GHK.

Etter kampane i helga kan herrelaget gå ei ny veke i møte som serieleiarar i 3.divisjon!
Vi gler oss til framhaldet.

Heia GHK!


Bergenshelg for både damene og herrane

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Sep 2015

Denne helga er det klart for den fyrste bergenshelga denne sesongen. Både dame- og herrelaget skal til byen for dobbelkampar.

Damene spelar mot Åsane 2 på laurdag kl. 15.45 i Åsanehallen, og NHHI kl. 14.45 i Lehmkulhallen på søndag. Etter den gode opninga førre helg vert det spennande å sjå om damene kan følgje opp prestasjonane denne helga. NHHI gjekk på eit stort tap mot Sotra 2 i førre kamp, det same laget som GHK slo førre helg, men kvar kamp lev sitt eige liv og ingenting er avgjort på førehand. Vi har likevel trua på poeng!

Herrane møter Os i Os idrettshall kl. 16.30 på laurdag. På søndag møter dei Bjørnar 2 i Bjørnarhallen, også det kl. 16.30. Førre helg vann herrane komfortabelt over nettopp Bjørnar 2, og hadde god kontroll på laget, vert situasjonen den same denne gongen?

Truleg disponerar trenar Daniel omlag det same mannskapet denne helga som førre, og vi har trua på at det dei kan reise heim med fleire poeng til GHK på søndagskvelden, og dermed halde fram med den fine trenden frå sesongstarten.

Til slutt vil vi oppfordre alle glopparar som bur i Bergen om å reise på kamp denne helga. Det ligg ann til mykje spenning og god handball, så dette vil de ikkje gå glipp av!

Heia GHK!


Pangstart for damelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2015

I dag var det endeleg klart for damekamp i Trivselshallen. På førehand var det knytt litt spenning til dette laget, då det før seriestart har vore litt usikkert kva lag ein kunne stille med i årets sesong.

Sotra 2 kom til Gloppen med to storsigrar i bagasjen, seinast med "stygge" siffer mot Jotun (29-10). Dette kunne ha skremt damene, men det virka heller for å tenne dei ytterlegare. Laget har hatt kort tid på å verte samspelte, men viste like vel fram mykje av potensialet som bur i laget.

I starten var kampen jamnspela, men rett før pause rykka GHK litt i frå og leia dermed med tre mål til pause. Etter kvilen heldt dei fram det fine spelet frå den fyrste omgangen, og var i ein periode oppe i ei sjumålsleiing. Sotra tok litt innpå mot slutten, men sigeren var aldri truga. Sluttresultatet vart 29-25.

Dette var ein kamp fleire viste seg fram i, til stor glede for ei fullsett tribune. Ekstra gledeleg er det at heile fire 16-åringar fekk sin debut i dagens kamp, og at dei på ingen måte gjorde seg vekk. Vi er sikre på at vi får sjå meir av dei i kampane som kjem.

Dagens spelar for GHK vart Irene Slagstad som, i tillegg til å skåre fem mål, var solid i forsvaret. Elles var det gledeleg å sjå Heidi Sægrov og Amanda Veiteberg tilbake i GHK-drakta.

Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Siri Oppheim, Ragnhild Ryssdal (5), Ingvild Slagstad (2), Marte Sunde Hjelle, Lena Fossen (3), Irene Slagstad (5), Toril Gaasø (5), Ingunn Tennebø, Malin Isane Førde, Ingebord Åsebø, Heidi Sægrov (5), Amanda Veiteberg (4).


Årets fyrste to-poengar!

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Sep 2015

I dag var det endeleg klart for seriestart for GHK i Trivselshallen, og det var ingen ringare enn herrelaget i 3.divisjon som opna sesongen med kamp mot Bjørnar 2.

Mange hadde nok forventningar til laget før dagens kamp. Trenar Daniel har ein stor stall med gode spelarar til disposisjon, men med ny trenar, nye spelarar og nye impulsar kan det ta tid før ein får ut heile potensialet.

Heldigvis slapp dei mange frammøtte å verte skuffa. Karane leverte ein fin kamp og sikra seg to poeng utan store problem. Sluttresultatet vart heile 32-19 til glopparane.

Runar Gåsemyr vart dagens beste og dagens toppskårar med heile 11 fulltreffarar. I tillegg stod Paul Remi Kvandal ein ny god kamp mellom stengene. Kjekt var det òg at unggutane Eirik Hovstad og Runar Hellerud begge noterte seg for skåringar.

Tusen hjarteleg takk til alle som møtte opp for å heie i dag. Utruleg kjekt å sjå fulle tribuner i fyrste kamp. Måtte det halde fram!

