VM-Manager, ein triller
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Des 2011
Årets konkuranse på Sjedu Cup er byrja å utvikle seg til ein skikkeleg triller der mange har fått oppleve både opp- og nedturar. Sjeducupen har rekordmange deltakarar i år (32) og det er skikkeleg tøft å henge med i toppen. Etter runde 4 har Morits (Alex) gjort reint bord og toppar med 348, med Superawesome 346, (Lauritz) hakk i hel.
Edvin`s portofølje og Torbjørns som hadde den fine starten slit no med å henge med, medan laget Baljeveir (Ole) no verkeleg er byrja å plukke poeng. Han har plassert seg høgt oppe på side 1, men rykte seier at det er byrja å minke på bytta etter at heile laget fekk fyken etter den begredelege starten.
No byrjar cupspelet i VM, og det vert viktigare enn nokon gong å ikkje ha sløsa med bytta tidlegare. No kjem dei sann strategane til å tre fram og kven som går sigrande ut til slutt er framleis heilt ope.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019