Klar seier til G-16 i Årdal
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Nov 2013
Vi hadde venta oss ein vanskeleg bortekamp mot sogningane denne dagen. 97-årgangen til Årdal vart nr. 2 i serien i fjor og hadde mange gode spelarar. No viste det seg at heile gjengen var slutta å spele handball, og at det var 98-lagen vi skulle møte.
Det vart ikkje noko motstand for våre gutar som etterkvart tok kampen som ei god treningsøkt. Pauseresultatet var 17-4 og gutane stod veldig godt i forsvar. Det som kom av langskot og gjennombrot tok ein knakande god målvakt Håvard Husevåg seg av.
I andre omgang var det imponerande å sjå at dei greidde å halde konsentrasjonen oppe og mange fekk vist seg fram i denne kampen. Spesielt gledeleg var at vi fekk laga ein del mål frå kant der Bjørnar Eikenes, Hans Kristian Arnestad og Runar Hellerud tilsaman laga 9 mål.
Neste helg er det ein vanskeleg bortekamp mot Eid/Haugen og då får vi ein peikepinn på kor gode vi eigentleg er.
Desse var med: Ole Kristoffer Sørland, Håvard Husevåg, Jon Andreas Kornberg 7, Sindre Flatjord 5, Håvard Magnus Torvanger, Bjørnar Eikenes 3, Marius Moritsgård 5, Arne Nybø Gangeskar 2, Eirik Hovstad, Runar Hellerud 3, Hans Kristian Seim Arnestad 3, Preben Indrebø 7, Tormod Aske.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019