Travel helg for GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Okt 2011
Det går mot ei svært aktiv og spanande helg for GHK. Alle laga skal i aksjon, der J16 tjuvstartar allereie i kveld med kamp mot Førde kl.20.30 i Firdahallen. Jentelaget har opna sesongen med 2 sigrar mot Jotun på bortebane og det vert heilt sikkert kjempa hardt for den tredje strake.
|
Ingvild og Cristine Slagstad er klar til å møte Førde |
På laurdag skal begge gutelaga møte Vik, medan K5 skal møte Aurland. Alle kampane går i Firdahallen. For gutane sin del er dette sesongopning i serien, sjølv om mange har deltatt rundt Bringlaget. Målet her er nok ein god start og full pott. K5 skal prøve å fylgje opp den strålande starten dei hadde ved å vinne over Syril borte og vil nok gjere sitt beste for å sende heim eit anna sognelag utan poeng.
På søndag skal disiplane til Bjørn møte Norønna til kamp i 2.divisjon. Denne kampen går i Haukelandshallen i Bergen. Her vil spelarane gi alt for den første gevinsten i årets sesong. J15 og K5 laget tar turen til Florø for å møte heimelaget. Begge kampane i Florø Idrettssenter. J15 sesongopnar, og det vert spanande og sjå kva det "nye" GHK laget vil klare. Til slutt på søndag skal K3 damene til Førde for eit rivande lokaloppgjer i 3.divisjon. Her vil nok gjerne førdianaren Øyvind ha med seg 2 poeng, skulle ein tru! Òg etter to uavgjort + eit tap, er nok damene sjølve også svolten på siger.
Måndag kveld skal J15 i aksjon igjen, mot Eid. I Firdahallen.
Så folkens, her er det berre å møte opp og heie på GHK laga. Enten det no er i Firdahallen eller andre stader!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019