Sesongen vel igang for spelarane.

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2011

Handballsesongen er byrja å nærma seg med stormskritt. Dei eldste gute 16 spelarane har ei tid fått vore med Herrane på trening og det har vore både kjekt og utfordrande.
 
 

GHK G16 Bring
 
Til helga stiller GHK G-16 lag i Scandinavien Cup i Oslo. Dette er ei kvalitetsturnering som vi også var med på i fjor, og her får ein verkeleg brynt seg mot dei beste 16-åringane i landet. Laget som heiter "Gloppen" er samansett av 7 GHK-spelarar og 6 frå andre klubbar av fylket. Dette er det laget som skal spele kvallik. til Bringserie til hausten,
 
Sist helg gjorde vi unna to treningsøkter i Florø, og det skal bli spenande å sjå kor vi står i forhold til dei andre laga. Avreise vert torsdag med GHK-busen der sjølvaste leiaren skal vere sjåør.
 
Erlend Ulvestad er alt på plass i Skien der han skal vere heile veka på landslagsutak og kjem rett til Oslo får å spele Skandinavien Cup. Skulle tru det vert nok handball den veka.
 
Vi ynskjer gutane lukke til og gledar oss til ein ny sesong.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.