Travel helg for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Okt 2011

Det går mot ei svært aktiv og spanande helg for GHK.  Alle laga skal i aksjon, der J16 tjuvstartar allereie i kveld med kamp mot Førde kl.20.30 i Firdahallen.  Jentelaget har opna sesongen med 2 sigrar mot Jotun på bortebane og det vert heilt sikkert kjempa hardt for den tredje strake.

Ingvild og Cristine Slagstad er klar til å møte Førde

På laurdag skal begge gutelaga møte Vik, medan K5 skal møte Aurland.  Alle kampane går i Firdahallen.  For gutane sin del er dette sesongopning i serien, sjølv om mange har deltatt rundt Bringlaget. Målet her er nok ein god start og full pott.  K5 skal prøve å fylgje opp den strålande starten dei hadde ved å vinne over Syril borte og vil nok gjere sitt beste for å sende heim eit anna sognelag utan poeng.

På søndag skal disiplane til Bjørn møte Norønna til kamp i 2.divisjon.  Denne kampen går i Haukelandshallen i Bergen.  Her vil spelarane gi alt for den første gevinsten i årets sesong.  J15 og K5 laget tar turen til Florø for å møte heimelaget.  Begge kampane i Florø Idrettssenter.  J15 sesongopnar, og det vert spanande og sjå kva det "nye" GHK laget vil klare.  Til slutt på søndag skal K3 damene til Førde for eit rivande lokaloppgjer i 3.divisjon.  Her vil nok gjerne førdianaren Øyvind ha med seg 2 poeng, skulle ein tru!  Òg etter to uavgjort + eit tap, er nok damene sjølve også svolten på siger.

Måndag kveld skal J15 i aksjon igjen, mot Eid.  I Firdahallen.  

Så folkens, her er det berre å møte opp og heie på GHK laga.  Enten det no er i Firdahallen eller andre stader!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.