Gutane/herrane si helg - Damene spelar måndag
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2011
I helga er det duka for 3 kampar med GHK lag innvolvert. Herrelaget reiser til Bergen for dobbeltkamp der, medan GHK sitt andrelag for gutar tar imot Haugen/Eid på heimebane i Firdahallen. Damelaget i 3.divisjon reiser til Sogndal måndagskvelden for å møte heimelaget der.
Bjørn Roth Andenes tar med seg herrelaget til Bergen for å spele dobbelkamp der. Lørdag står Bergen Vest på motsatt banehalvdel. Dette er ein nøkkelkamp for å unngå å ligge nede i "sørpa". Bergen Vest ligg sist på tabellen, så her har gutane våre store moglegheiter for ein kjærkomen to-poengar. Kampen går i Sandslihallen kl.15.25.
Søndagens kamp mot Viking vert nok langt tøffare. Viking ligg på tredjeplass og er eit svært godt heimelag. Men med full tenning og lave skuldrar er ingenting umogeleg for GHK sitt herrelag. På sitt beste er dei på høgde med Viking. Spanande kamp i Haukelandshallen kl. 13.00!!
GHK sitt G16-2 (15 åringane) skal møte Haugen/Eid på heimebane i Firdahallen på lørdag. Haugen/Eid slo 1.laget vårt sist, og er nok innstilt på nye poeng her. Men dette 15 årslaget vårt har synt før at det kan hamle opp med andre lag, og underteikna vert ikkje overraska om poenga vert verande att i Gloppen. Synd at strategen Erlend Ulvestad ikkje kan vere med denne helga, men her må andre trø til. Kampen går kl. 14.00.
Måndagskvelden skal så GHK sitt 3.divisjonslag for damer til Sogndal for å møte heimelaget. Utifrå kampen sist mot BSI, trur eg damene våre vil ta med seg 2 poeng opp att gjennom Sogndalsdalen. GHK og Sogndal har like mange poeng før denne kampen, men likevel trur vi Hege & Co har så lyst på denne sigeren at Øyvind ikkje treng heve stemma for å tenne jentene.
Lykke til!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019