Tap for GHK herrane også i dagens kamp i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Des 2011
GHK sitt herrelag møtte i dag eit av topplaga i 2.divisjon til kamp i Haukelandshallen. Etter gårsdagens svake kamp mot Bergen Vest, var ikkje forhåpningane store til dagens kamp. Likevel leverer gutane i dag ein heilt anna kamp enn i går. Dei gir Viking solid motstand i store delar av kampen, sjølv om dei til slutt taper 35-21.
Jens Chr Andenes spelte ein god kamp i dag (Arkivbilde)
Helgas sjåfør, Gunnar Kjørvik, fortel på telefon frå Bergen at GHK opna strålande og leia tidleg 3-1. Viking kom ajour og laga kniva jamt heile første omgong. Den store skildnaden på laga var at Viking sette skota i mål der GHK bomma. Den same trenden held fram også i andre omgong. I ein jamn og velspelande kamp er det Viking som skårar mest og vinn fortjent, men meldingane frå Bergen seier at med same kampmoral i gårsdagens kamp mot Bergen Vest som dei hadde i dag mot Viking, hadde 2 poeng vore med bussen heim att til Sandane.
Forhåpentlegvis kjem det meir frå desse kampane når trenaren er heime att og får analysert Bergensturen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019