Sesongen vel igang for spelarane.
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Aug 2011
Handballsesongen er byrja å nærma seg med stormskritt. Dei eldste gute 16 spelarane har ei tid fått vore med Herrane på trening og det har vore både kjekt og utfordrande.
|
GHK G16 Bring |
Til helga stiller GHK G-16 lag i Scandinavien Cup i Oslo. Dette er ei kvalitetsturnering som vi også var med på i fjor, og her får ein verkeleg brynt seg mot dei beste 16-åringane i landet. Laget som heiter "Gloppen" er samansett av 7 GHK-spelarar og 6 frå andre klubbar av fylket. Dette er det laget som skal spele kvallik. til Bringserie til hausten,
Sist helg gjorde vi unna to treningsøkter i Florø, og det skal bli spenande å sjå kor vi står i forhold til dei andre laga. Avreise vert torsdag med GHK-busen der sjølvaste leiaren skal vere sjåør.
Erlend Ulvestad er alt på plass i Skien der han skal vere heile veka på landslagsutak og kjem rett til Oslo får å spele Skandinavien Cup. Skulle tru det vert nok handball den veka.
Vi ynskjer gutane lukke til og gledar oss til ein ny sesong.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019