Gutelaget slo SUMlaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Feb 2012
GHK sitt gutelag slo i dag SUM96gutar 30-24 i ein treningskamp i Firdahallen, etter å ha leia 17-8 til pause. Kampen var eit ledd i SUMsamlinga som har vore i Firdahallen denne helga, under leiing av damelaget sin trenar Øyvind Indrebø. Gutelaget vann kampen mykje på grunn av sin overlegne fysikk og var sjølvsagt også eit meir samspela lag.
Deltakarane på helgas SUM samling
Etter denne kampen måtte SUMgutane ut i ein internkamp, så det var dyktig slite handballspelarar som reiste heim att ut på ettermiddagen i dag. I tillegg hadde dei også ei treningsøkt tidleg på føremiddagen i beina.
Slik vil eg ha det... Øyvind i kjent stil :)
Øyvind Indrebø er nøgd med det han såg iløpet av desse to dagane, og at det gror godt i handballmiljøa rundt om i fylket er heilt sikkert. Han rettar òg ei stor takk til Magne Morritsgård og Jonas Alander som har lagt forholda til rette for samlinga i regi av GHK.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019