Solgunn Alme var lyspunktet då K4 damene tapte mot Florø
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Okt 2013
I kveldens kamp i 4.divisjon mellom heimelaget GHK og Florø, var det gjestane frå kystbyen som var det beste laget. Til slutt stod det 14-29 til Florø.
Solgun Alme var heimelaget sin suverent beste spelar i kveldens kamp.
I starten av kampen hang våre jenter bra med. Sjølv om Florø heile tida var eit par mål føre, klarte dei ikkje å rykke frå før heilt fram mot pause. I andre omgong vart heimelaget hardt straffa for mange personleg feil, og Florø drog sakte men sikkert frå i målprotokollen. Det ein sakna mest frå heimelaget si side, var nok trykket mot mål i etablert angrep. Det store lyspunktet for heimelaget, var keeper Solgun Alme. Ho stod fram som både heimelaget, og kampens store profil.
Sjølv om det vart tap, var jentene i godt humør etter kampen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019