Spanande kamp då K5 laget spela uavgjort mot Fjøra
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Nov 2011
GHK sitt damelag i 5.divisjon synta varierande spel då dei spela uavgjort 21-21 mot Sogndalslaget Fjøra, etter å ha leia 13-12 til pause.
Varierande spel av jentene i dag |
GHK opna kampen med høgt balltempo og tok sine litt eldre motstandardamer på senga. Før kampuret synte 7 minutt, var GHK føre med 6-0 blant anna etter 2 flotte stegskot av Sofie Djupegot. Fjøra fekk sitt første mål på starffe etter 8 min. 7-1 kom ved Tiril S Reed, før Beate Støfring la på til 8-3 etter flott spel. Marie Midthjell vart nydeleg frispela og skåra til 9-4, før fotrappe Malin Eikenes rusha inn 11-5. Så byrja det å stokke seg litt for jentene i angrep og Fjøra seig sakte men sikkert innpå. Sjølv om Benedikte Vederhus varta opp med fleire flotte redningar, kunne ho ikkje hindre at Fjøra kom heilt opp i ryggen på heimelaget til pause.
Toppskårar Malin set einn eit av sine mål på straffekast |
I andre omgong var det stort sett Fjøra som var i førarsetet med opp til 3 og 4 mål føre heimelaget. Det gjekk 5 min av omgongen før Sigrid S Kissner sette inn heimelagets første mål i andre omgong på ein retur. Likevel gav heielaget aldri opp og kjempa seg opp til uavgjort 21-21 når det var 2 min att av kampen. Dette resultatet stod seg kampen ut og må seiast å vere eit greit resultat slik kampen utvikla seg. Ny kamp for damene er i morgon mot Vik.
Desse var med: Benedikte Vederhus, Bodil Fjellestad, Eline Aasebø (1), Hildegunn L Otnheim (1), Aina H Elvebakk, Sigrid S Kissner (2), Sigrid Fjellestad (1), Marie N Midhjell (2), Malin Eikenes (6), Sofie Djupegot (3), Tirill S Reed (1), Beate Støfring (4) og Kristine S Book.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Gloppen Handballklubb

Sesongavkast på Eid laurdag 9.september
11.09.2023

NM-kamp for herrane: GHK - Bergsøy
13.08.2023

Er du trenaren vi er på jakt etter?
07.06.2023
Klubbdagar på Intersport
12.09.2021
GHK- BASAR
05.02.2019