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Håvard Husevåg, Preben Indrebø (3), Runar Gåsemyr (11), Jens Christian Andenæs (1), Eirik Hovstad (1), Mikael Alander (1), Ørjan Sundal (5), Vegard Sælen, Osmund Vereide (3), Runar Hellerud (2), Bjørn Magnus Nystad (1), Jon Andreas Kornberg (2), Sindre Moritsgård Flatjord (2).

Heia GHK!


Sesongstart!

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2015

Endeleg. Endeleg er helga her. Sesongstart!

Denne helga vert tettpakka med handballmoro for store og små og vi håpar difor på stort publikumsoppmøte både laurdag og søndag.

Laurdag skal herrelaget i elden kl. 15.45 mot bergenslaget Bjørnar 2. Årets herrelag er meget spennande. Vi har fått opp nokre nye, unge spelarar og nokre "eldre" er komne heimatt for å ikle seg den raude trøya.

Søndag er det heile fire GHK-kampar i hallen. J14 2 opnar festen med kamp mot Askvoll/Holmedal kl. 12.00, medan J14 1 møter det same laget kl. 14.00. Kl.15.00 er det G14 som skal i aksjon, når Høyang står på motsett banehalvdel. K3 sesongopnar òg denne helga, med kamp mot Sotra 2, kl. 13.00. Det er knytt litt usikkerheit kring årets damelag, så det vil vere spennande å sjå kva dei kan vise oss på søndag.

Seniortrenar Daniel har delt sine tankar kring helga i eit eige innlegg her på heimesida. Det er det verdt å få med seg.

Som de forstår er det ingen grunn til å leggje andre planar i helga, då vi håpar og trur GHK vil stå for underhaldninga (og poenga).

Møt opp og gje laga ein god start på sesongen!
Tips: under fana "komande arrangement" på startsida finn du kamptidspunkt for alle kampane i helga.

Heia GHK!


Treningskampar for herrelaget

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2015




Denne helga (4.-6.sept.) skal båe seniorlaga våre ha treningshelg. Dette er eit ledd i den siste oppkøyringa før sesongen brakar laus om nokre få veker.

I tillegg til treningar skal herrelaget spele to treningskampar på søndag. Sogndal og Stryn sine herrelag kjem på vitjing til Trivselshallen for å teste sine menn opp mot våre. Dette vert trenar Daniel sine fyrste kampar på GHK-benken, så dette kan verte spennande.

Så dersom du kjenner det er vanskeleg å vente heilt til sesongstart med å sjå karane i action kan du gjerne ta turen i hallen på søndag.

12.00 GHK - Sogndal
15.00 Sogndal - Stryn
18.00 GHK - Stryn

Heia GHK!


Uttak til regional landslagssamling

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Sep 2015

Region Vest har no teke ut troppen til sesongens fyrste regionale landslagssamling for gutar fødde i 98/99.
Til denne samlinga er tidlegare GHK-spelar Leander Seime teken ut. Fyrste samling vert alt 10.09 i Bergen.
Vi gratulerer då mykje med uttaket og ynskjer Leander lukke til på samlinga og med sesongen i sin nye klubb, Gneist.


Hans Sande med sleggegull

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Aug 2015

GHK sin herrespelar Hans Sande har i dag teke gull i slegge i klassa for menn under 19 år, under NM på Byrkjelo. Dette er stort!
På vegne av GHK gratulerar vi gullmedaljøren, og håpar han ikkje legg handballen heilt på hylla.

Du kan lese meir om bragda her.


Terminlister

Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Aug 2015

Det nærmar seg seriestart med stormskritt.
No er terminlistene klare, og mot slutten av september brakar det laust.
Det kjem nok til å kome nokre endringar i oppsettet, då vi har nokre kampar som må flyttast, og då dei andre klubbane sikkert har nokre som må flyttast.
Dersom du klikkar deg inn på "lenjer" i fana under banneret, kan du finne lenjer til kampane våre, både heime og bortekampar.
Etter kvart som vi nærmar oss vil vi sjølvsagt minne dykk på kampane både her på heimesida og på facebook. Så håpar vi at alle glopparar er klare for å skape mykje liv og røre på alle våre kampar!

Heia GHK!


Impulskurs for trenarar

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Jul 2015



I dag var det impulskurs for trenarar på planen. Over 30 trenarar frå både nært og fjernt møtte opp kl. 09.00 for å suge til seg tips og triks frå landslaget.
Dagen starta i auditoriet i Trivselshallen, der ein av Noreg sine trenarar snakka litt om korleis Noreg trenar, kor viktig det er å trene funksjonelt og kor viktig det er å trene rett frå ung alder. Seinare vart tipsa han kom med vist på landslaget si trening, som dei frammøtte fekk sjå frå tribuna.


