G18 til Bergen i helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Sep 2013
GHK sitt gode G18 lag, reiser denne helga til Bergen for å delta i Thon Hotels Sport Cup. Dette er ei turnering med mange gode lag, så våre gutar får verkeleg testa nivået sitt her. Trenar Bjørn Roth-Andenes reiser med ei 14 manns stor tropp, men har nokre fråfall av spelarar som ikkje er disponible denne helga. I tillegg er det litt småsjukdom i troppa, men gutane reiser med innstilling om å bite godt frå seg. Fredag kveld skal vi møte Drammen, medan vi laurdag skal møte både Kjøkkelvik og Sotra M02. På søndag ventar Fjellhamar og FyllingenBergen. Tøft program, men gutane likar det :-)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019