K5 damene slo Vik 24-20 etter sterk sluttspurt
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Nov 2011
GHK sitt 5.divisjonslag imponerte med sterk vinnervilje då dei klarte å snu kampen mot Vik på slutten og drog iland ein 24-20 siger, etter å ha lege under 10-11 til pause.
Glade jenter som bidrog med viktige skåringar i slutten av begge omgonger. Malin Eikenes og Sofie Djupegot jublar etter kampen. Begge skåra 6 mål kvar. |
Som i gårsdagens kamp mot Fjøra, gjekk jentene ut i hundre og tok ledelsen før minuttet var spela. Utover i omgongen held dei på leiinga, før Vik kom ajour og gjekk forbi med fleire mål og var ei stund oppe i 5 måls leiing. I denne perioden gjorde damene mange feil framover og vart hardt straffa av Vikjatausene for det. Fram mot pause tok heldigvis Sofie Djupegot ansvar og dundra inn 3 mål på rappen, slik at ein låg berre bak med 1 mål til pause, 10-11.
Malene Støylen med fleire viktige mål i andre omgong. |
Andre omgong var mykje lik den første ei god stund. Vik med nokre måls leiing, og GHK damene halsande bak. Sjølv om mykje gjekk imot i denne perioden var det likevel fantastisk flott å sjå at det gode humøret og spelegleda aldri forsvann. Sakte men sikkert kom jentene våre opp i ryggen på Vik og gjekk forbi. Mykje takka vere fotrappe Malin Eikenes som endeleg fekk skota til å sitte, arbeidsmauren på strek Sigrid Kissner og ikkje minst Malene Støylen som også sette inn fleire mål i denne perioden. Når så Sofie Djupegot putta ei par nye mål mot slutten, tok jentene ein fortjent 24-20 siger til stor jubel frå eit entusiastisk heimepublikum. Mange spelarar nemnt, men ingen er gløymt. To gode keepera i Benedikte Vederhus og TV kokk Bodil Fjellestad, samt ein "tung" venstrearm frå Jenny Holvik var òg med og bidrog til sigeren. Som før sagt, det er moro å sjå spelegleda til desse jentene.
Trenar Ragnhild måtte ta timeout for å minne jentene om at dei måtte skjerpe seg. Det gjorde dei til gangs! |
Desse var med: Eline Aasebø (2), Hildegunn L Otnheim (1), Sigrid Kissne (2), Sigrid Fjellestad, Kristine S Book (1), Benedikte Vederhus, Turid V Aspheim, Bodil Fjellestad, Malin K Eikenes (6), Sofie Djupegot (6), Jenny Holvik (2), Beate Støfring, Malene Støylen (4).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019