Framleis spel i 3.div. Tap for damelaget mot Os
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2013
Og for å ha sagt det med ein gong, 3.div er nok det nivået damene er på pr i dag. Etter ein jevn start på kampen, var Os heile tida føre våre damer i målprotokollen. For mange personlege feil og svake avslutningar førte til fleire og fleire kontringar til Os, som dei utnytta til fulle. Sjølv om GHK var kun to mål bak til pause, vart det meir og meir klart utover i andre omgong at Os 2 var det beste laget. Heidi Sægrov vart kåra til heimelaget sin beste spelar, og var saman med Elise H Hansen mestskårande med 7 mål. Damelaget har no kun ein kamp att av årets sesong, heimekamp mot botnlaget Bjørnar 2.
Desse var med i dag: Heidi Sægrov(7), Elise H Hansen(7), Torill Henden Gaasø(2), Irene Slagstad(1), Ragnhild Ryssdal(3), Ingrid Gimmestad, Elisabeth Hansen, Ingunn Berg, Sintija Teicane(2), Benedikte Gåsemyr.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019