Tap mot Eid/Haugen for G-16

Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Nov 2013

Det vart tap mot Eid/Haugen på bortebane idag. Vi møtte eit godt lag som til slutt vann komfortabelt 32-22. Trass i dette var det mykje positivt å ta med seg frå kampen.

Kampens store profil! Sindre Flatjord med heile 12 mål i kampen.

Vi sleit litt i innleiinga på første omgang der vi låg under 4-1 i starten av omgang. Eid sin storskyttar Kristian Rønnestad herja vilt med oss i starten, og når han ikkje skora sjølv spelte han inn til ein ledig strekspelar. 

Etter kart vart samarbeidet i midtforsvaret betre og vi fekk meir kontroll på han. Vi kjempa oss tilbake i kampen og utlikna på stillinga 6-6 etter halvspelt første omgang.  Då hadde Jon Andreas Kornberg fått stilt inn kanona og skora på fleire langskot. Uten Preben Indrebø som hadde fått fri idag vart det mykje ansvar på dei andre bakspelarane. 

Ein som tok dette ansvaret var Sindre Flatjord. Han var kampens stor profil, og presterte årsbeste idag. Han spelt opp andre, skora på langskot og finta seg gjennom forsvaret gang på gang. Når vi tar med at han er også var god bakover og sette alle straffene, blir det terningkast 6 idag.

På slutten av omganen byrja det å røyne litt på kreften. Vi brende for mange gode målsjangsar idag, og mot slutten av omgangen opparbeidde Eid seg ein fem målsleiing, og vi gjekk til pause med resultatet 17-11.

Vi kom ikkje nærare i andre omganen heller og Eid auka jevnt og trutt utover omgangen og vann til slutt klart 32-22.

Sjølv om vi tapte med 10 mål i dag var det mykje positivt å ta med seg frå kampen. Eirik Hovstad hadde ein god kamp på venstre bakspelarposisjon, der han gang på gang fekk sett opp kantsplarane vår. Bjørnar Eikenes skora mål og laga 3 straffer og er uredd i satsingane sine. Det same kan seiast om dei andre kantspelarane våre som verkeleg prøvde mykje idag. Når uttellinga vert litt betre skal vi bli vanskelege å slå.

Når vi til slutt nemner Marius på strek som lagar mål på omtrent alt han får å jobbe med er trenaren ganske nøgd med innsatsen sjølv om tapet skulle ha vore litt mindre.

Vi fekk 6 utvisningar idag mot Eid sine 3. Dette viser at innsatsen har vore på topp, sjølv om vi ikkje var einige i alle 2minutterane vi fekk.

Desse var med: Ole Kristoffer Sørland, Håvard Husevåg, Jon andreas Kornberg 5, Sindre Flatjord 12, Håvard Magnus Torvanger, Bjørnar Eikenes 1, Marius Moritsgård 3, Arne Nybø Gangeskar, Eirik Hovstad 1, Runar Hellerud, Hans Kristian Seim Arnestad, Tormod Aske.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.