Nytt tap for G-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Jan 2014
Gutane tapte 24-19 mot Eid/Haugen idag etter å ha lege under 12-8 til pause Det vart nok eit tap for 16-åringane idag mot Eid/Haugen. Vi kom tidleg etter i første omgang og greidde ikkje å spelle oss til gode målsjansar. Bakover sleit vi med å få kontroll på Kristian Rønnestad som laga tilsaman 12 mål for Eidarane.
I andre omgang heldt vi bra følge og då det var 10 min. att av kampen var stillinga 18-17 til Eid og trenaren hadde god tru på at vi skulle klare å knipe ein siger på Eid.
Mange tekniske feil i påfølgande fase gjorde at Eidarane kunne stikke ifrå mot slutten og vinne greitt med 5 mål.
Best på Gloppen idag var begge keeperane, Ole kristoffer i første omgang og Håvard i andre omgang.
Desse var med : Ole Kristoffer, Håvard Husevåg, Sindre 1, Jon Andreas 2, Håvard Magnus, Hans Kristian 2, Runar, Preben 7, Marius 4, Jon Åge 1, Bjørnar, Arne 1, Eirik 1
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019