Medan landslaget heldt på med si fysikktrening kom Thorir sjølv opp på tribuna for å snakke litt om handballdelen av treninga. Han forklara litt og svara på spørsmål trenarane hadde.
Etterpå gjekk Noreg over til å trene rein handball, med fokus på forsvarsspel, også dette med dei frammøtte på tribuna.








Handballskule vel gjennomført

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Jul 2015




Tysdag 21. og onsdag 22. juli skipa vi til handballskule i samarbeid med Tine og Sparebankstiftinga. Til saman ca. 165 ungar/ungdomar var samla, fordelt på to dagar, for å ha det kjekt med handball.

Vi var så heldige at sjølvaste Thorir Hergeirsson tok ansvaret for å opne handballskulen. Han snakka litt til deltakarane om handball og kor viktig det er å vere sjølvdriven for å verte god. Det var tydeleg at alle hadde respekt for denne karen, for det var heilt stille heile tida han snakka.


Etterpå var deltakarane delt i tre grupper som rullerte mellom tre baner gjennom dagen. På den eine bana hadde Daniel Dammyr fokus på forsvar, på den eine hadde Sigvald Veim Andreassen kast/mottak, medan den lokale trioen Torbjørn Sælen, Kjell Aske og Ragnhild Vederhus hadde småspeløvingar på den siste. I tillegg hadde dei med seg gode hjelpetrenarar i Helene Aske, Mikael Alander, Sander Nesdal, Jon Andreas Kornberg og Eirik Hovstad. Desse ungdomane gjorde ein god figur og inspirerte truleg mange desse dagane.

Etter lunsj kom tre landslagsjenter inn i heile 90 minutt, begge dagane. Dei køyrde fyrst ei 30 minuttsøkt, skreiv autografar og snakka i 30 minutt, før dei avslutta med ei ny 30 minuttsøkt. Dette var stor stas for alle, og veldig sporty og kjekt gjort av jentene.


Begge dagane vart avslutta med at nokre heldige deltakarar vart trekte ut til å vere maskottar under kampane mot Russland på fredag og laurdag. Så dei som kjem springane ut saman med spelarane før kampen er deltakarar frå handballskulen.
Heilt til slutt fekk alle deltakarane òg ein billett til ein av landskampane.


Til slutt må vi få takke alle som har vore med på å bidra til at handballskulen gjekk så fint som den gjorde. Vi hadde dyktige trenarar, flinke deltakarar, kjekke landslagsjenter, ein fantastisk landslagssjef og flotte frivillige som hjalp til på ulike måtar. No gler vi oss til kampar og stor stemning i hallen både fredag og laurdag!

Du kan finne fleire bileter frå dagane på facebook-sida til GHK

Heia GHK!





Høve til å sjå ei landslagstrening, eller to

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jul 2015

No er endeleg veka her! Landslaget er i skrivande stund rett rundt hjørnet, og då er vi i gang.
Dei fleste treningane dei skal gjennomføre vil vere lukka for publikum, men tysdag og onsdag frå kl. 17.00 til kl. 19.00 vil det vere høve for publikum å sjå på ei trening.

Dette er ein unik moglegheit til å sjå korleis eit av verdas beste landslag trenar, og kanskje snappe til seg eit tips eller to.

Føresetnaden for å få sjå desse treningane er at det er stille og roleg på tribuna. Det vil vere vakter til stades, og dersom det vert mykje uro vil treninga verte lukka. Dette reknar ikkje vi med vert noko problem her i Gloppen :)


Impulskurs for trenarar

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Jul 2015

Minner om at det vert eit impulskurs for trenarar (og andre som er interesserte), på torsdag frå 9-12 i Trivselshagen. Her vil de få sjå ei trening med landslaget og få ein gjennomgang av ulike øvingar, samt svar på eventuelle spørsmål de måtte ha. Kurset er gratis! Dersom du ikkje har meldt deg på er det ingen grunn til å fortvile. Send ei melding til 95285002 med namn og klubb, så er det berre å møte opp! (Om du bestemmer deg for å ta turen på impuls på torsdag, er det heilt i orden og)


Handballskule i Trivselshallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jul 2015

No nærmar det seg handballskule i Trivselshallen og vi gler oss stort!

Til saman skal ca. 165 ungdommar i alderen 11-14 år i aksjon tysdag 21. og onsdag 22. juli. Her vil det verte fokus på kast/mottak, forsvarsarbeid og ulike former for småspel, rettleia av kyndige trenarar.

