Månadens talent/Årets talent i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2012
I samarbeid med ein av våre hovudsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane, skal vi som eit ledd i vår talentutvikling kvar månad kåre månadens talent i aldersgruppa 15-19 år. Dette gjeld månadane oktober, november, desember, januar og februar. I mars skal vi kåre årets talent (gut eller jente). Årets talent treng ikkje vere nokon av månadsvinnarane.
Månadens talent (gut eller jente), vil få eit Visa gåvekort pålydande kr. 500,-. Årets talent vil få eit Visa gåvekort pålydande kr. 2500,-. Kriteriane for tildeling vil vere ting som treningsiver/frammøte, innsats på trening, utvikling som spelar og innsats i kamp. Jury vil vere trenarkorpset og leiar i GHK. Prisen vert delt ut i samband med ein heimekamp i Firdahallen, der prisvinnar deltek. Prisane for oktober og november vert delt ut i samband med kampane i Firdahallen neste helg (15. og 16. des).Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019