Preben Indrebø årets talent i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014
Preben Indrebø vart i dag kåra til årets talent i GHK. Preben har utvikla seg på ein svært positiv måte denne sesongen. Han er ein sentral spelar for G16 laget, noko han også synte i bronsefinalen mot Stryn i regionssluttspelet i dag. Preben er og fast på Gloppen sitt herreleg, der han har skåra mange flotte mål frå strek. I tillegg har han også vore ein sentral spelar på G18 laget. Han har gjennom sesongen synt at han vil noko med handballen, og han er ein særs verdig vinnar av denne prisen. Vi gratulerer Preben med prisen og ynskjer lukke til med neste sesong.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb
Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023
NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023
Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019