Som hovudtrenarar stiller GHK sin nye seniortrenar Daniel Dammyr. Han har òg med seg Sigvald Veim Andreassen oppover. Andreassen har spelarerfaring frå eliteserien og 1.divisjon, samt lang trenarerfaring på toppnivå og trenar 3 utdanning. Saman har desse to laga det sportslege opplegget til handballskulen.
Med seg får dei nokre kjekke og dyktige, lokale heltar; Kjell Aske, Ragnhild Bakketun Vederhus og Torbjørn Sælen. I tillegg stiller Mikael Alander, Sander Nesdal og Eirik Hovstad opp frå spelargruppa.

For å kunne gjennomføre denne handballskulen har vi fått hjelp frå Tine og Eurofoto i høve t-skjorter og produkt deltakarane vil få.
I tillegg har Sparebankstiftinga gjeve oss heile 50 000 kroner øyremerka med handballskule. Dette beløpet vil vi spreie på fleire arrangement vi jobbar med, men delar av det vert brukt i høve denne handballskulen. Vi er veldig takksame for all støtte vi har motteke!

Vi gler oss til å treffe mange handballglade ungdommar i dagane som kjem.

Meir informasjon, bileter og oppsummering vil kome på heimesida, facebook og instagram, både tysdag og onsdag, så følg med.



Dugnadsliste i høve landslagssamlinga

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jul 2015



No er endeleg dugnadslista for den veka landslaget kjem klare. Du finn den ved å trykke på "Dugnadslister" i fana under banneret.

Vi håpar alle som er sett opp har høve på det tidspunktet dei er sett opp, men dersom nokon må gjere endringar må de hugse å seie frå til den som er ansvarleg den dagen de skal jobbe. Dette er veldig viktig for at vi skal ha kontroll og at alt skal gå så knirkefritt som mogleg.

Det vert møte for alle som skal vere vakter under landskampane torsdag 16.07., kl. 20.00 i Trivselshagen bad og idrett. Vel møtt!


Tine handballskule

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Jul 2015


I høve landslagssamlinga i Gloppen i veke 30 arrangerar GHK handballskule i samarbeid med Tine. No er påmeldingsfristen ute, og vi er glade for å kunne seie at påmeldinga har vore stor. Skulen er delt i to med dei yngste (fødde i 2004/2003) på tysdagen, og dei eldste (fødde i 2002/2001) på onsdagen.

Onsdagen er no heilt fullbooka (90 stk)! Faktisk har vi måtta flytta nokre deltakarar til tysdagen for å få plass. På tysdagen har vi framleis nokre ledige plassar, så dersom det er nokon som vil vere med, men ikkje fekk meldt seg på innan fristen, kan ein framleis melde på ved å sende ein e-post til ghk.handball@gmail.com.

Då det ikkje er fullt på tysdagen har vi opna opp for at spelarar som eigentleg er eitt år for unge kan få vere med. Dette er både for å få fylt opp, og fordi vi den siste månaden har fått spørsmål om dette kan vere mogleg.

Vi gler oss stort til å treffe mange unge, lovande og engasjerte handballspelarar i Trivselshallen om berre nokre veker!



GHK i sosiale medier

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Jul 2015


GHK har vore på facebook ei stund. Om du likar sida vår der vil du få beskjed når det er posta nye innlegg på heimesida, samt ei påminning om heimekampar gjennom sesongen. I tillegg vert det posta litt bileter frå ulike arrangement.
Du finn lenkje til facebook-sida vår i den venstre margen på heimesida, eller ved å trykkje her.

No er GHK òg på Instagram! Dette er ein heilt fresk konto, men tanken er at ein her kan poste bileter frå både heime- og bortekampar, i tillegg til glimt frå treningar, arrangement og andre hendingar. Her kan det med andre ord kome mykje spennande saker!
I tillegg kan du få ditt bilete på heimesida! Dette gjer du ved å bruke emneknaggen #heiaghk når du deler biletet ditt på instagram. Så her er det berre å dele i veg :)

Du kan følgje oss på @gloppenhk


Velkomen til vår nye heimeside!

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Jul 2015

GHK-damene

No er endeleg vår nye heimeside klar til bruk, og vi håpar de vil halde fram med å bruke den.
Den nye sida har ein del funksjonar som den gamle ikkje hadde, og som det vil ta litt tid å setje seg inn i. Vi håpar difor at de vil ha tolmod med oss medan vi lærer oss korleis vi kan bruke sida på best mogleg måte. Når det er sagt tek vi gjer i mot tilbakemeldingar og tips til korleis vi kan betre sida. Om det er noko de saknar frå den gamle sida er det mogleg vi kan overføre det til den nye.

Det vil kome sider/områder for alle laga våre, men det kan ta litt tid før det er sikkeleg på plass då landslagssamlinga og handballskulen har fyrsteprioritet no når sida er oppe og går.

Vi håpar de likar den nye sida!

Heia GHK!