June Andenes og Byåsen "rysta" erkerival Larvik
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Nov 2011
June Andenes og Byåsen held lenge stand mot eit av verdens beste klubblag, Larvik i kveldens kamp i eliteserien for kvinner i Larvik Arena. Gloppejenta June synte ingen respekt og var ein av første omgong sine store profilar. Frå sin strekposisjon laga ho fleire flotte mål, i tillegg til å skaffe laget sitt fleire straffekast. Sjølv om Byåsen leia til pause og var føre også midtvegs i andre omgong, heldt det ikkje heilt inn. Larvik vann til slutt 27-24. Men June Andenes syner at det går an å verte kanongod, sjølv om ein kjem frå "vesle" Gloppen!
![]() |
Gloppen si store handballstjerne, June Andenes. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019