Inspirerande foredrag av Eigil Indstebø
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Apr 2012
Ein stad i overkant av 60 personar møtte opp då Eigil Indstebø held foredrag om behandling og førebygging av idrettsskader i lokala til SFE i kveld. Her var både aktive og trenarar frå fleire ulike lag, og alle fekk beskjed om kor viktig det er å trene allsidig.
Eigil Indstebø held eit engasjerande foredrag.
Indstebø gjekk gjennom kroppen frå botn til topp, då han forklarde ei lydhør forsamling om årsaker til skader, behandling av skader, og ikkje minst korleis ein trenar seg opp att etter skade. Han var og krystallklår på kor viktig det er å trene allsidig, for å styrke kroppen i alle ledd. Gledeleg nok var det mange aktive handballspelarar frå GHK som var møtt fram, samt ein del frå trenarteamet og styret. GHK vil takke GFIL for initiativet til kvelden, og Eigil for ei framifrå gjennomføring.
Overtråkk?? I kveld fekk vi svaret korleis ein i så fall trenar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019